Hopp til innhold
X
Innhald

Jimmie Åkesson

Jimmie Åkesson er den mest omstridde og framgangsrike politikaren i Sverige dei siste ti åra. Med Åkesson som partileiar har det høgrepopulistiske partiet Sverigedemokraterna vorte eit av dei største i svensk politikk.

Jimmie Åkesson er fødd 17. mai 1979 og voks opp i Sölvesborg sør i Sverige. Han melde seg inn i Sverigedemokratisk Ungdom (SDU) som gymnaselev i 1995. I 1998 vart den då 19-årige Åkesson vald inn i kommunestyret (kommunfullmäktige) i Sölvesborg. I 2000 vart han leiar for SDU, og sidan 2005 har han vore partileiar for Sverigedemokraterna (SD). Mellom 1999 og 2005 studerte Åkesson ulike fag ved Universitetet i Lund, utan å fullføre ei utdanning. Han har aldri hatt jobb utanfor politikken.

Åkesson har definert Sverigedemokraterna som eit sosialkonservativt og nasjonalistisk parti. Han ser høg innvandring som ein trussel mot velferda og tryggleiken i Sverige og har vunne nye veljarar blant grupper som meiner at dei andre partia har svikta i innvandrings- og integreringspolitikken. Samstundes har Åkesson sagt at rasistar ikkje høyrer heime i partiet, og ei rekkje medlemer og tillitsvalde har vorte ekskluderte på grunn av rasistiske utsegner og valdshandlingar under leiarskapen hans. I 2018 vart det likevel avslørt at partiet hadde fleire kandidatar med nynazistisk bakgrunn på listene sine.

I 2010 vart Sverigedemokraterna for første gong representerte i den svenske Riksdagen, etter å ha fått 5,7 prosent av røystene. Ved neste val, i 2014, vart partiet det tredje største i Riksdagen, med 12,9 prosent, og dei har halde fram med å vekse på meiningsmålingane. Åkesson har likevel ikkje greidd å etablere noko samarbeid med dei andre partia, som oppfattar SD som eit rasistisk og populistisk parti.

Etter riksdagsvalet i 2014 vart Åkesson sjukmeld fordi han var utbrend. På same tid vart det avslørt at han hadde spelt på nettkasino for ein halv million kroner i 2014. Han kom gradvis tilbake som partileiar våren 2015.

Åkesson har gitt ut sjølvbiografien Satis polito (2013), artikkelsamlinga Tio år som partiledare 2005–2015 (2015) og debattboka Det moderna folkhemmet (2018). Han speler også keyboard og piano i bandet Bedårande Barn.

Kjelder

David Baas: «Var aktiva i nazistgrupp – nu kandiderar de för SD», expo.se: https://expo.se/2018/08/var-aktiva-i-nazistgrupp-nu-kandiderar-de-f%C3%B6r-sd [lesedato 1.9.2018]

Karin Eriksson: «Jimmie Åkesson: Vi är inte längre något katten släpat in», intervju i Dagens Nyheter 10. februar 2018 (krev abonnement), dn.se: https://www.dn.se/nyheter/politik/jimmie-akesson-vi-ar-inte-langre-nagot-katten-slapat-in/ [lesedato 1.9.2018]

Anna-Sofia Quensel og Daniel Vergara: «Åkessons okända skrift: Anslöt sig under nazibelastad period», Expo 28.11.2015, expo.se: https://expo.se/2015/11/%C3%A5kessons-ok%C3%A4nda-skrift-ansl%C3%B6t-sig-under-nazibelastad-period [lesedato 1.9.2018]

Riksdagen si nettside om Jimmie Åkesson, riksdagen.se: http://riksdagen.se/sv/ledamoter-partier/ledamot/jimmie-akesson_5ecb17ba-ebbe-4958-a142-a5134aff9808 [lesedato 1.9.2018]

Frank Rossavik: «Det er balsam for sjelen å lytte til Jimmie Åkesson» (krev abonnement), aftenposten.no: https://www.aftenposten.no/meninger/kommentar/i/wEQdMM/Det-er-balsam-for-sjelen-a-lytte-til-Jimmie-Akesson--Frank-Rossavik [lesedato 1.9.2018]

Fredrik Skavlan, Intervju med Jimmie Åkesson, NRK/SVT, 27.3.2015, youtube.com: https://www.youtube.com/watch?v=Kn8CRDvasPo [sett 1.9.2018]

Peikarar

Nettsidene til Sverigedemokraterna, sverigedemokraterna.se 

Først publisert: 05.09.2018
Sist oppdatert: 20.09.2018