Hopp til innhold

Joachim Rønneberg

Joachim Rønneberg var leiar for det som har vorte kalla den mest vellykka sabotasjeaksjonen under andre verdskrigen, sabotasjen mot tungtvassfabrikken på Rjukan, og det utan at sabotørane løyste eit einaste skot.

Joachim Rønneberg er fødd i Ålesund 30. august 1919. Oppglødd for å kunne kjempe mot den tyske okkupasjonsmakta reiste han som 20-åring til England med fiskeskøyta M/B «Sigurd» i mars 1941. Der melde han seg for sjefen for Linge-kompaniet, sunnmøringen Martin Linge, og etter kort tid vart Rønneberg plukka ut til ein serie med kurs som resulterte i at han vart den første norske instruktøren i sprenging og sabotasje ved det britiske treningssenteret i det skotske høglandet. Rønneberg var oppflaska med friluftsliv og speidarliv heimanfrå, og denne kunnskapen kom godt med i krigsåra.
(Artikkelen held fram under biletet)
Frå premieren på «Kampen om tungtvannet», 1948. Frå venstre: Knut Haukelid, Joachim Rønneberg, Jens-Anton Poulsson og Arne Kjelstrup. Kong Haakon helsar på Poulsson. Foto: Leif Ørnelund, Oslo Museum på Olsbilder.no CC BY-SA
Frå premieren på «Kampen om tungtvannet», 1948. Frå venstre: Knut Haukelid, Joachim Rønneberg, Jens-Anton Poulsson og Arne Kjelstrup. Kong Haakon helsar på Poulsson. Foto: Leif Ørnelund, Oslo Museum på Olsbilder.no CC BY-SA
Yngstemann
Trass i at han var yngstemann av dei ni Linge-karane i gruppa som fekk kodenamnet Gunnerside, og som hadde til oppdrag å sprengje tungtvassfabrikken på Vemork ved Rjukan, vart Rønneberg vald til leiar. Dei åtte andre har seinare sagt at det var eit naturleg val. Gruppa vart sleppt ned i fallskjerm på Hardangervidda og slutta seg til ei gruppe som alt hadde lege på vidda ei tid for å førebu aksjonen.
Like over midnatt 28. februar 1943 tok dei seg ned til tungtvassfabrikken utan å verte oppdaga, og sprengingsgruppa, under leiing av Rønneberg, tok seg inn i fabrikken og fekk plassert ladningane. Dei kom seg òg usedde ut att og i skjul før eksplosjonen utløyste alarmen. Ikkje eit skot vart avfyrt frå sabotørane si side. Dei kom seg opp på fjellet att, og Gunnerside-gruppa gjennomførte ein 14 dagars skitur til Sverige. Heller ikkje på denne turen vart dei oppdaga. Heile oppdraget vart gjennomført til punkt og prikke slik det var planlagt.
(Artikkelen held fram under lydvideoen)
I lydklippet høyrer du forteljinga om aksjonen, skrive av fenrik Joachim Rønneberg.
Sjå video frå NRK, produsert i 2015: Joachim Rønneberg - den siste sabotøren
Perfekt gjennomført
På alliert hald vart sprenginga av tungtvassfabrikken på Rjukan karakterisert som den mest perfekt gjennomførte sabotasjeaksjonen i okkupert område under heile krigen. Seinare er det skrive bøker og laga filmar om denne verdskjende aksjonen. Joachim Rønneberg har etterpå halde seg i bakgrunnen. Han og kameratane gjorde ein jobb, og grundig planlegging gjorde at det vart ein suksess.
Året etter vart Rønneberg saman med Linge-karane Birger Strømsheim og Olav Aarsæther, alle frå Ålesund, sleppte ut i fallskjerm over Tafjordfjella. Der skulle dei liggje klar til dei fekk ordre frå London om å drive sabotasje mot Raumabana. Også dette oppdraget vart utført.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Filmen «Kampen om tungtvannet», 1948.
Vart sivilist
Joachim Rønneberg fekk alle dei høgaste norske og allierte utmerkingane etter krigen, men var oppteken av å leggje krigen bak seg. Han skreiv rapportane om det han hadde vore med på, og vart sivilist. I mange år ville han ikkje snakke om det han hadde opplevd under krigen, men så oppdaga han i møte med unge menneske at dei visste lite om krigen og dei lærdomane som krigen hadde gitt oss. Under krigen hadde han sjølv gitt seg sjølv ein lovnad om at han ville gjere det han kunne for at Noreg ikkje skulle oppleve ein krig igjen. Verdien av freden ville han formidle til dei unge, men òg kor viktig det er å kunne forsvare seg. Rønneberg reiste rundt på hundrevis av skular og i forsamlingar og formidla freds-, fridoms- og humanismebodskapen sin til tusenvis av skuleelevar.
NRK-journalist
I 1948 vart han tilsett som programmedarbeidar ved avdelingskontoret til NRK i Ålesund. Han vart programsekretær i 1954 og var redaksjonssjef frå 1977 til han gjekk av i 1989. Som radiomann var han ein pioner i dette distriktet. Han reiste rundt med tungt utstyr og laga reportasjar og innslag både for riksnettet og lokalsendinga. Med si karakteristiske bassrøyst var han lett å kjenne att når han kom for å gjere opptak. Radiomannen Rønneberg vart eit omgrep og ein velkomen gjest i det store distriktet han dekte, heile Møre og Romsdal og i tillegg Nordfjord.
Friluftsmann
Friluftsmannen Rønneberg var både styremedlem og mangeårig formann i Aalesund Skiklub i åra etter krigen, og han er æresmedlem i klubben. Han tok initiativ til og fekk samla inn pengar til ei eiga krigshistorisk avdeling ved Aalesunds Museum, der også mange av våpna og utstyret han hadde brukt under krigen, er utstilt. Han har vore distriktsguvernør i Rotary og er heidra med organisasjonen si høgste utmerking, Paul Harris Fellow. Han fekk Ålesund kommune sin heiderspris i 1998, og i 1995 var han den første som fekk Sunnmørspostens heiderspris. Same året fekk han den internasjonale prisen frå Amalie Laksovs minnefond til vern om menneskerettane.
Kjelder
Intervju med Joachim Rønneberg
Artikkel i boka 100 år 100 navn. Personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000
Ivar Kraglund og Arnfinn Moland: Hjemmefront, bd. 6 i Norge i krig. Oslo 1987
J.A. Poulsson: Aksjon Vemork. Vinterkrig på Hardangervidda. Oslo 1982
Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren. Joachim H. Rønneberg – Linge-kar og fjellmann. Oslo 2011

Først publisert: 04.08.2014
Sist oppdatert: 20.04.2017