Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Ivarsson Angermo

Jakob Ivarsson Angermo var gardbrukar og spelemann. Som spelemann var han kjend for å ha eit særleg stort slåtterepertoar.

Jakob Ivarsson Angermo, i daglegtale Jakob Ivarsso Angermoen, var fødd i 1831 på Angermoen i Drevja og døydde i 1900. Han byrja spelemannskarrieren tidleg og skal ha spela i bryllaup allereie som 14-åring. Som spelemann verka han over eit stort geografisk område, frå Salten i nord til Bindal i sør, og han var visstnok òg i Sverige på spelemannsferd.

Angermo hadde eit særs stort slåtterepertoar. Spesialiteten var polsdansar, og han kunne visstnok over 200 av dei. I motsetnad til den andre store spelemannen i distriktet i samtida, Ole Jakobsen (Kjøl-Ola), kunne ikkje Angermo notar og lærte seg alle slåttane etter gehør. Spelet hans var sagt å vere kraftig og reint, og bogeføringa var sagt å vere ledig.

Søstersonen hans, Ivar Rognryggmo, var òg ein kjend spelemann i Drevja og var Jakob sin faste akkompagnatør frå barnsbein av. Gjennom Rognryggmo, som døydde i 1936, vart mykje av repertoaret til Angermo tradert vidare og nedteikna, mellom anna av komponisten David Monrad-Johansen.


Kjelder

Gunnar Holand: Drevja. Folk og folkeliv, gardar og grannelag. Mosjøen 1948

Ove Larsen: «Folkemusikk II, 2009. 'De gamle Vefsn-spellemenn' – noen kommentarer», Far etter fedrane. Årbok for Vefsn, Grane og Hattfjelldal. Mosjøen 2009

Rolf Myklebust: Femti år med folkemusikk. Oslo 1982

Edvind Tverå: «Folkemusikk I, 1946. De gamle Vefsn-spellemenn», Far etter fedrane. Årbok for Vefsn, Grane og Hattfjelldal. Mosjøen 2009

 

Arnt Bakke: «Folkemusikken i Vefsn», Vefsn bygdebok – særbind II, side 381–385. Mosjøen 1973. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/items/df2bb03695dba7d6c82be90988455611?page=0&searchText=Vefsn%20bygdebok

Først publisert: 10.05.2019
Sist oppdatert: 10.05.2019