Teikninga viser at det meste av isfjellmassen er under vassflata.

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Velta isfjell
Når gamle, store isfjell veltar, viser dei ofte fleire hundre år med vindslipte sediment og mineralar, synlege som lagdanningar.
Av /National Science Foundation.

Isfjell er store ismassar som blir brotne laus når isbrear som går ut i havet eller innsjøar «kalvar». Dei største isfjella blir brotne laus av tidvatnet, medan mindre isfjell fell ned frå bratte brefrontar. Dei fleste isfjella i dei nordlege hava kjem frå Grønland og blir førte med Labradorstraumen heilt til Newfoundlandsbankane, der dei kan vera svært farlege for skipsfarten. Det er flest isfjell i mai, medan det er færrast frå august til januar. Dei rekk vanlegvis til cirka 43° nordleg breidde. Ein del mindre isfjell kjem frå andre arktiske landområde, som Svalbard.

I Sørishavet finst der svært store isfjell, vanlegvis flate på oversida med loddrette vegger. Dei blir brotne laus frå kantane av den antarktiske innlandsisen, som sig så langt ut over kontinentalsokkelen at isen flyt opp (shelf-is). Dei kan drive så langt nord som til 40° sørleg breidde. Dei største når opptil 60 meter over vatnet, og kan bli fleire tusen kvadratkilometer store.

Isfjell har normalt ei eigenvekt på cirka 0,9. Dimed vil rundt 90 prosent av massen til isfjellet vera under vatn.

I samband med global oppvarming og den stigande vasstanden i verdshava har ein vurdert om den gigantiske kalvinga i Antarktis speler ei rolle i dette. Fordi det ikkje er noka overflatesmelting i Antarktis (alt massetap går føre seg ved kalving av isfjell), og ismassen i Antarktis dessutan viser seg å vera forholdsvis stabil over tid, meiner forskarane at den stigande vasstanden heller kjem av at landbaserte isbrear på andre kontinent smeltar ned.

Etter Titanic-ulukka i 1912 blei det i det nordlege Atlanterhavet organisert ei internasjonal ispatruljeteneste (International Ice Patrol, IIP).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg