Hopp til innhold
Foto:Statsministerens kontor
Foto:Statsministerens kontor
X
Innhald

Johan Sverdrup

Johan Sverdrup, politikar og statsminister. Den fremste alliansebyggjaren i norsk politikk. Tok Noreg frå ein embetsmannsstat til eit parlamentarisk system.

Johan Sverdrup vart fødd på Jarlsberg herregard i Sem i Vestfold 30. juni 1816 og døydde 17. februar 1892.

Då Johan Sverdrup vart utnemnd til statsminister i Noreg den 26. juni 1884, var det truleg hans gamle draum som gjekk i oppfylling. Draumen han hadde då han vart stortingsrepresentant for første gong i 1851, var neppe å bli statsminister, men draumen var å endre systemet slik at det var fleirtalsviljen i Stortinget som skulle bli rettesnor for regjeringa. Sverdrup ville demokratisere eit system der embetsmannsregjeringa nærast fornya seg sjølv.

Då Sverdrup-regjeringa vart utnemnd i 1884, var det første gongen etter 1814 at heile regjeringa vart skifta ut.

Knytt til bonderørsla 

Johan Sverdrup var den yngste sonen til overlærar Jacob Sverdrup. Faren hadde vore forvaltar på Jarlsberg herregard sidan 1812, og dreiv dette godset fram til eit mønsterbruk.

I 1825 starta han landbruksskole på Sem, den første i Noreg, og i dette miljøet voks Johan Sverdrup opp. Mor hans døydde då han var tre år gamal, og det vart tanta hans, Elisabeth, som vart både oppdragar og lærarinne i guteåra. Elisabeth Sverdrup («tante Lise», som Johan Sverdrup kalla henne) var ei frisinna og kunnskapsrik kvinne som fekk mykje å seie for dei haldningane som Johan Sverdrup seinare la for dagen. Kontakten med dei unge bondegutane på landbruksskulen i oppveksten gjorde også at han kjende seg knytt til og forsto bonderørsla betre enn andre byrepresentantar når han seinare kom på Stortinget.

Johan Sverdrup flytta til Kristiania for å studere jus, men brukte lang tid og dreiv med mykje anna. Etter at faren døydde i 1841, fullførte han juridisk embetseksamen. Deretter var han advokatfullmektig hos svogeren sin i Seljord, før han 28 år gamal slo seg ned som sakførar i Larvik. Der vart han buande i over 12 år. 

Radikal opposisjonsmann 

I 1848 kom han inn i lokalpolitikken, og året etter vart han vald til ordførar. Derifrå var ikkje vegen så lang til å bli vald som stortingsrepresentant for Larvik og Sandefjord hausten 1850. Året etter møtte han på Stortinget, og sto nokså raskt fram som ein av dei radikale opposisjonsmennene i tingsalen. Sverdrup budde i Larvik til 1857, då han flytta til Vestre Aker, og frå 1859 og fram til han vart statsminister representerte han Akershus amt.

Han kom til at for å få til ei lettare samling med bøndene på Stortinget, så burde han ikkje stille som representant for ein by. Då den delen av Vestre Aker som han budde i, i 1876 vart ein del av Kristiania, flytta han difor til Norddal i Østre Aker, utanfor bygrensa, og der budde han resten av livet.

Frå ubetydeleg til helt

Fleire historikarar deler Sverdrups politiske liv inn i tre bolkar. Den første tida, frå 1851 til 1868, var ei vond og vanskeleg tid for Sverdrup. Han arbeidde i motvind heile tida, og fekk lite til. «En temmelig ubetydelig mann», var karakteristikken Frederik Stang brukte om han i 1862. Seinare endra nok Stang syn på det punktet.

I den andre bolken av Sverdrups politiske liv, frå 1868 til 1884, derimot, steig han fram som den store parlamentarikaren og folkeføraren. Knapt nokon norsk politikar har vore så heltedyrka blant nordmenn flest som det Sverdrup vart det i desse åra.

