Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Chr. Hauge

Jens Christian Hauge, motstandsmann, politikar og advokat. Hauge var under krigen leiar for Milorg, den militære delen av Heimefronten. Etter krigen var han forsvarsminister, justisminister og ein viktig industripolitisk strateg i Arbeidarpartiet.

Jens Chr. Hauge var fødd 15. mai 1915 i Oslo (Kristiania) og døydde same staden 30. oktober 2006. Han tok juridisk embetseksamen i 1937 med framifrå resultat og var aktiv i studentidretten. Hauge engasjerte seg i motstandsarbeid i desember 1941. Alt i januar 1943, berre 27 år gamal, vart han den øvste leiaren for Milorg-styrkane, som ved slutten av krigen talde 40 000 mann. Han heldt nær kontakt med dei norske styresmaktene i eksil. I 1944 var han to gonger i London.

I 1945 gjekk Hauge inn i politikken, først som sekretær for statsminister Einar Gerhardsen. Då Gerhardsen skipa rein Arbeidarparti-regjering i november 1945, vart Hauge forsvarsminister, ei stilling han hadde til januar 1952. Etter ein periode på partikontoret var han justisminister frå januar til november i 1955.

I åra som følgde kombinerte han advokatpraksis med viktige strategiske samfunnsoppgåver. Han var den første styreleiaren i Statoil og hadde styreverv mellom anna i SAS, Kongsberg Våpenfabrikk, Raufoss Ammunisjonsfabrikker og Tandbergs Radiofabrikk. I 1978 var han norsk hovudforhandlar i det mislukka forsøket på å få si stand eit svensk-norsk industrisamarbeid gjennom Volvo-avtalen. Hauge engasjerte seg òg i kulturlivet, til dømes ved etableringa av Fritt Ord og som styreformann for Nationaltheatret.

I 1995 fekk han borgardådsmedaljen i gull, den høgaste sivile utmerkinga i Noreg.

galleri

Motstandsleiaren

Jens Chr. Hauge hadde ingen militær bakgrunn og tok ikkje del i kampane i 1940. Dei første krigsåra heldt han førelesingar i jus ved Universitetet i Oslo. Der kom han med ein del ironiske kommentarar om NS og tyskarane. Han vart innrapportert av NS-studentar og sat 80 dagar i fengsel hausten 1941.

Etter fengselsopphaldet tok han kontakt med motstandsrørsla. Knut Møyen, ein gamal kjenning frå studentidretten, var då i gang med å byggje opp att Milorg, etter at Gestapo hadde knekt den første organisasjonen i 1941. Møyen gjorde Hauge til sin «skugge», det vil seie den som skulle ta over om Møyen skulle falle frå. Etter kort tid måtte Møyen flykte til Sverige, og Hauge vart sjef, først for styrkane på Austlandet og seinare for heile landet.

Mange har undra seg over at Jens Chr. Hauge i så ung alder kunne få det tunge ansvaret som Milorg-leiar. Svaret ligg i ein uvanleg sterk personlegdom, som kombinerte intelligens, handlekraft, ansvarskjensle og vilje til makt med personleg sjarm og evne til å skape tillit og knyte kontaktar. Hauge kunne verke arrogant, og han veik ikkje tilbake for strid. Men han kunne òg vise storsinn og sterkt personleg engasjement mot urett. Han prøvde til dømes – utan hell – å tale den spiondømde kommunistiske sabotøren Asbjørn Sunde si sak då Sunde vart nekta krigspensjon.

Politikaren

Jens Chr. Hauge hadde ikkje vore medlem av Arbeidarpartiet før krigen. Han fann seg likevel godt til rette i det ideologiske klimaet som rådde i partiet etter krigen, der vekst og gjenreising var viktigare enn sosialistisk samfunnsomforming, og der kald krig og gjenopprusting snart avløyste fredsrusen.

Sjå video frå NRK Skole om Gerhardsen si første regjering, i 1945.



Som forsvarsminister gjekk Hauge i spissen for ei modernisering og styrking av Forsvaret. Han kom i konflikt med den gamle garden av offiserar, men fekk det som han ville.

Hauge gjekk sterkt inn for at Noreg skulle søkje saman med dei vestlege stormaktene i ein forsvarsallianse, og han spela ei sentral rolle i å overtyde Einar Gerhardsen om å seie ja til norsk Nato-medlemskap i 1949. Men Hauge var òg ein av arkitektane bak den norske basepolitikken, som slo fast at det ikkje skulle vere framande militærbasar på norsk jord i fredstid. Målet var å mildne den sovjetiske reaksjonen på Nato-medlemskapen.

Då den kalde krigen spissa seg til, organiserte Hauge dei såkalla «Stay Behind»-gruppene, væpna motstandsceller som skulle tre i funksjon i tilfelle ein ny okkupasjon. Hauge gjekk også i bresjen for overvaking av kommunistar.

Han var ein trufast ven av Israel og var både pådrivar og ein ikkje altfor streng kontrollør då Noreg i 1959 selde tungtvatn til det israelske atomprogrammet. Hauge hadde sjølv gått i spissen for å etablere eit norsk atomforskingsmiljø etter krigen.

Industribyggjaren

Etter at han slutta som statsråd, heldt Jens Chr. Hauge fram som ein viktig utøvar av statleg politikk. Særleg brukte ulike Arbeidarparti-regjeringar han som rådgivar og styrerepresentant i viktige statlege og halvstatlege bedrifter. Hauge var kjend som ein tøff og pågåande forhandlar, som alltid sette seg grundig inn i sakene.

I ettertid er det framfor alt innsatsen hans ved etableringa av Statoil som vil verte ståande. Hauge var styreleiar i Statoil frå 1972 til 1974 og la det formelle grunnlaget for den dominerande stillinga statsoljeselskapet fekk på norsk sokkel og i norsk oljepolitikk.

Kjelder

Olav Njølstad: Jens Chr. Hauge. Fullt og helt. Oslo 2008

Ole Kristian Grimnes: Hjemmefrontens ledelse. Oslo 1979

Ivar Kraglund og Arnfinn Moland: Norge i krig. bd. 6: Hjemmefront. Oslo 1987

Knut Einar Eriksen: DNA og NATO. Oslo 1972

Peikarar

«Jens Chr. Hauge», Norsk biografisk leksikon, snl.no: https://nbl.snl.no/Jens_Chr_Hauge

Rune Slagstad: «En nasjonal strateg i krig og fred», aftenposten.no: http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/Rune-...

«Jens Chr. Hauges arkiv allment tilgjengelig», arkivverket.no: http://www.arkivverket.no/arkivverket/Arkivverket/...



Først publisert: 01.03.2016
Sist oppdatert: 15.05.2019