Hopp til innhold
X
Innhald

Jehovas vitne

Jehovas vitne er eit religiøst samfunn som oppstod i USA på slutten av 1800-talet. Dei ser seg sjølve som den eine sanne kristne kyrkja, men skilnadene i høve til tradisjonell kristendom er så store at dei vanlegvis ikkje vert rekna som kristne av andre.

Charles Taze Russell starta med bibelstudium i Pennsylvania i 1870-åra og skipa «Vakttårnets bibel- og traktatselskap». Sidan 1931 har rørsla kalla seg Jehovas vitne. Med det framhevar dei både at Gud skal kallast med Jehova-namnet, og at tilhengjarane skal vitne om han. Jehova er ei av fleire moglege lesingar av det hebraiske gudsnamnet JHWH (jf. 2 Mos 3, 14–15).

På verdsbasis tel Jehovas vitne vel åtte millionar menneske. I Noreg var det i 2018 registrert 167 forsamlingar, med til saman 12 566 medlemer.

Jehovas vitne har si eiga bibelomsetjing, New World Translation (frå 1960, revidert i 1984, med ei utgåve på norsk bokmål frå 1996), som absolutt autoritet. Å studere tekstane og å vitne om bodskapen for andre står heilt sentralt i rørsla. Bibelen vert sedd på som påliteleg i alle spørsmål, og skriftene frå forlaget Vakttårnet gir autoritativ rettleiing i tolkinga. Dei mest spreidde blada er Våkn opp! (Awake!) og Vakttårnet (The Watchtower). Dei kjem på over 200 språk i parallelle utgåver over heile verda, og det gir Jehovas vitne ein svært einskapleg profil.

Truslæra er strengt monoteistisk. Dei reknar Gud berre som éin og tek avstand frå det tradisjonelle kyrkjedogmet om treeininga (at den eine Gud er tre «personar», nemleg Gud Fader, Guds Son og Den Heilage Ande). Jesus er ifølgje vitna den første som Gud skapte. Dermed er han underordna Gud og ikkje som Gud sjølv.

Frå starten har Jehovas vitne vore opptekne av at det noverande tilværet nærmar seg slutten. Ut frå særleg dei apokalyptiske bøkene Daniel (GT) og Johannes' openberring (NT) vart det gjort freistnader på å rekne ut årstalet for Jesu atterkome, «tusenårsriket» og dommedag. No lærer dei at ingen kan vite akkurat når den kjende verdsordninga eller tidsalderen skal avsluttast.

Sosiologisk er Jehovas vitne prega av tette fellesskapar, med både omsorg og kontroll. Forsamlingane legg stor vekt på undervisning i trussamfunnet si lære og på innsats for å rekruttere nye vitne. Medlemene skil seg tydeleg frå storsamfunnet ved å ta avstand frå politikk, militærteneste og blodoverføring, og dessutan feiring av fødselsdagar og nasjonale høgtider. Vitne som vik av frå trusgrunnlaget eller bryt med moralnormene utan å angre, vert ekskluderte. Det kan føre til brot både med familie og vener.

Forsamlingshusa heiter «Rikets sal». Mange av dei er reiste i ein effektiv dugnad som vitnar om lojal oppslutnad og stram organisering. Bortsett frå grunnarbeidet vert bygginga gjord unna på eit par dagar. Fleire hundre vitne kan ta del i ein slik jobb – under leiing av røynde bygningsfolk og andre handverkarar. Når dugnadshelga er over, har den lokale forsamlinga fått eit fullverdig møtelokale klart til bruk.

Jehovas vitne feirar berre éi religiøs høgtid. Det er minnehøgtida for Jesu død. Ho vert datofesta etter den jødiske kalenderen og fell ofte på ein av dagane i påskeveka. Då samlast alle som kan, i møtelokala. Denne eine dagen i året er det i tillegg til tale også eit «minnemåltid». Usyrt brød som symbol på Jesu syndfrie lekam og vin som symbol på Jesu blod vert sendt rundt, men dei færraste tek imot. I heile verda skal det nemleg vere 144 000 som er kalla til å vere Kristi medregentar i himmelen, og det er meininga at berre dei kan forsyne seg av symbola. Kven det gjeld, vert rekna som ei sak mellom Jehova og den einskilde.

 

Kjelder

Sverre Bøe: «Jehovas vitners bibeloversettelse Ny Verden», Tidsskrift for Teologi og Kirke nr. 3/2011

Kåre Fjelltveit: «Jehovas vitner», i Rigmor Heistø (red.): Dette tror vi. 37 norske trossamfunn og livssynsorganisasjoner presenterer seg selv. Oslo 1997

Hege Kristin Ringnes og Helje Kringlebotn Sødal (red.): Jehovas vitner. En flerfaglig studie. Oslo 2009

 

Peikar

Den offisielle nettstaden for Jehovas vitne, jw.org

Først publisert: 24.04.2019
Sist oppdatert: 24.04.2019