Hopp til innhold
Jan Roar Leikvoll. Fotograf: Tove K. Breistein, henta frå samlaget.no.
Jan Roar Leikvoll. Fotograf: Tove K. Breistein, henta frå samlaget.no.
X
Innhald

Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll, kritikarrost norsk romanforfattar som gjekk heilt eigne vegar i originalitet og val av tema. Med eit poetisk og vakkert språk skildra han dei mest brutale sidene ved menneskenaturen.

Jan Roar Leikvoll var fødd 7. juni 1974 i Bergen og døydde 1. august 2014 i barndomsheimen på Frekhaug i Nordhordland. Leikvoll var elev ved Lindås Gymnas og Bergen katedralskole fram til 1995. Han studerte humaniora og psykologi ved Universitetet i Bergen frå 1999 til 2001. Studieåret 2002/03 var han student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

I 2008 debuterte Leikvoll med Eit vintereventyr. Handlinga i romanen er lagd til ein konsentrasjonsleir der hovudpersonen lengtar etter kjærleik i eit brutalt og vonlaust kvardagsliv. Fiolinane (2010) utspelar seg i eit avhumanisert samfunn i eit ørkenlandskap. Bovara (2012) er ein roman om maktmisbruk, overgrep og kjærleikslengt i eit kloster. Leikvoll sin fjerde roman, Songfuglen, kom i 2014. Handlinga går føre seg i eit totalitært bysamfunn der kvinnene er einerådande og mennene fordrivne. Ein ung mann lever i livsfare i byen, forkledd som jente.

Då Leikvoll døydde i 2014, etterlét han seg ei mengd uferdige tekstar. I samråd med familien har forlaget hans gitt ut to romanar posthumt, Forkynnaren (2015) og Heimatt (2019).

Frå han var 12 år gamal levde Leikvoll med ein hjernesvulst. Då han i 2007 fekk vite at svulsten på ny var i vekst, byrja ein intensiv skriveprosess. Frykt, sorg og sinne vart nye drivkrefter for skrivinga. Vondskapen, mørkeret og brutaliteten i romanane vart framkalla som nærbilete av forfattaren sin eigen angst. Leikvoll skreiv om det brutale i eit vakkert og poetisk språk, ein særeigen kontrast som har medverka til den sterke posisjonen han har fått i norsk litteratur.

I 2010 fekk Leikvoll Sigmund Skard-stipendet. Same året fekk han Nynorsk litteraturpris for Fiolinane. Han fekk Bjørnsonstipendet i 2011, og i 2013 vart han tildelt både Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend.

Fire mørke romanar med glimt av lys

Romanane Leikvoll gav ut før han døydde, er ulike i motiv og miljø. Samstundes har dei tematiske fellestrekk. Hovudpersonane er fundamentalt einsame og ber på forbodne kjensler. Dei lever under særs krevjande forhold og utfører groteske handlingar.

Leikvoll skriv fram glimt av lys og håp i alt det grufulle. Kvar og ein ber personane i seg lengt etter kjærleik og indre fred i ein brutal kvardag. Dagdraumane er både håpet og lyspunkta i tilværet. På same tid representerer dei lyspunkta også i romanane.

Samfunna som Leikvoll skildrar, er avhumaniserte og totalitære. Dei ber preg av sosial uro og moralsk samanbrot. Individa er underlagde streng kontroll. Dei er fangar i eigne liv. Forteljingane er ikkje festa til tid eller stad, men i fleire av romanane viser forfattaren til verkelege hendingar.

Eit vintereventyr

Handlinga i Eit vintereventyr er lagd til ein ikkje namngitt arbeidsleir og er heller ikkje tidfesta. Likevel får lesaren peikepinnar om både stad og tid. Her er straumførande gjerde, utsvelta fangar, krematorium, lager av skor og klede, sekkar med menneskehår og trekking av gulltenner frå lik. Menn, kvinner og barn kjem i flokkar til leiren, ukjende med kva lagnad dei går til. Formuleringar som at arbeid kan setje fri, gir assosiasjonar til Auschwitz og jødeutryddinga.

Hovudpersonen utfører groteske handlingar utan eigentleg å vere heilt klar over det. Han er øydelagd av omgivnadane og ber på ein sterk lengt etter å verte elska og teken vare på. Draumen om medfangen Hans held han oppe. Men kjærleiken er uoppnåeleg og lengten øydeleggjande.

