Hopp til innhold
X
Innhald

Innvandrar

Ein innvandrar er ein person som flyttar til eit anna land enn fødelandet for å busetje seg der. «Innvandrar» er eit sekkeomgrep som dekkjer ulike grupper, uavhengig av kva grunn dei har til å flytte.

I norsk offentleg forvaltning er ein innvandrar ein person som har opphaldsløyve og bur i Noreg, men som er fødd i utlandet av to utanlandsfødde foreldre.

 

I 2016 busette 50 500 innvandrarar seg i Noreg, ifølgje Folkeregisteret. Av desse kom 16 500 gjennom familieinnvandring, 15 200 var på flukt, og 14 400 kom som arbeidsinnvandrarar (tala er avrunda). Ei mindre gruppe kom for å ta utdanning. Nordiske statsborgarar blir ikkje rekna med i denne statistikken.

 

Ved inngangen til 2017 budde det om lag 725 000 innvandrarar i Noreg.

 

I offentleg debatt blir norskfødde born av innvandrarforeldre av og til omtalte som innvandrarar. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein eigen kategori i den offentlege statistikken, men blir i somme statistikkar slått saman med innvandrarar.

 

Innvandring til Noreg er regulert gjennom utlendingslova. I hovudsak må utlendingar søkje om, og få, opphaldsløyve før dei kjem til Noreg. Unntaket er personar som bed om vern (asylsøkjarar), som kan søkje om opphaldsløyve etter at dei kjem til landet. Den gjeldande utlendingslova tok til å gjelde 1. januar 2010. Sidan er det gjort fleire lovendringar, med det føremålet å gjere det vanskelegare å få opphald i Noreg. Noreg er også bunde av internasjonale avtalar, mellom anna EØS-avtalen og Schengen-samarbeidet, som påverkar reguleringa av innvandring.

 

Med auka globalisering og det at folk flyttar på seg i stadig større grad, er innvandring dei seinaste tiåra blitt eit av dei mest omstridde politiske spørsmåla både i Noreg og i mange andre land. Til dømes er dei høgrepopulistiske politiske rørslene som har vakse fram i mange vestlege demokrati sidan tusenårsskiftet, samstemte i motstanden sin mot innvandring.

 

Utvikling

Det har alltid kome innvandrarar til Noreg, men kor mange dei er, og kvar dei kjem frå, endrar seg heile tida, som følgje av faktorar som krig og konflikt eller endringar på arbeidsmarknaden. Frå mellomalderen og utover var innvandrarane gjerne fagfolk og spesialistar innanfor ulike typar handverk og handel. Desse innvandrarane, til dømes hanseatane i mellomalderen og bergverksekspertar på 1600-talet, var uunnverlege for oppbygginga av dei viktigaste næringane i Noreg den gongen. I unionstida med Danmark utgjorde danske innvandrarar store delar av eliten i den norske samfunnet.

 

På 1800-talet kom det fleire ufaglærte arbeidsinnvandrarar frå dei nordiske landa og Europa, aller flest frå Sverige. Frå tidleg i 1960-åra byrja Noreg å få arbeidsinnvandrarar frå fjernare land. Sidan har talet på innvandrarar til Noreg auka sterkt.

 

Etter EU-utvidingane i 2004 og 2007 blei innvandringa dominert av arbeidsinnvandrarar frå austeuropeiske EU-land. Reglane i EØS-avtalen om «fri flyt av arbeidskraft» inneber at borgarar av EU/EØS-land som har gyldig pass, kan opphalde seg i Noreg i tre månader, men utan å ha rett til velferdstenester. Blir dei lenger enn tre månader, må dei registrere seg, og dei må dokumentere at dei anten er i arbeid, under utdanning eller har midlar til å forsørgje seg sjølve.

