Hopp til innhold
Ingunn van Etten. Foto: Kraftmuseet – Norsk vasskraft- og industristadmuseum (1988–90). Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: I-HF0355. CC BY-NC-SA 4.0.
Ingunn van Etten. Foto: Kraftmuseet – Norsk vasskraft- og industristadmuseum (1988–90). Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: I-HF0355. CC BY-NC-SA 4.0.
X
Innhald

Ingunn van Etten

Ingunn van Etten, biletkunstnar og skulptør med utstillingar i inn- og utland, illustrerer bøker og bokomslag og har sjølv skrive barnebøker.

Ingunn Margrethe van Etten er fødd i Ullensvang i Hardanger 12. februar 1950. Ho tok kunstutdanning i Belgia i 1972–75 og gjekk Statens lærerskole i forming i Oslo i 1977–78. I 1976 debuterte ho med ei separatutstilling på Hardanger Folkemuseum. I 1979 var ho representert på Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga) med «Sangen om en fugl». Første utstilling utanlands var som illustratør i Tyskland i 1991. På 2000-talet har ho hatt utstillingar i Nederland, Korea og USA – og over heile Hordaland.

Bileta til van Etten har ofte barn og dyr som motiv, naivistisk framstilte og måla i duse fargar. Figurane og landskapa er harmoniske, med løyndomsfulle detaljar. I sine eigne to barnebøker, Trollkjerringa i Hausafjellet (1999) og Meistersmeden (2002) gjenfortel ho lokale segner og manar fram stemningar med fargesterke teikningar. Ho er oppteken av å formidle lokal kulturarv til både barn og vaksne. Då Trollkjerringa kom, inviterte ho småskuleungar frå heile Hardanger til trolldag på Hardanger Folkemuseum. I 2005–06 turnerte ho med Den kulturelle skulesekken og snakka om kunsten sin. Ho illustrerte Folkesongar i Hordaland i 1999 og Kvardagsord, utgitt av Ullensvang Mållag, i 2017.

Van Etten er aktiv i den tverrfaglege kunstnargruppa Hardanger Puls, der ho har hatt styreverv i mange år.

 

Kjelder

Nina Goga: «Folkeminne for barn», Bergens Tidende 13.11.1999, Atekst [lesedato 5.1.2019]

 

Ingunn van Etten: CV, hardingpuls.no, publisert 2018: http://www.hardingpuls.no/Kunstnarar/Biletkunst/Etten,%20Ingunn%20van/Ingunn%20van%20Etten%20CV%20pr_%202018.pdf [lesedato 12.1.2019]

May Grethe Lerum: «Fargesterkt utan nerve», vg.no, sist oppdatert 7.6.2014: https://www.vg.no/rampelys/bok/i/OnndB3/fargesterkt-utan-nerve [lesedato 12.1.2019]

 

Peikarar

Bilete og skulpturar av Ingunn van Etten, google.com

Bilete og skulpturar av Ingunn van Etten, Berlin 2011 og 2012, hardanger-berlin.no

Først publisert: 30.04.2019
Sist oppdatert: 30.04.2019