Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Medaas

Ivar Medaas var musikar, låtskrivar og humorist. Han brøytte ny veg for nynorsk som revy- og popspråk i andre halvdel av 1900-talet.

Ivar Medaas var fødd 9. april 1938 i Alversund, der han voks opp på garden til foreldra. Han døydde 7. januar 2005 i Bergen.

Medaas hadde ein lang og mangslungen karriere innanfor norsk kulturliv. Han var songar, låtskrivar, felespelar, revyartist og humorist, og breidda i uttrykket hans var til stades heile tida. Samstundes med at han i ungdomen var aktiv folkemusikar, song han viser, i tillegg til at han på slutten av femtitalet spela pop og rock i dansegruppa Trio Intim.

Den mest aktive perioden, både på plate og scene, hadde Medaas på sekstitalet. Då budde han i Oslo, gav ut mange plater og var ein profilert scenekunstnar. I denne tida var han stort sett artist på heiltid, fram til han på slutten av tiåret tok over garden til foreldra i Alversund. Frå då av delte han tida mellom garden og musikken, men han heldt fram med å gjere suksess med plater som til dømes På lykke og fromme (1975, saman med kona Kari), Å du, Å du! (1978) og Ansikt til ansikt (1987, saman med Ove Thue). Den siste plata, Langs fjorden, kom i 1995. Same året fekk han hjerneslag og miste evna til å syngje og spele. Etter ei tid med trening fekk han likevel att nok av taleevna til at han ved nokre høve kunne opptre i rullestol som sjølvutnemnd «sit down»-komikar.

Medaas var ein viktig ambassadør for både nynorsken og strilekulturen, og i 2002 fekk Ivar og Kari Medaas målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen dei har gjort for norsk språk og kultur. Ivar Medaas har i tillegg fått både Nordhordlandsprisen og kulturprisen frå Lindås kommune. Dessutan har han fått ein pris kalla opp etter seg. Frå 2000 har Medaasprisen vore delt ut årleg til ein utøvande kunstnar som i Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og bruker eigen dialekt.

Ivar Medaas spelar gitar i heimen sin i 1966. Guten på fotoet er truleg sonen Nils. Foto: Rigmor Dahl Delphin, kjelde: Oslo Museum på oslobilder.no CC BY-SA 3.0 (biletnr.: OB.RD4463c).

Ivar Medaas spelar gitar i heimen sin i 1966. Guten på fotoet er truleg sonen Nils. Foto: Rigmor Dahl Delphin, kjelde: Oslo Museum på oslobilder.no CC BY-SA 3.0 (biletnr.: OB.RD4463c).

Revyskodespelar og humorist

Ein av dei store styrkane til Medaas var samspelet hans med publikum. Han byrja tidleg å fortelje vitsar og historier innimellom – og av og til midt i – songane sine, og det vart tydeleg at han hadde eit talent for humor. I 1964 fekk han dermed prøve seg i revyen Det er jo så deilig på Chat Noir. Der fekk han stor suksess med det sjølvskrivne nummeret «Liten konsert», eit slags pedagogisk standup-nummer om og med hardingfele. Å ta i bruk nynorsk og strilemål i revyar på Chat Noir hadde til då vore uhøyrt, men både publikum og kritikarane lét seg rive med av revystilen til Medaas. Utetter sekstitalet spela han i mange revyar i Oslo, ofte i samspel med Dizzie Tunes og Wenche Myhre. Han turnerte dessutan i mange år med kabaretar som til dømes Krumspring og andre stavhopp saman med Øystein Sunde og Bymann og stril saman med Ove Thue.

Det var ikkje berre på scena at Ivar Medaas dreiv med humor og skodespel. Han fekk lage fleire fjernsynsprogram på NRK, spela i fjernsynsserien Maksveringar og hadde i tillegg nokre roller i spelefilmar. Den mest profilerte filmrolla hans var i den første norske filmen om Olsenbanden. Der spela han ein skyteglad lensmann som vart kopla inn i jakta på Egon Olsen og kompani.

Video: Fjernsynsutgåve av revynummeret «Liten konsert».