Jens Arup Seip har kalla dyrkinga av Sverdrup for ein «førerkultus». Arne Garborg skreiv i 1879: «Sverdrup er grunnen i alt; han er den det hele sviv um». Nærare Kim il Sung er det vanskeleg å kome i Noreg. Årsaka til den statusen han fekk, var hans maurflittige arbeid med å bygge opp ein fleirtalskoalisjon i Stortinget som kunne velte embetsmannsstyret.

I 1869 lykkast det for første gong å stemme ned embetsmennene og deira allierte på Stortinget, og dei neste åra dreiv Sverdrup ein slags offensiv mot regjeringa. Han tok ordet 302 gongar i dette Stortinget, og han utkonkurrerte Søren Jaabæk i å vere talsmann for bøndene sine saker.

Embetsstatens farvel

Heilt sidan han kom på Stortinget hadde han vore oppteken av dei konstitusjonelle sakene, mens bøndene stort sett hadde vore oppteken av sparepolitikk. Dei var mot alt som auka dei offentlege utgiftene. Sverdrup såg at han måtte ha med seg bøndene for å få makt til bryte ned embetsmannsstaten. Det var denne strategien som til slutt førte fram. For å få til det måtte han utforme eit program som ikkje var for presist. Det skulle samle ein lite einsarta opposisjon og gjere at alle kunne identifisere seg med det. Det lykkast han med i 1870-åra.

Han reiste land og strand rundt på folkemøte og skaffa seg fortrulege over heile landet som han brevveksla med. På Stortinget engasjerte han seg i dei fleste saker som kunne svekkje regjeringa Stang, men ikkje i saker som han risikerte å tape. Han var dessutan ein meister til å formulere enkle problemstillingar som folk kunne forstå, og han utvikla seg til ein framifrå folketalar.

Sverdrup vart boren fram på ein allianse mellom bondeopposisjonen og ei veksande middelklasse i byane. Han er nok den fremste alliansebyggaren vi har hatt i norsk politikk, men han lei den same vanlagnaden som den politiske motstandaren sin, Frederik Stang og fleire andre norske statsministrar, at han fekk statsministertittelen så seint i livet at det meste av sevjen hadde runne ut.

Glansdagane

Det var nok første delen av 1880-åra som var glanstida til Johan Sverdrup. Ved valet i 1882 var veljarane delt i to blokker. Plass til andre var der ikkje. Det var Venstre og Høgre som her kom til syne, fleire år før dei vart formelle parti. Sverdrup og Venstre vann ein stor siger, og denne ga grunnlag for riksrettssak mot ministeriet Selmer. Sverdrup sjølv var mindre oppteken av ein fellande dom i ei riksrettssak enn av å no det målet han hadde sett seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utsnitt av riksrettsprotokollen fra saka mot regjeringa Selmer i 1883–84, signert av Johan Sverdrup. Frå stortingsarkivet. Kredit: Stortinget, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Utsnitt av riksrettsprotokollen fra saka mot regjeringa Selmer i 1883–84, signert av Johan Sverdrup. Frå stortingsarkivet. Kredit: Stortinget, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Han ville ta makt frå regjeringa og kongen og auke makta til Stortinget. For Sverdrup var riksretten eit middel han ikkje likte å bruke, mens andre i Venstre pressa på for å påføre embetsstaten størst mogeleg tap. Sverdrup var varsam. Han ønskte seg ein gradvis overgang til parlamentarisme, og straks riksrettsdommen var klar, prøvde han å få til eit kompromiss som kunne dempe nederlaget for kongen.

Sverdrup var målretta. I arbeidet sitt med å samle opposisjonsgruppene på Stortinget til det som skulle bli Venstre, hadde han ingen tanke om å skipe eit permanent politisk parti, og endå mindre eit parti med ein stor organisasjon og eit demokratisk vedteke program. Partiet skulle hjelpe han med å få gjennomført dei sakene han brann for. Partiet skulle vere ein mobiliseringsfaktor, men ikkje ein politisk verkstad. Sverdrup ville ikkje bli styrt. Det første partiprogrammet han fekk utarbeidd var då også så lite forpliktande at det samla brei oppslutning, men utan å legge band på leiaren.