 

Regulering

Innvandring har vore regulert i ulik grad opp gjennom åra. Kristian 5.s norske lov frå 1687 regulerte innvandringa gjennom passplikt for inn- og utreisande til landet, og dessutan ved reise innanlands for visse grupper. Lova slo fast at personar som ikkje vedkjende seg den lutherske læra, spesielt jødar, munkar, jesuittar og andre katolske geistlege, ikkje var velkomne i riket. «Lausgjengarar» og taterar skulle òg haldast ute.

 

I 1860 blei passplikta oppheva, og ein trong ikkje lenger pass, verken for å reise inn i landet eller ut av landet. Kommisjonen som utgreidde endringa, drøfta det dei såg som den største faren ved å oppheve passplikta, nemleg at vernepliktige enkelt kunne reise ut og dermed unndra seg verneplikt, noko som kunne føre til at landet sto utan eit fungerande forsvar i fall det skulle bli krig. Det blei difor laga ei føresegn i lova om at passplikt kunne bli innført på nytt i krigstid.

 

Under første verdskrigen auka straumen av reisande gjennom Noreg, og staten ønskte difor å ha betre kontroll med utlendingar som oppheldt seg i landet. I 1917 blei det på nytt innført passplikt ved innreise.

 

I 1927 blei den første samla framandlova innført. Der heitte det at arbeidsinnvandrarar måtte skaffe seg arbeidsløyve før dei reiste inn i landet. Lova gav òg uttrykkjeleg innreiseforbod for sigøynarar. I 1934 blei 68 sigøynarar, dei fleste norske statsborgarar, nekta innreise til Noreg på bakgrunn av denne lova, då dei ville søkje tilflukt frå Hitlers Nazi-Tyskland. Konsekvensen var at dei fleste døydde i konsentrasjonsleirar i Tyskland. Dei få sigøynarane med norsk tilknyting som overlevde andre verdskrigen, blei på nytt avviste då dei prøvde å kome til Noreg etter krigen.

 

Lova frå 1927 er erstatta fleire gonger. I 1956 blei sigøynarparagrafen oppheva, men erstatta av ei formulering om at omstreifarar kunne nektast innreise, noko som i praksis gjorde at staten kunne halde fram med å stengje sigøynarar ute. Samstundes blei retten til politisk asyl lovfesta, som følgje av at Noreg hadde ratifisert FNs flyktningkonvensjon av 1951.

 

I den gjeldane utlendingslova er det gamle skiljet mellom opphalds- og arbeidsløyve oppheva, slik at opphaldsløyve no medfører arbeidsløyve. Lova seier òg at personar som med rette fryktar for forfølging, har rett til opphald.

 

Kjelder

Jan Alexander Svoboda Brustad: «Norske romers skjebne under andre verdenskrig», norgeshistorie.no, publisert 25.11.2015: http://www.norgeshistorie.no/andre-verdenskrig/artikler/1752-norske-romers-skjebne-under-andre-verdenskrig.html [lesedato 25.1.2018]

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet: «Ord og begreper. Definisjoner på ord og uttrykk som brukes på innvandrings- og integreringsfeltet», imdi.no, sist oppdatert: 7.12.2015: https://www.imdi.no/om-integrering-i-norge/ord-og-begreper/ [lesedato 24.1.2018]

Jan Eivind Myhre: «På flyttefot til og innen Norge», norgeshistorie.no, publisert 25.11.2015: http://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/kommunikasjon-og-kunnskap/1505-pa-flyttefot-til-og-innen-norge.html [lesedato 25.1.2018]

NOU 1994: 13 Passlov, regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-1994-13/id139554/ [lesedato 25.1.2018]

NOU 2004: 20 Ny utlendingslov, regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2004-20/id387326/ [lesedato 25.1.2018]

Statistisk sentralbyrå: «Innvandrere etter innvandringsgrunn», ssb.no, sist oppdatert: 19.6.2017: https://www.ssb.no/befolkning/statistikker/innvgrunn/aar [lesedato 25.1.2018]

Først publisert: 26.04.2018
Sist oppdatert: 05.12.2018