Vestlandsduoen

I 1960 fekk Medaas og bergensaren Ellen Fredriksen vere med på eit såkalla «Ti på topp»-show på Chat Noir. Responsen frå ungdomane i salen var så god at Medaas og Fredriksen fekk platekontrakt med Nor-Disc, og hausten 1960 kom Vestlandsduoen, som dei to no kalla seg, med debutsingelen «Frieriet hass Ola Husmann» / «Pakta». Denne singelen var den første plateinnspelinga til Medaas, og gjennom åra gav han ut mange plater med Vestlandsduoen, parallelt med solokarrieren.

Etter kvart hadde ikkje Fredriksen tid til å vere med meir, og frå og med 1962 fekk Medaas med seg kona Kari som ny duettpartnar i Vestlandsduoen. Kari og Ivar Medaas hadde røyster som klang godt i lag, og saman spela dei inn slagerar som «Draumen om fred», «Eg hadde ein gong ein båt», «Det sa presten ikkje noko om» og «Ver glad i den nasen du har».

Samarbeid med Geirr Tveitt

I mange år samarbeidde Ivar Medaas mykje med komponisten Geirr Tveitt, både i form av radioprogram, plater og ei songbok. Det var attpåtil i duett med Tveitt at Medaas fekk den første store slageren sin. I 1961 skulle Medaas spele inn Tveitt si musikalske tolking av Jakob Sande-diktet «Drama (i 4 akter)». Dei fann ut at dei hadde bruk for ei b-side til plata, og i full fart kom Tveitt fram til at han skulle skrive ein slager i samba-takt til eit anna Sande-dikt: «Hestehandlarar». Medaas, som hadde røynsle med moderne danserytmar, sprudlar i veg i sambatakt, medan Tveitt, som tydeleg er uvand med slik rytmikk, er med og kneggjar, rallar og syng saman med han. Den livlege og laussleppte duetten vart eit gjennombrot for Medaas, som no vart landskjend.

Visesongar og låtskrivar

Medaas byrja tidleg å lage eigne melodiar, og til saman komponerte han meir enn nitti ulike songar. Tekstane fekk eller henta han frå diktarar som Jakob Sande, Arne Hjeltnes, Herbjørn Sørebø og Arnljot Eggen, for å nemna nokre. Teksten til storslageren «Dar kjem dampen» fann han i Bergens Tidende, der presten Ragnvald Hammer hadde på prent eit dikt om båten Oster. Medaas kjende seg att i dei vemodige versa til Hammer og sette seg ned og skreiv ein iøyrefallande melodi – tilsynelatande enkel, men med djupner som fekk fram både sorga og gleda i teksten. «Dar kjem dampen» vart ein signaturlåt for Medaas, og songen gav seinare namn til både ei samleplate og ei av songbøkene han gav ut.

Foto av plater, kassett og visebok med «Dar kjem dampen» av Ivar Medaas. «Dar kjem dampen» kom ut på singel i mange opplag, og gav namn til både ei samleplate (her i kassettutgåve) og ei songbok. Foto: Arild Torvund Olsen.

«Dar kjem dampen» kom ut på singel i mange opplag, og gav namn til både ei samleplate (her i kassettutgåve) og ei songbok. Foto: Arild Torvund Olsen. 

Det låg eit språkleg medvit i botnen når Medaas plukka ut tekstar til tonesetjing. Han var oppteken av å ta i bruk nynorsk som pop- og visespråk, og det snakka han om i mange intervju. Her viste han veg for den komande norske visebølgja, og dei første albuma hans var av dei aller første LP-ane med viser på norsk.

Midt på sekstitalet gav Ivar Medaas ut nokre plater i Sverige. På denne tida var Sverige det store kraftsentrumet innanfor den skandinaviske visesongen, og Medaas vart kjend med – og samarbeidde med – store svenske visesongarar som Cornelis Vreeswijk, Fred Åkerström og Olle Adolphson. Medaas fekk lov av Vreeswijk til å omsetje ein del av songane hans til nynorsk, og han vart slik ein av dei første i Noreg til å spele inn plater med Vreeswijk-låtar. Også songar av andre artistar har vorte tolka på nynorsk av Ivar Medaas, til dømes Beatles-låtane «Norwegian Wood» («Norsk material») og «When I'm 64» («Når eg er 67»), «Leaving on a Jet Plane» («Eg dreg med morgonflyet») av John Denver og bluegrass-klassikaren «Roll in my Sweet Baby's Arms» («Sett deg i armkroken min») av Charlie Monroe.

