Hopp til innhold
X
Innhald

Jernteppet

Ordet jernteppe viser til det usynlege ideologiske teppet som delte Europa i to fiendtlege blokker i etterkrigsåra, fram til 1989.

Etter at verdskrigen var slutt i 1945, okkuperte sigersmaktene – Sovjetunionen, USA, Frankrike og Storbritannia – kvar sin del av Tyskland. Snart dukka gamle politiske motsetnader mellom Sovjetunionen og vestmaktene opp. Den gjensidige mistilliten vaks, og i 1946 uttalte Winston Churchill, som hadde vore britisk statsminister under krigen, at det hadde senka seg eit jernteppe over Europa. På den eine sida av jernteppet låg dei vesteuropeiske landa, i allianse med USA, på den andre sida dei austeuropeiske landa, kontrollerte av Sovjetunionen.

I 1949 oppretta dei tre vestlege okkupantane Forbundsrepublikken Tyskland (Vest-Tyskland), medan Sovjetunionen svarte med å skipe Den tyske demokratiske republikken (Aust-Tyskland). Frå 1949 til 1990 fanst det såleis to tyske statar. Den politiske spenninga vart intensivert då vestlege land danna NATO og kommuniststatane danna Warszawapakta. Under den kalde krigen var jernteppet både ideologisk og militært.

Berlin vart liggjande med éin del i aust og resten i vest. Over to millionar austberlinarar valde å flytte til Vest-Berlin, men i 1961 fekk austtyske styresmakter bygd ein 45 kilometer lang mur midt gjennom byen. Muren gjorde det nesten umogleg å krysse grensa til vest. Også landegrensene mellom Aust-Europa og Vest-Europa var strengt vakta.

Sist i 1980-åra endra situasjonen seg. Statsleiaren i Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov, innførte demokratiske reformer som skapte politisk tøvêr i Aust-Europa. I 1989 kom det folkelege protestar mot politisk undertrykking i Polen og Ungarn, og i austtyske storbyar tok demonstrantar til gatene.

9. november 1989 vart Berlinmuren opna for fri ferdsel, og snart etter riven. I 1990 vart Aust-Tyskland og Vest-Tyskland juridisk sameinte. Jernteppet var borte.

Kjelder

Joakim Brattvoll: «Forholdet Russland – USA: forakt og fascinasjon», nupi.no, publisert 15.1.2018: https://www.nupi.no/Skole/HHD-Artikler/2018/Forholdet-Russland-USA-forakt-og-fascinasjon [lesedato 14.12.2019]

Kate Hansen Bundt: «2009: Tyskland markerer, feirer og velger», nupi.no, publisert 25.10.2009: https://www.nupi.no/nupi/Publikasjoner/Innsikt-og-kommentar/Hvor-hender-det/HHD-2009/2009-Tyskland-markerer-feirer-og-velger [lesedato 14.12.2019]

Jarle Simensen: «Murens fall – hvorfor så overrasket?», morgenbladet.no, publisert 9.11.2019: https://morgenbladet.no/ideer/2019/11/murens-fall-hvorfor-sa-overrasket [lesedato 11.11.2019]

Julie Wilhelmsen: «Russlands to ansikter og norsk makt», nupi.no, publisert 18.11.2019: https://www.nupi.no/Nyheter/Russlands-to-ansikter-og-norsk-makt [lesedato 14.12.2019]

 

Peikarar

Churhill's Iron Curtain Speech, youtube.com

Historie: «Stort tema: 30-års jubileum for Berlinmurens fall», historienet.no

NRK: «Historieleterne: Den kalde krigen», nrk.no

Arnt Stefansen: «30 år uten jernteppet», nrk.no

Først publisert: 04.05.2020
Sist oppdatert: 06.05.2020