Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Hjellvik

Ivar Hjellvik var sokneprest og skulemann. Han tok initiativ til å opprette lærarutdanning på Nesna i 1918 og var den første rektoren ved Nesna lærarskule.

Ivar Hjellvik var født 11. mai 1885 i tidlegare Veøy kommune i Møre og Romsdal og døydde i Oslo 11. juli 1970. Hjellvik voks opp på ein gard i grenda Hjelvik. Han tok examen artium i 1905 og lærareksamen på Stord allereie i 1906. Sidan var han folkeskulelærar mellom anna i Tysfjord, på Lillestrøm og på Østre Toten.

Hjellvik studerte filologi og teologi og tok teologisk embetseksamen i 1916. I 1917 var han prest i Bergen, og i 1918–20 fungerte han som sokneprest i Nesna sokn. Det var stor lærarmangel i Nordland på byrjinga av 1900-talet, og den einaste lærarutdanninga i Nord-Noreg låg på dette tidspunktet i Tromsø. Vinteren 1918 tok derfor Hjellvik initiativ til å starte privat lærarskule på Nesna, under namnet Hålogaland lærarskule (seinare Høgskolen i Nesna, og no del av Nord Universitet), og allereie i september var dei første studentane på plass. Hjellvik var rektor ved institusjonen i om lag ti år, dei første åra parallelt med sokneprestembetet.

Åra 1922–25 fungerte Hjellvik dessutan som ordførar i Nesna kommune. I 1919 kjøpte han Sørvollen, ein gard på Nesna, og her fekk lærarskulen tomt til undervisningsbygg og internat. Frå 1928 og fram til han pensjonerte seg i 1954 var Hjellvik lærar ved Oslo katedralskole, der han underviste i kristendom og språkfag.

Hjellvik fekk tildelt kongens fortenestemedalje i gull i 1963 for den innsatsen han hadde gjort for norsk skule.

Kjelder

Sigurd Arnekleiv: «Ivar Hjellvik. Sokneprest og rektor», Årbok for Helgeland 1970

Ivar Hjellvik: «Korleis Nesna lærarskole vart til», Nesna lærarskole. 50 år. Nesna 1968

Øyvind Jenssen: Grendeskolene på Helgeland og mannen fra Romsdal. Nesna 2008

«Den nye lærarskulen i Nord-Norig. Eit godt tiltak», Den 17de mai 31.10.1918

Peikarar

Digital versjon av jubileumsskriftet Nesna lærarskole. 50 år, nb.no   

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018