Parlamentarisme

Det er neppe rett å seie at   parlamentarismen var innført i Noreg i og med riksrettsdommen i 1884. Parlamentarismen festna seg gradvis gjennom konsekvent praksis. Dommen fekk derimot direkte og store konsekvensar for kongemakta. Utan vetorett i grunnlovssaker vart kongemakta sterkt redusert. Også regjeringa si sjølvstendige makt vart vesentleg svekka.

Gjennom røystinga si i riksretten hadde også Høgsterett fått autoriteten sin svekka. I riksretten vart høgsterettsdommarane sin juridiske fagkunnskap overprøvd av 17 folkevalde lekfolk, 15 av dei var bønder. Dei gamle maktorgana fekk jekka posisjonen sin mange hakk ned, og i staden framsto Stortinget som den store vinnaren. Det var situasjonen då kongen ikkje fann anna råd enn å utnemne sin gamle erkefiende Johan Sverdrup til statsminister. Det skjedde den 26. juni 1884. Då var han 68 år gamal. Han hadde kjempa i over 30 år for denne sigeren, og når han endeleg kunne nyte sigerens frukter så var det meste av kreftene oppbrukt.

Det var først og fremst opposisjonspolitikar han var. «Hans styrke lå først og fremst i aksjonen», sa ein av hans næraste, og det er all grunn til å tru Sverdrup når han hevda at han ikkje hadde noko spesielt ønskje om å bli statsminister. No når han tok over, var han sliten både på kropp og sjel. Som Frederik Stang stivna han til med åra og vart lite mottakeleg for andre synspunkt enn sine eigne. Også Sverdrup miste evna til å tolke teikna i tida. Mindre og mindre makta han å få dei unge i tale, og ungdomen fann seg andre høvdingar å sjå opp til.

Einsemd

Sverdrup var også ein einsam mann med svært få personlege venner. Eit særtrekk ved han var at han var flink til å samle seg allierte, men få av dei samla han på som venner. Einsemda som statsminister kom også av at han måtte flytte inn på statsministerbustaden i Stiftsgården i Kristiania åleine. Kona hans var gått bort eitt år før han vart statsminister.

Han var vonbroten over at ingen av sønene hans hadde lyst eller evner til å ta opp arven etter far sin.  Den einaste politiske venen han slapp inn på livet var brorsonen, Jakob Sverdrup, som han også tok med i regjeringa som statsråd i Stockholm. Han skulle bere arven vidare.

Når det gjeld personleg økonomi er Johan Sverdrup ein av dei mest tragiske figurane i norsk politikk. Sakførarforretninga i Larvik stansa av seg sjølv etter at han hadde blitt stortingsmann, og noko yrke ved sidan av fekk han seg ikkje. Han hadde stor familie (fem barn) og hadde berre stortingsdietten å leve av.

Det at han flytta til Vestre Aker gjorde det ikkje betre. Han brukte all si tid på politikken, og på den tida var stortingsverva ulønna. Det einaste dei fekk var ei daggodtgjersle for dei tre til fire månadane kvart tredje år dei normalt var samla. Det låg nok difor økonomiske motiv bak kravet om årlege storting, men uansett så hadde alle tingmennene eit levebrød ved sidan av vervet som stortingsmann. Sverdrup derimot, var Noregs første heiltidspolitikar.

Til slutt fekk han støtte til å bli stortingsvald direktør i Hypotekbanken og noko seinare også statsrevisor. Dette var lønna verv, men lønna var skral og han og familien måtte leve svært spartansk. Ei tid levde han på randen av konkurs, men vart berga av innsamlingar blant meiningsfellene sine.

I 1881, mens han var på høgda av si politiske makt, vart han så mykje plaga av gikt at han ikkje kunne ta på seg vervet som stortingspresident, men noko kuropphald hadde han ikkje råd til. Då tok stortingsfleirtalet affære og løyvde ein årleg sum på 6 000 kroner til Sverdrup. Dette vart kalla ei «nasjonalbelønning», og gjorde at Sverdrup kom seg på badekur til Kreuznach og vart kvitt kreditorane sine, men rik vart han aldri.

