Hopp til innhold
Jan Inge Sørbø. Foto: Agnete Brun / Samlaget. Brukt med løyve for Allkunne.
Jan Inge Sørbø. Foto: Agnete Brun / Samlaget. Brukt med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø, professor, forfattar og kommentator. Sørbø gjekk frå journalistikk til vitskap og har skrive den første samla framstillinga om nynorsk skjønnlitteratur.

Sørbø er fødd i Rennesøy 16. september 1954. Med litteraturvitskapleg utdanning frå Universitetet i Bergen var Sørbø journalist i Dagen 1982–87 og i Stavanger Aftenblad 1987–89 før han i 1990 kom til Møreforsking i Volda.

I 1998 avla Sørbø ei doktoravhandling om diktaren Arnold Eidslott og filosofen Theodor W. Adorno, og i 2001 blei han til professor i nordisk litteraturvitskap ved Høgskulen i Volda, og seinare professor i nynorsk skriftkultur same stad. Frå 2009 har han vore professor ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda.

I åra 1993–97 var han redaktør i Syn og Segn. Sørbø er ein profilert debattant, mellom anna som kommentator i Dag og Tid frå 2010, og har også vore litteraturkritikar. Han var med i den komiteen som i 2008 la fram forslag til ny salmebok.

Sørbø debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga Lågt skydekke i 1986 og har i alt skrive sju romanar og diktsamlingar. Den første sakprosaboka var Blomsterbarn i kyrkja i 1985. Seinare har han skrive bøker om presseetikk og journalistikk, essay og artiklar om teologi og litteratur, biografiar om Hans Skjervheim (2002) og Olav Aukrust (2009), og studiar i forfattarskapane til Alexander Kielland, Arne Garborg og Ronald Fangen. Sørbø har også skrive fleire bøker om sosialfaglege spørsmål.

Med Frå gamle fjell til magma (2004) gav Jan Inge Sørbø ut den første samla framstillinga av den nynorske skriftlyrikken gjennom 150 år. Til 150-årsjubileet for Det Norske Samlaget i 2018 gav han ut Nynorsk litteraturhistorie med mange nylesingar av skjønnlitteratur frå Ivar Aasen til Gunnhild Øyehaug.


Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
«Jan Inge Sørbø», Høgskulen i Volda, https://www.hivolda.no/tilsette/institutt-sosialfag/jan-inge-sorbo [lesedato 14.5.2018]

Først publisert: 17.09.2009
Sist oppdatert: 18.05.2018