Hopp til innhold
X
Innhald

Ingrid Geithus

Ingrid Geithus var bonde i Sogn og debuterte som forfattar då ho var 86 år gamal.

Ingrid Geithus, fødd Skarstein, var fødd 31. desember 1920 på Skarstein ved Berle i Bremanger og døydde 17. november 2011 i Vik i Sogn.

Som så mange i hennar generasjon måtte ho ta seg arbeid utanfor heimen så snart ho var konfirmert, den første tida som tenestejente hos ulike arbeidsgivarar. I 1940–41 arbeidde ho på vaskeriet ved Bremanger Smelteverk i Svelgen, og i åra 1942–44 var ho tilsett på kjøkkenet ved Gloppen tuberkuloseheim på Sandane. Deretter vart det eitt år på husmorskulen i Stryn, med eksamen våren 1945.

Frå hausten 1945 var ho tilsett ved Grefsen folkesanatorium i Oslo. Her var ho i eitt år. Hausten 1946 forlova ho seg med Bjarne Geithus frå Sogn, som ho hadde vorte kjend med då ho arbeidde på stølen i Geithus sommaren 1945. Dei to gifte seg i 1947, og frå då av var ho bonde på Geithus, ei veglaus bygd på sørsida av Sognefjorden.

Geithus debuterte som forfattar med diktsamlinga Ferdaskrinet i 2006. To år seinare kom Fjelldronninghagen, ei forteljing for barn om to unge gutar og deira opplevingar i natur og nærmiljø. Doggdropar i gamalt gras (2011) inneheld ti forteljingar og 30 dikt. Geithus, den gamle garden (2006) er ei gardssoge for staden ho budde på, med detaljerte opplysningar om driftsmåte, bygningar, stadnamn og historie.

Geithus henta stoff til både dikt og forteljingar frå det vestnorske fjord- og kystlandskapet, frå ei tid som fell saman med hennar eigen oppvekst i første halvdel av 1900-talet. I dikta skriv ho både i bundne og i frie former. Natur- og arbeidsglede er sentrale verdiar i diktinga hennar, saman med toleranse, truskap og pliktkjensle.


Kjelder

Telefonsamtale med Per Olav Geithus 6.1. og 14.1.2019

Peikarar

Forfattarside om Ingrid Geithus på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Først publisert: 29.04.2019
Sist oppdatert: 06.05.2019