Det var først i 1910 at Stortinget manna seg opp til å gi stortingsrepresentantane ei fast årleg godtgjersle. Denne vart sett til 3 000 kroner og til og med ført inn i Grunnlova. Dei rekna nok ikkje med inflasjon den gongen, og i dyrtida under første verdskrigen måtte stortinget løyve dyrtidstillegg til den grunnlovsfesta stortingslønna.

Målmenn i regjeringa

Det var med stor varsemd at Johan Sverdrup skipa regjering i 1884. Han hadde kanskje blitt forskrekka over kor djup kløft den politiske kampen hadde skapt i det norske folk og kor splitta nasjonen var, men han visste at han sto på fleirtalets side. Noko av målet med den regjeringa han skipa var nok å dempe konflikten og å skape ein glidande overgang. Fleirtalet av regjeringsmedlemene sto heller fjernt i høve til Venstre, og dei venstrefolk som var med, høyrde til den moderate delen av partiet. 

Halvparten av statsrådane var embetsmenn, sju av dei ti hadde juridisk embetseksamen, to hadde teologisk. Berre ein var bonde. Det var ikkje ei regjering som var eigna til å skræme kongen, men mange venstrefolk vart irritert når jubelen over skiftet hadde lagt seg. Derimot var det eit tidsskilje at to målmenn var komne med i regjeringa, bonden Baard Haugland frå Søndre Bergenhus og salmediktaren og presten Elias Blix. Det ville ha vore utenkjeleg under det gamle regimet.

Ein statsråd ville ikkje kongen ha og det var den unions-radikale Johannes Steen. Det godtok Sverdrup. I staden vart Steen stortingspresident.

Jubel

Over heile landet steig jubelen opp over at Sverdrup no skulle bli statsminister. Om den nye regjeringa skreiv Verdens Gang: «Den er fullbyrdelsen af menneskealdres seige kamp. den betegner, at nu er Ejdsvoldsværket gaat over fra løfter til liv. Noreg er i sandhed gaat ind i de fri staters række». Eit arbeidartog i Kristiania samla 10 000 menneske som hylla Sverdrup.

Den store Bjørnstjerne Bjørnson derimot var ikkje nøgd med Sverdrups moderate regjering og varsame tilnærming til kongen. I eit telegram til ein svensk venn skreiv han: «Just, da de andre syntes, Sverdrup var størst, da svant han for mig in fra en statue til en ordinær büste».  

All makt i denne sal

Som statsminister sette Sverdrup mykje inn på å få løyst nokre av dei gamle merkesakene sine. Berre nokre dagar etter utnemninga, den 30. juni gjorde Stortinget nytt grunnlovsvedtak som opna for statsrådane i Stortinget, og dagen etter sanksjonerte kongen lova. Dagen etterpå, den 2. juli, var historisk. Då kunne den norske regjeringa med Sverdrup i spissen for første gong ta sete i stortingssalen.

I talen sin då minte Sverdrup om at makta no var samla i denne salen. I ettertid er det mange som har tolka det slik at han meinte at Stortinget skulle ha all makt, men meininga var nok heller at makta var samla i denne salen fordi både regjeringa og stortingsrepresentantane no sat der.

Viktige kampsaker

Den nye regjeringa kom snøgt i arbeid og viktige kampsaker som vart ordna, var utviding av røysteretten, innføring av lekmannsjury i rettsvesenet, ny folkeskulelov og jamstelling mellom nynorsk og riksmål. Alt før regjeringa tok til med arbeidet, var der kløyvingstendensar i Venstre.

Fleire gongar måtte Sverdrup bruke kabinettspørsmål for å halde si eiga gruppe samla. Kampen mot embetsmannssaten var vunnen og den saka som batt ein heller brei og laus koalisjon av meiningar saman, var med eitt borte.  

Dei gamle sparepolitikarane frå bondeopposisjonen forventa at Sverdrup skulle gi billegare statsdrift. Andre hadde forventningar om sosiale reformer som ville koste pengar. Kyrkjelege reformvenner frå lekmannsrørsla på Vestlandet ville ha kyrkjereform og den kristelege stat.

