Hopp til innhold
Ingvar Nistad. Foto: Sverre Kvamme / Samlaget.
Ingvar Nistad. Foto: Sverre Kvamme / Samlaget.
X
Innhald

Ingvar Nistad

Ingvar Nistad er lærar, forfattar og keramikar frå Sunnfjord, som sameiner poesi og forteljing i prosalyriske tekstsyklusar.

Ingvar Nistad er fødd 3. oktober 1954 på Nistad i Fjaler i Sunnfjord. Etter eksamen ved Flora vidaregåande skule i 1973 gjekk han lærarskulen i Sogndal, med eksamen i 1977. I 1983 tok han diplomeksamen ved Kunsthøgskolen i Bergen, og i 1986 eksamen i kunsthistorie grunnfag ved Universitetet i Bergen.

Nistad var i mange år lærar i grunnskulen, men sidan 1998 har han vore tilsett ved Fusa vidaregåande skule i Hordaland, der han underviser i formgivingsfag, kunstfag og kunsthistorie. Han er busett i Strandvik.

Keramikaren Nistad har vore med på fleire utstillingar, mellom anna på Hå gamle prestegard i 2006 og på Vestlandske Kunstindustrimuseum i 1995. Han er innkjøpt av Norsk kulturråd og Vestlandske Kunstindustrimuseum.

Nistad har publisert litterære tekstar sidan 1980-åra, mellom anna i tidsskrifta Basar, Sogn og Fjordane Magasin, Vagant, Vinduet og svenske Ord & Bild. Han var representert med åtte dikt i Vinduet sitt debutantnummer i 1992.

I bokform debuterte Nistad med diktsamlinga Eg les denne steinen i 2000. Seinare har han gitt ut Dagane i Cholpon-Ata i 2008 og Under Säfstaholmen i 2018. Også dei to siste bøkene har sjangernemninga «dikt», men i begge desse samlingane kombinerer Nistad det lyriske og det episke i korte prosadikt – situasjonsbilete, dialogar, episodar og stemningar. Både Dagane i Cholpon-Ata og Under Säfstaholmen er prosalyriske tekstsyklusar, bundne saman av persongalleri, perspektiv og geografi.

Can I touch this? (2001) er ei dansk omsetjing av eit utval lett surrealistiske dialogar. Tekstane skildrar møte og samtalar mellom to fiktive personar, kalla Ingvar Nistad og Linda Evangelista. Den siste er namnet på ein kanadisk supermodell som vart verdskjend i 1980- og 90-åra.

 

Kjelder

E‑postar frå Ingvar Nistad 29.9. og 21.11.2018

 

Peikarar

Ingvar Nistad: Eg les denne steinen. Oslo 2000. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Forfattarside om Ingvar Nistad på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Først publisert: 14.06.2019
Sist oppdatert: 14.06.2019