Hopp til innhold
X
Innhald

Ingvild Smines Tybring-Gjedde

Ingvild Smines Tybring-Gjedde, master i leiing, FrP-politikar, tidlegare statssekretær i Olje- og energidepartementet og minister for samfunnstryggleik frå 2019.

Ingvild Smines Tybring-Gjedde er fødd 8. juli 1965 i Oslo. Ho var elev ved Kristelig gymnasium i 1981–84, blei NDT-teknikar ved Force Institutes i Danmark i 1991 og tok grunnfag i marknadsøkonomi ved IB i Stavanger i 1996–97. Ho blei høgskulekandidat i 1998, var ferdig med ein bachelorgrad i internasjonalisering og leiing i 1999 og tok to mastergradar i Management Program ved BI i 2001–02 og 2004–05.

Ho arbeidde ved Fornebu Lufthavn i 1986–87, var dagleg leiar ved Ut-veg as i 1988–90, opplærings- og sikringsleiar ved TKT AS i 1990–92 og seksjonsleiar ved Grøner Offshore 1992–94. Frå 1999 til 2005 arbeidde ho først som prosjektkoordinator og deretter som leiar for petroleumskompetanse ved BI i Stavanger. Ho arbeidde som regionsansvarleg og seinare sektorleiar for Innovasjon Noreg i 2005–10 og 2011–14 og var seniorrådgivar i Utanriksdepartementet i 2010–11 og 2014–15. I 2015 blei ho statssekretær i Olje- og energidepartementet og minister for samfunnstryggleik frå 2019.

Tybring-Gjedde er den første ministeren for samfunnstryggleik, eit område som ligg under Justisdepartementet. Når det gjeld partipolitisk arbeid, var ho styreleiar i Frogner FrP i 2010–15 og varamedlem i bystyret i Oslo i 2011–14. Ho har arbeidd lenge i den mannsdominerte sektoren olje- og energibransjen, er feminist og arbeider for at kvinner skal ha leiande posisjonar i samfunnet. Tybring-Gjedde har tidlegare uttalt at ho ikkje stoler på journalistar, og meiner at både mannen hennar og Framstegspartiet har fått for hard medfart i media.

Tybring-Gjedde var president i Hafrsfjord Rotary i 2006, styremedlem i Familiestiftelsen i 2008–09 og styremedlem i Solvang ASA i 2006–10. Ho var vararepresentant i Kringkastingsrådet i 2013–15 og medlem av 17. mai-komiteen i Oslo i 2014–15. Ho er gift med stortingsrepresentant for FrP Christian Tybring-Gjedde.

Kjelder

Ingvild Smines Tybring-Gjedde, profil, regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/regjeringen-solberg/andre-dokumenter/oed/2015/statssekretar-ingvil-smines-tybringgjedde/id2467818/ [lesedato 26.1.2019]

Siv Sandvik ofl.: «Kalte journalister ondsinnede: – Bakgrunnen var en personlig erfaring», nrk.no, sist oppdatert 22.1.2019: https://www.nrk.no/norge/smines-tybring-gjedde-er-norges-forste-samfunnssikkerhetsminister-1.14394246 [lesedato 26.1.2019]

Rita Karlsen: «Jenta frå Goruddalen», rights.no, sist oppdatert 11.6.2018: https://www.rights.no/2018/06/jenta-fra-groruddalen/ [lesedato 26.1.2019]


Peikarar

Heidi Schei Lilleås: «Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde nektet å dra til Iran i hijab», nettavisen.no, publisert 16.2.2017

Ingvild Silseth: «Tybring-Gjedde: – Jeg stoler på journalister», vg.no, publisert 22.1.19

Først publisert: 29.04.2019
Sist oppdatert: 29.04.2019