Faktaboks

Jon Eikemo

Jon Magne Eikemo

Fødd
30. november 1939, Åsane (no Bergen)
Verke
Skuespiller
Familie

Foreldre: Handelsmann Johannes Eikemo (1901–77) og Malmfrid Breistein (1908–73).

Gift 1) 1969 med Mimmi Nordby (1934–), datter av ingeniør Sverre Nordby og hustru Magnhild, ekteskapet oppløst 1980; 2) 1986 med Helene Sofie Rasmussen (16.8.1968–), datter av cand.mag. Odd Rasmussen (1920–90) og Haldis Jakobsen (1939–), ekteskapet oppløst 1999.

Jon Eikemo sammen med Reidar Sørensen (i midten) og Nils Sletta (til høyre) i Det Norske Teatrets oppsetning av Ungkarsfesten i 2003.
/Scanpix.
Jon Eikemo i Oslo Nye Teaters oppsetning av Tørres Snørtevold (1976)
/Oslo Nye Teater.

Jon Eikemo er ein folkekjær norsk skodespelar på både teater og film. Han har nådd eit stort publikum gjennom fleire einmannsførestillingar, ikkje minst med tekstane til Jakob Sande.

Eikemo blei elev ved Statens Teaterhøgskule i 1958 og studerte òg to semester ved Royal Academy of Dramatic Art i London. Han debuterte som skodespelar på Riksteatret som Paul i Olav Duuns, og han var tilsett der til 1963. Han var knytt til Fjernsynsteatret i 1963–1965, Det Norske Teatret i 1965–1967, Nationaltheatret i 1968–1969 og 1970–1972, Den Nationale Scene i 1969–1970 og 1972–1975 og Oslo Nye Teater i 1975–1978. Frå 1978 har han vore tilsett ved Det Norske Teatret.

Teaterroller

Ved Den Nationale Scene spela Eikemo mellom anna tittelrollene i Peer Gynt (1969) og Woyzeck av Georg Büchner (1975). Han har spela i fleire stykke av Bertolt Brecht, mellom anna i tittelrolla i Schweyk i annen verdenskrig (1972) ved Den Nationale Scene og pave Urban 8. i Galileis liv (1984), feltkokken i Mor Courage (1986) og tittelrolla i Puntila (1987) ved Det Norske Teatret.

Jon Eikemo har spela ei rekkje klassiske roller ved Det Norske Teatret, mellom anna Hjalmar Ekdal i Vildanden av Henrik Ibsen (1981), Narren i Kong Lear av William Shakespeare (1983), tittelrolla i Faust av Goethe (1985), Oronte i Misantropen (1997) og Arnolphe i Hustruskolen (1998) av Molière, tittelrolla i Jeppe paa Bjerget av Ludvig Holberg (1999), Gerhardsen i Frode Gryttens Bikubesong (2003) og onkel i Lærde damer av Molière (2007). I fleire av desse stykka og som revyskodespelar på ABC-teatret og Chat Noir har Eikemo fått syne det komiske talentet sitt.

Film og TV

Eikemo debuterte som filmskodespelar i De ukjentes marked (1968). Sidan har han spela i ei rekkje filmar, mellom anna i Sverre Udnæs-filmatiseringa Øyeblikket (1977), familiefilmane Mormor og de åtte ungene i byen (1977) og Mormor og de åtte ungene i skogen (1979), Orions belte (1985), Karachi (1989) og Forfall (2002). Han har òg hatt markerte roller i fleire TV-produksjonar, til dømes tittelrolla i Kong Sverre (1978), Adolf Lindström i Kappløpet mot Sydpolen (1985), Hagelin i Vidkun Quisling. Et liv – en rettssak (1988) og Wilhelm Frimann Koren Christie i 1814 (1989).

Andre prosjekt

Jon Eikemo er ein høgt skatta formidlar av diktaren Jakob Sande. I 1979 fekk han Spellemannprisen for ei plate med dikt av Sande. Einmannsførestillinga Jakob Sande & Jon Eikemo, trur eg ... (1991–1992) blei ein av dei største suksessane til Det Norske Teatret gjennom tidene.

Han er samfunnsinteressert og har i ulike samanhengar engasjert seg i arbeidet for miljø, rettferd og fred. I samband med EU-striden i 1994 var han aktivt med seg på nei-sida. Ved stortingsvalet i 2009 var han ført opp på lista til Senterpartiet i Oslo.

Som fritidsbonde har han drive slektsgarden i Eksingedalen.

Jon Eikemo har fått ei rekkje prisar, mellom anna Kritikarprisen (1991/92) og Norsk kulturråds ærespris (2007).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg