Hopp til innhold
Irene Larsen. Foto: Yngve Olsen Sæbbe. Nytta etter avtale.
Irene Larsen. Foto: Yngve Olsen Sæbbe. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Irene Larsen

Irene Larsen er lyrikar og lærar. Den sjøsamiske bakgrunnen hennar gir farge til ein kontrastfylt og biletrik poesi om det nordnorske livet i historisk, mytologisk og moderne perspektiv.

Irene Karin Kristin Larsen er fødd 22. februar 1964 i Skjervøy kommune i Nord-Troms. Ho har lærarutdanning frå Tromsø lærerhøgskole (1984–87) og ein mastergrad i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Tromsø (2008–12). Frå 2015 arbeider ho som norsklektor og har vore tilsett ved lærarutdanninga ved Tromsø arktiske universitet. Ho har òg teke på seg oppdrag for Den kulturelle skulesekken.

Larsen sin lyrikk er prega av samisk kultur, kvardagsliv og mytologi, i samspel med det moderne, urbane og globale. Forfattaren nyttar mange kontrastar, mellom tradisjon og samtid, det lystige og det mørke, det friske, frodige og dei djupe botnane. Språket er sterkt, fortetta og rikt på uventa vendingar og bilete.

Ho debuterte i 2005 med diktsamlinga Anemonepust, som vekslar mellom haikuform og prosalyrikk. Mennesket står i sentrum, i ei utforsking av landskap, språk, kropp og samanhengane mellom desse områda. Diktsamlinga Framtida er ein stad til høgre for tavlekanten (2008) tematiserer tid og rom, og utfordrar det målretta mennesket sitt behov for organisering. Fortid, religion og samisk mytologi gir kontrastar til samtida sitt lineære system. Samlinga Sortsolsafari (2013) kretsar rundt samisk naturmystikk. Hovudpersonen prøver å finne sin ståstad i spennet mellom fortid og notid.

Larsen er ein av arrangørane av litteraturfestivalen Ordkalotten i Tromsø. Frå mai 2020 er ho leiar i Foreninga samiske forfattere (Searvi sámi girječállide / Siebrre sáme girjjetjállijda), som blei stifta i 2019. I 2006 fekk ho Blixprisen for debutboka Anemonepust.


Kjelder

E‑post frå Irene Larsen 20.11.2019

 

Irene Larsen, bibliografi, litteraturnettnordnorge.no: https://litteraturnettnordnorge.no/irene-larsen/ [lesedato 12.11.2019]

Katharina Mortensen: «Tidligere medlemmer av forfatterforeningen Sámi Girječálliid Searvi har laget ny forening etter stor konflikt», itromso.no, sist oppdatert 30.5.2020: https://www.itromso.no/nyheter/2020/05/30/Tidligere-medlemmer-av-forfatterforeningen-S%C3%A1mi-Girje%C4%8D%C3%A1lliid-Searvi-har-laget-ny-forening-etter-stor-konflikt-21956303.ece [lesedato 29.6.2020]

Nordlys: «Blikk og bevegelse», nordlys.no, publisert 8.9.2008: https://www.nordlys.no/kultur/blikk-og-bevegelse/s/1-79-3771226 [lesedato 12.11.2019]

Tore Skadal: «Blix-pris til Troms-poet», itromso.no, publisert 2.9.2012: https://www.itromso.no/kultur/article61923.ece [lesedato 12.11.2019]

 

Peikarar

Elin Lindberg: «Å sy saman før og nå», bokmelding, elinlindberg.blog

Først publisert: 29.06.2020
Sist oppdatert: 29.06.2020