Melodi Grand Prix

I 1965 var Medaas med i den norske finalen i Melodi Grand Prix. Der song han «Jenteord» av Kristian Hauger og Lasse Beitan, den aller første grand prix-låten med nynorsk tekst. Det året vart alle songane framførte to gonger, så Per Asplin song «Jenteord» med jazztrio, medan Medaas i framføringa si både spela fele og song, akkompagnert av Kringkastingsorkesteret.

To år etter, i 1967, var Medaas med i den norske grand prix-finalen att, denne gongen saman med kona Kari. Songen dei var sette til å syngje, var «Jeg vet om en jente» av Arne Bendiksen. Teksten, ein slags tenåringspop-pastisj, var lite kledeleg for duoen, og framføringa av songen vart ved fleire høve kjærleg, men råkande parodiert av Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen i nummeret «Med småfregnar på», mellom anna i fjernsynsprogrammet frå Vise- og lyrikkfestivalen i Haugesund i 1972.

Video: Ivar Medaas framfører «Jenteord» i den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1965.

Nytenkjande folkemusikar

Medaas var ein dugande gitarist og kunne spele fleire andre instrument. Til dømes spela han bass i Trio Intim og var den gongen av dei aller første norske musikarane som kjøpte og spela elektrisk bassgitar. Men det var på hardingfele han nådde lengst som instrumentalist. I ungdomstida lærte han mykje av å spele fele saman med spelemennene Finn Vabø og John Rosenlid på leikøvingar i Bondeungdomslaget Ervingen i Bergen, og seinare gjekk han på spelekurs med folkemusikksamlaren og spelemannen Arne Bjørndal. Etter kvart byrja Medaas å vere med på kappleikar, og dei beste resultata hans på landskappleiken var førstepremiegrad i B-klassen for hardingfele i 1959 – med tredje beste poengsum i den klassen det året – og andrepremiegrad i A-klassen i 1960.

Medaas hadde stor respekt for folkemusikktradisjonen, men han var ikkje redd for å eksperimentere og leike med sjangrane. Han tok i bruk element frå folkemusikken både på revyscena og i popmusikken, og han var tidleg ute med å blande jazz og norsk folkemusikk, til dømes då han på Moldejazz i 1964 spela saman med den amerikanske saksofonisten Dexter Gordon. Også på plate finn vi fleire døme på den eksperimentlystne felespelaren Medaas, ikkje minst på LP-en Vårteikn frå 1976. På den plata, der Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen er med som musikarar og arrangørar, serverer han alt frå ein stemningsfull bruremarsj for fele og orgel til forrykande folkrock.

Kjelder

Eiga platesamling

E-post frå Ingrid Schei Stuhaug, FolkOrg, 8.1.2018

 

Ursula Monsen: «Heilsprø vestlandspop», Aktuell 16.6.1962

Jan Spurkeland: Ivar Medaas – gjøglar og felespelar. Oslo 2000

Norvald Tveit: Ivar Medaas. Oslo 1969

 

IMDb: «Ivar Medaas», filmografi, imdb.com: http://www.imdb.com/name/nm0575380/ [lesedato 30.1.2018]

Nettsida til Medaasprisen, medaasprisen.no: http://www.medaasprisen.no [lesedato 29.1.2018]

Noregs Mållag: «Målprisen 2002 til Ivar og Kari Medaas», nm.no, publisert 28.4.2002: http://www.nm.no/tekst.cfm?id=1731 [lesedato 8.1.2018]

«Programrapport for NRK P1 1964.08.01», nb.no: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digiprogramrapport_10028528 [lesedato 30.1.2018]

Peikarar

Solodiskografi på Discogs 

Diskografi for Vestlandsduoen på Discogs

Først publisert: 13.04.2018
Sist oppdatert: 14.02.2019