Alt dette kunne ikkje sameinast når det ytre trykket var borte, og etter eit halvt år kom splittinga til syne. Det ein kan kalle broderkrigen vart utspela for open scene og spreidde seg etter kvart til alle delane av partiet.

Kielland-striden

For eit fullsett publikumsgalleri på Stortinget krangla dei to Venstre-fraksjonane om diktarlønn til Alexander Kielland. Sverdrup sjølv var taus. Dei moderate ville ikkje gi diktarlønn, fordi dei meinte Kielland hadde vore for kritisk mot den pietistiske lekmannsrørsla. Saman med Høgre hadde desse fleirtalet. Tre gongar kom Kielland-saka opp att, og kvar gong med same resultat. Splittinga vart djupare og djupare, og Sverdrup sjølv meir og meir handlingslamma.

I 1888 vart splittinga total. Vestlandsfraksjonen braut ut og skipa sitt eige parti, Moderate Venstre. I partiet Venstre var det resten, det «reine» Venstre, som framleis hadde fleirtalet, og begge fløyene kravde no at Sverdrup klart måtte ta stilling og velje side. Det var vanskeleg for han, og det vart ikkje lettare av at han no var gammal og svekka.

Helsa hans hadde lenge vore dårleg. Han var plaga av hoste, og alt i 1870 hadde han fått leddgikt som gjorde at han gjekk med smerter nesten støtt. Ein tysk lege som undersøkte han i 1881 sa at Sverdrup lei av alderdomssvekking. Alt før han hadde vunne, var han helsemessig på retur.

På landsmøtet sitt i 1887 hadde Noregs Venstreforening hylla Johannes Steen som den nye leiaren sin. Sverdrup var borte, og i mange Venstre-aviser vart han no kalla ein svikar. Då  Stortinget kom saman i februar 1888, vart Venstre-gruppa  straks sprengt, og det Reine Venstre skipa si eiga gruppe. I fleire avrøysingar det året vart regjeringa Sverdrup berga ved at Høgre røysta saman med Moderate Venstre.

Sverdrup sjølv hadde ikkje krefter til å vere med i valkampen i 1888, men splittinga i to venstre-parti gjorde at Høgre etter valet kom inn med den største gruppa i Stortinget, men utan å ha reint fleirtal. I 1889 prøvde Johan Sverdrup å kome til forståing med Reine Venstre, men måtte 2. juli levere inn regjeringa sin søknad om avskjed. På den måten unngjekk han å bli felt.

Ein uthaldande politikar

Sett i ettertid var det saklege innhaldet i den store forfatningsstriden i desse åra eigentleg nokså fattig på det vi i dag normalt kallar konfliktstoff. Striden om kongen hadde absolutt veto i grunnlovssaker eller ikkje vart nærast gjort til eit spørsmål om liv eller død. Fekk kongen slikt veto ville Noreg nærast få eit despotisk styresett. Slik var det sjølvsagt ikkje, men striden vart sett på spissen for å verke mobiliserande og partibyggande.

Etter at riksretten hadde sagt sitt og Sverdrup hadde kome til makta, kravde han i realiteten aldri at kongen skulle skrive frå seg vetoretten. Kravet vart gløymt i jubelen. Det var nok embetsmannsstatens nederlag som var det viktige og epokeskiljande, ikkje det saklege innhaldet i striden.

Det er få norske parlamentarikarar som har hatt større makt og som er blitt hylla meir enn Johan Sverdrup, men størst makt hadde han mens han enno var i opposisjon. Mens dei enno var venner, sa Bjørnstjerne Bjørnson om han at han var «en del av Noregs flagg». Sverdrup var ein uthaldande politikar. «Den som er trå, han vinner», sa han, men når han endeleg fekk plass ved statsroret, så var det hans eigne som gjorde livet hans utriveleg.

Johan Sverdrup døydde 17. februar i 1892, og Stortinget vedtok samrøystes at staten skulle stå for gravferda.

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 13.03.2012
Sist oppdatert: 25.07.2017