Hopp til innhold
X
Innhald

Jern

Jern, grunnstoff som høyrer til gruppa metall i periodesystemet. Jern har gitt namn til ein eigen tidsepoke, og det er eit viktig næringsstoff for kroppen.

Jern er det metallet som det er mest av på jorda. Av alt metall som blir produsert i verda, utgjer jern 95 prosent. Jern er billig å produsere og er lett å forme når det blir varma opp. Det er eit sprøtt metall, som rustar fort når det kjem i kontakt med oksygen og vatn. Rust kjem av ei sambinding mellom jern og oksygen, jernoksid.

Overflata på jorda inneheld om lag 6 prosent jern. Jern er dermed det fjerde mest vanlege grunnstoffet på jorda. Det indre kjernen av jorda er danna av jern og nikkel, som er blitt pressa saman av høgt trykk og temperatur. Jern blir utvunne av jernmalm, og jern er eit av stoffa som blir brukt til å lage stål.

Ferrum er det kjemiske namnet til jern. Ferrum er latin og tyder «fast». Grunnstoffet jern har det kjemiske symbolet Fe og har atomnummer 26. I periodesystemet er det plassert i periode 4 og gruppe 8. Jern har 26 proton og 26 nøytron i kjernen, og 26 elektron. Elektrona er fordelte på fire skal. Det inste skalet har 2 elektron, skal nummer to har 8 elektron, skal nummer tre har 14 elektron, og det yste skalet har 2 elektron. Metallatom er opptekne av å kvitte seg med elektrona i det yste skalet, noko som gir frie elektronar. Difor inneheld metall positive ion som er omringa av negativ ladning.

I jernalderen brukte dei jern for å lage tyngre reiskapar og våpen. Jernalderen er den yngste av dei forhistoriske periodane. Overgangen frå bronsealder til jernalder i Mellom-Europa skjedde i perioden 800–700 f.Kr. I Norden skjedde overgangen 200–300 år seinare. Jernalderen i Noreg deler vi inn i den eldre jernalderen og den yngre jernalderen. Den eldre jernalderen er tidsperioden 500 f.Kr. til om lag 550 e.Kr. Den yngre jernalderen er tidsperioden 550 e.Kr. til om lag 1050 e.Kr.

Har du nokon gong blødd i ein finger og putta han i munnen? Då har du kjent smaken av jern, for blod smakar jern. Jern er ein del av hemoglobinet, som er eit protein som inneheld jern. Det er jernet som gir hemoglobinet den raude fargen. Hemoglobin bind oksygen til dei raude blodcellene. Dei raude blodcellene fraktar oksygenet vidare rundt i kroppen vår.

Kjenneteikn på jernmangel er at ein kjenner seg slapp, trøytt og uopplagd. Mest utsette grupper er barn, unge og kvinner som misser mykje blod under menstruasjonen. Den beste kjelda til jern er kjøt, innmat, grønsaker og kornprodukt. Det er lurt å drikke appelsinjuice attåt. C‑vitaminet i juicen hjelper kroppen til lettare å ta opp jernet i blodet. Kaffi og te gjer at opptaket av jern blir mindre.

 

Kjelder

Knut Andersen, Torleiv Holmen, Leif Lynum og Bernt Pedersen: Dette er naturfag. 7.–9. klasse. Oslo 1990

Berit Borch-Iohnsen og Birger Svihus: «jern – ernæring», Store medisinske leksikon, sml.snl.no, oppdatert 31.08.2018: https://sml.snl.no/jern_-_ern%C3%A6ring [lesedato 6.10.2018]

Per Roar Ekeland ofl.: Tellus 10. Natur- og miljøfag for ungdomstrinnet. Oslo 1999

Erik Steineger og Andreas Wahl: Nova 10. Naturfag for ungdomstrinnet. Oslo 2015

 

Lars Thomas og Anders Bruun: «Jern: Naturens supergrunnstoff», illvit.no, publisert 2.12.2014: https://illvit.no/fysikk/det-periodiske-systemet/det-periodiske-system-jern [lesedato 3.9.2018]

Olympiatoppen / Norsk Helseinformatikk: «Pass på inntaket av jern og kalsium», nhi.no, oppdatert 14.1.2010: https://nhi.no/kosthold/ernaring/jern-og-kalsium/ [lesedato 5.10.2018]

Svein Stølen: «Jern», Kjemisk institutt, Universitetet i Oslo, mn.uio.no: https://www.mn.uio.no/kjemi/tjenester/kunnskap/periodesystemet/Fe/alt.html [lesedato 29.11.2018]

 

Peikarar

Helsebiblioteket / BMJ Best practice: «Jernmangelanemi», helsenorge.no

Geir Are Johansen: «Hvordan vikingene fremstilte jern», Lofotr Viking Museum (2003), youtube.com

Først publisert: 19.03.2019
Sist oppdatert: 20.03.2019