Fiolinane

Romanen Fiolinane skildrar livet på ei søppelfylling i eit ørkenlandskap. Personane er så godt som nakne, og intime kroppsdelar er blottlagde. Personane er òg namnlause. Ein liten familie, underlagde faren sitt strenge regime, er prega av sjukdom, død og moralsk forfall. Ein ung gut på veg til å verte mann, er hovudperson. Han er òg alvorleg sjuk, men skjuler det så godt han kan.

Handlinga er rå. Menneska er primitive og grenselause. Her er skildringar av grotesk vald, valdtekter, incest, nekrofili og kannibalisme. Det er den sterkaste sin rett som råder. Å høyre til ein flokk er likevel viktig. Flokken gir samhald og nødvendig forsvar mot ytre trugsmål.

Flyslepp med hjelpesendingar tyder på at det eksisterer ein moderne sivilisasjon utanfor, som gir håp om noko større og betre. Eit anna håp er ei glaskule som den unge guten vernar som ein skatt. Lyset og fargespelet i kula gir han draumar om ei stor og vakker verd.

Bovara

I Bovara går handlinga føre seg i eit kloster. Den invalidiserte munken Frrok står seg nedst på rangstigen, han steller i klosterhagen og har ansvar for å tømme dobøttene. Sterkt kua lever han i sosial armod og ulukkeleg kjærleikslengt. Men songen, den reine og lyse røysta, er styrken hans.

I Bovara kjem Leikvoll inn på temaet hjernesvulst. Svulsten vert skildra som ein knoll som sprengjer seg langsamt ut i skallen, eit sus som sakte et han opp. Han skriv om raseriet som oppstår i eit menneske som er lamma av redselen og smertene sjukdomen fører med seg. Slik rører han ved kjernen til drivkreftene sine som forfattar.

Songfuglen

Hovudpersonen Jakoba i Songfuglen er snart tenåring og bur i eit totalitært samfunn av berre kvinner. Her lever han i skjul med løyndomen om at han er ein gut. Han kler og oppfører seg som ei jente. Då han forelskar seg i ei av jentene i byen, byrjar vanskane for alvor.

Fuglar er sentrale symbol i romanen. Dei ville fuglane lever i fridom medan burfuglane, songfuglane, lever i tryggleik, men utan fridom. Jakoba har ein songfugl i bur og er sjølv ein songfugl – ein songfugl inne i ei blokk, inne i ein by, inne i seg sjølv.

I Songfuglen refererer Leikvoll til hendingane på Utøya og i regjeringskvartalet 22. juli 2011. Her er ei høgblokk, ei bombe som går av, eit pumpehus og redde ungdomar som symjande freistar å flykte frå ein svartkledd mann som kjem i båt. Det er ein øydeleggar som kjem.

Kjelder

E-post frå David Allan Aasen 28.2.2018. Aasen er forlagsredaktør i Det Norske Samlaget.

Jan Roar Leikvoll, forfattarprofil, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/jan-roar-leikvoll [lesedato 2.10.2019]

NRK: «Bokprogrammet møter Jan Roar Leikvoll», nrk.no, publisert 6.11.2012: https://tv.nrk.no/serie/bokprogrammet/MKTF01002312/06-11-2012 [lesedato 2.10.2019]

Ane Nydal: «På høyden av livet», dagsavisen.no, publisert 20.7.2015: https://www.dagsavisen.no/helg-nye-inntrykk/reportasjer/pa-hoyden-av-livet-1.375700 [lesedato 5.11.2017]

Eskil Skjeldal: «Grusomt mørke, sterkt lys», vl.no, publisert 3.8.2014: https://www.vl.no/old-kultur/grusomt-morke-sterkt-lys-1.87709 [lesedato 24.9.2019] (krev abonnement)

Lars Petter Sveen: «– Det han var mest redd for, var å miste evna til å skrive», vl.no, publisert 4.10.2019: https://reportasje.vl.no/artikkel/1086-det-han-var-mest-redd-for-var-a-miste-evna-til-a-skrive [lesedato 4.10.2019] (krev abonnement)

Peikarar

Erlend O. Nødtvedt: «Jan Roar Leikvoll», intervju, bergenbibliotek.no

Bok365: «Starten på et stort forfatterskap», nok365.no https://bok365.no/artikkel/etterlater-seg-et-tomrom/

Ingunn Økland: «Jan Roar Leikvolls vakre mareritt», aftenposten.no https://www.aftenposten.no/meninger/kommentar/i/ngKoL/Jan-Roar-Leikvolls-vakre-mareritt

Først publisert: 21.11.2019
Sist oppdatert: 22.11.2019