Hopp til innhold
X
Innhald

Israel-Palestina-konflikten

Israel-Palestina-konflikten er ein strid mellom to historisk undertrykte folk som klamrar seg til det same stykket land. Framleis er det inga løysing i sikte for den mest kompliserte konflikten i verda.

Den israelsk-palestinske konflikten braut ut etter andre verdskrigen, då europeiske kolonimakter byrja å trekkje seg ut frå Midtausten. Opphaveleg var det ein territorial konflikt, mellom to folk som gjorde krav på det same stykket land. Seinare har konflikten vorte ytterlegare komplisert, på grunn av spørsmål som returrett for palestinske flyktningar og tryggleiksomsyn for Israel. Konflikten har òg ei religiøs side, ettersom mange stader i Israel/Palestina er heilage i både jødedomen og islam.

Konflikten har ofte vore valdeleg, med mange krigsbrotsverk og uskuldige menneske drepne på begge sider.

Historisk bakgrunn

Konflikten kan sporast attende til 1880-åra, då jødar i Europa byrja å utvandre til Palestina, etter hundreår med europeisk antisemittisme og forfølging. Gjennom det britiske kolonistyret frå 1918 til 1947 surna forholdet i takt med auka jødisk innvandring og framveksten av jødisk og palestinsk nasjonalisme. I 1947 røysta medlemsstatane i FN for å dele opp britisk Palestina i ein jødisk og ein palestinsk stat.

Verken palestinarane eller dei arabiske nabolanda godtok delinga og gjekk til krig mot det nyoppretta Israel. Israel vann denne krigen og annekterte landområda som vart erobra frå palestinarane. Fleire hundre tusen palestinarar i Israel flykta til dei kringliggjande landa under krigen, og dei fekk ikkje lov av israelarane å dra heim etterpå.

Etter seksdagarskrigen i 1967 okkuperte Israel så resten av dei palestinske områda. Dei har vore kontrollerte av det israelske militæret sidan. Israel tillét gradvis utbygging av jødiske tettstader inne på palestinsk territorium. Palestinarar i det okkuperte territoriet har ikkje dei same rettane som israelarar, til dømes når det gjeld røysterett, arbeid, rørslefridom, helsetenester og anna velferd.

Palestinske standpunkt og krav

For palestinarane er heile Israel/Palestina deira historiske heimland. Dei har budd der samanhengande i fleire tusen år og utgjorde 96 prosent av befolkninga i 1880 og 67 prosent i 1947. Dette var hovudgrunnen til at dei ikkje aksepterte FN-delinga, og at ein del palestinarar framleis ikkje anerkjenner ein israelsk stat. I deira auge nytta Vesten palestinsk land til å betale attende gjelda som dei skulda jødane etter holocaust, og avgjorde dette gjennom ein organisasjon oppretta av Vesten sjølv (FN).

I dag aksepterer eit fleirtal av palestinarane ein israelsk stat, og dei nemnde historiske krava vert i staden nytta for å argumentere for ein fullverdig palestinsk stat ved sida av den israelske. Dei godtek at Israel får landområda landet tok etter krigen 1947–49, men ikkje dei etter seksdagarskrigen i 1967. Palestinarane meiner òg at etterkomarane av dei som flykta frå Israel under krigen i 1947–49, har full rett på retur, men har vore villige til å fire på dette kravet i forhandlingar.

Israelske standpunkt og krav

Det israelske kravet kviler på at Israel/Palestina var det opphavelege heimlandet til jødane, at denne tilknytinga heldt fram for alle jødar gjennom historia trass i at det faktiske nærværet i området bortimot forsvann, og at det jødiske nærværet i Jerusalem aldri vart avbrote.

Den israelske okkupasjonen av Palestina, og motstanden mot ein fullverdig palestinsk stat, vert forklart ut frå tryggleiksomsyn. Israel påpeiker – med rette – at det var arabarane som starta den første krigen, etter at dei avslo delingsplanen til FN i 1947, med mål om å fjerne Israel frå kartet og med utsegner som kunne tolkast som truslar om etnisk reinsing. Mange israelarar kjenner framleis på denne trusselen mot sin eigen eksistens. Eit sjølvstendig Palestina vil i deira auge gi arabarane høve til å ta opp att denne kampen.

Forslag til løysingar

Omsynet til tryggleiken er grunnen til at Israel aldri har akseptert det som er internasjonal konsensus for å løyse konflikten, nemleg å opprette ein palestinsk stat ved sida den israelske, basert på grensene før seksdagarskrigen. Så lenge Israel er den militært mektigaste staten i regionen og er støtta av den mektigaste staten i verda, USA, er det difor lite sannsynleg at forhandlingar vil leie fram til ei rettferdig tostatsløysing.

Særleg to ikkje-valdelege alternativ har vore presenterte sidan tusenårsskiftet og har etter kvart fått større oppslutnad. Det første alternativet er internasjonale økonomiske sanksjonar mot Israel, for å gi landet ein grunn til returnere til forhandlingsbordet. Det andre er å gi opp tostatsløysinga og la Israel annektere heile Palestina. Det er aukande støtte for denne «éinstatsløysinga» i både Israel og Palestina. Usemja dreier seg om kva slags rettar palestinarane då skal ha i Israel. Meiningane spenner frå andrerangs borgarar utan stemmerett i ein jødisk stat (israelsk ytre høgre), til fullverdige borgarar i ein binasjonal stat og full rett til retur for palestinske flyktningar (israelsk ytre venstre og palestinsk konsensus).

Kjelder

Noam Chomsky: Fateful Triangle. The United States, Israel, and the Palestinians. London 1999

Alan Dershowitz: The Case for Israel. New York 2003

Blanche Finger og William Karel: Israel 1945–1967. Un Terre Deux Fois Promise, dokumentarfilm. Paris 2018

Ari Shavit: My Promised Land. The Triumph and Tragedy of Israel. New York 2013

Mark Tessler: A History of the Israeli-Palestinian Conflict. Bloomington, IN, USA 2009

Nathan Thrall: The Only Language They Understand. Forcing Compromise in Israel and Palestine. New York 2017

 

Jewish Virtual Library: «Vital Statistics: Total Casualties, Arab-Israeli Conflict», jewishvirtuallibrary.org: https://www.jewishvirtuallibrary.org/total-casualties-arab-israeli-conflict [lesedato 18.2.2020]

Judy Maltz: «Two States, One and Other Solutions to the Israeli-Palestinian Conflict», haaretz.com, publisert 10.9.2019: https://www.haaretz.com/israel-news/israeli-palestinian-conflict-solutions/.premium-explained-two-states-one-and-other-solutions-to-the-israeli-palestinian-conflict-1.7044468 [lesedato 16.12.2019]

Nathan Thrall: «BDS: how a controversial non-violent movement has transformed the Israeli- Palestinian debate», theguardian.com, publisert 14.8.2018: https://www.theguardian.com/news/2018/aug/14/bds-boycott-divestment-sanctions-movement-transformed-israeli-palestinian-debate [lesedato 10.12.2019]

 

Peikarar

Hilde Henriksen Waage: «Fredsnasjonen Norge», foredrag om Oslo-avtalen og Noreg si rolle, nrk.no

Sidsel Wold: «Sidsel Wold om konflikten i Midtøsten», lengre innslag om Israel-Palestina-konflikten, nrk.no

Først publisert: 07.01.2021
Sist oppdatert: 07.01.2021