Hopp til innhold
Jakob Aano. Foto: Stortinget.
Jakob Aano. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Jakob Aano

Jakob Aano var utdanna lektor og stortingspolitikar for Kristeleg Folkeparti (KrF) i tjue år. Særleg markerte han seg i internasjonale saker og fattigdomsspørsmål.

Jakob Aano var fødd 10. april 1920 i Sauda i Rogaland. Han døydde 10. februar 2016. Aano tok til å studere i 1940 og vart cand.philol. i 1948. Frå 1949 til 1958 var han skulestyrar ved Sand realskule, og i 1959 reiste han til Tanzania for å arbeide som rektor. Her var han i fire år, utsend av Det Norske Misjonsselskap.

Aano vart vald inn på Stortinget for Rogaland KrF i 1965 og sat i fire periodar, fram til 1985. Han var først medlem av kyrkje- og undervisningskomiteen og seinare den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen, der han òg var leiar i perioden 1981–85. Han var òg medlem av forsvarskomiteen i 1981–83.

Aano var viseformann i KrF i 1983–85 og vart òg utnemnd til æresmedlem av partiet. Han hadde eit sterkt internasjonalt engasjement. Mellom anna var han ei tydeleg stemme i kampen mot atomvåpen og var med i samtalar med USA og Sovjetunionen. Han var med i Stortinget sin delegasjon til NATO si parlamentariske forsamling i 1966–68 og 1969–73 og var òg delegat til FNs generalforsamling frå 1982 til 1985. Aano markerte seg som EU-tilhengjar, i strid med eige parti.

Aano produserte ei rekkje bøker og artiklar. Mellom anna gav han ut Afrikas nye hverdag, saman med Kolbjørn Riiser, i 1968, og han var redaktør for Demokrati og kulturansvar. Festskrift til Kjell Bondevik i 1971. Han gav ut sjølvbiografien Over alle grenser i 1991.

Kjelder

Elling Svela: «En helt annen diskusjon», Forsvarsforum nr. 1–2/2004

Biografi om Jakob Aano på stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=JAAA [lesedato 6.4.2016]

Stavanger Aftenblad: «Jakob Aano er død», aftenbladet.no, publisert 10.2.2016: http://www.aftenbladet.no/nyheter/politikk/Jakob-Aano-er-dod-3867551.html [lesedato 6.4.2016]

Knut Are Tvedt: «Jakob Aano», snl.no: https://snl.no/Jakob_Aano [lesedato 6.4.2016]

Først publisert: 07.02.2017
Sist oppdatert: 10.04.2019