Hopp til innhold
Foto: Olav Heggø/ Fotovisjon
Foto: Olav Heggø/ Fotovisjon
X
Innhald

Jon Georg Dale

Jon Georg Dale, kjøtskjerar av yrke, er samferdsleminister. Han er den einaste nynorskbrukaren i regjeringa.

Jon Georg Dale er fødd i Volda 16. juni 1984. Han har bakgrunn frå lokalpolitikk og var den yngste som nokon gong er vald inn i formannskapet i Volda. Han har vore gruppeleiar for Framstegspartiet i Volda kommunestyre og har òg vore politisk nestleiar i både Møre og Romsdal FrP og i Møre og Romsdal FrPU. Ved valet i 2009 var han første varamann til Stortinget for FrP i Møre og Romsdal, og frå 2013 er han fast medlem.I perioden 2007–11 møtte han i fylkestinget. I 2010 flytte Dale til Oslo, då han fekk jobb som helsepolitisk rådgivar i stortingsgruppa til Framstegspartiet. 

Lokalt både i kommunestyret og i fylkestinget har han særleg interessert seg for samferdselspolitikk og helsepolitikk. Hausten 2013 vart han utnemnd til statssekretær for samferdselsminister Kjetil Solvik-Olsen og hausten 2014 vart han utnemnd som statssekretær i Finansdepartementet. 16. desember 2015 vart han utnemnd til landbruksminister i Solberg-regjeringa. Han var då den yngste medlemmen i regjeringa. Jon Georg Dale er den første statsråden frå Volda og den einaste nynorskbrukaren i regjeringa. Dale er vald inn på Stortinget for perioden 2017–2021. Frå 2018 er han samferdsleminister.

Dale er utdanna kjøtskjerar og har praksis frå fleire matvarebedrifter. Han har òg arbeidd på eit oppdrettsanlegg i eit par år. I fritida har han arbeidd mykje med trening av gjetarhundar, og han har vore fylkesmeister i Møre og Romsdal i bruk av gjetarhund. Sauehald har òg vore ei store interesse.

Dale fekk i 2017 Målprisen 2016 frå Volda Mållag for godt og viktig arbeid for bruk av dialekt og nynorsk skriftmål.

Kjelder

Notat frå Jon Georg Dale

Statssekretær Jon Georg Dale, regjeringa.nohttp://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/dep/politisk_ledelse/statssekretar-jon-georg-dale.html?id=743022 [lesedato 21.1.2014]

Samferdselsdepartementet, regjeringa.nohttp://www.regjeringen.no/nb/dep/sd.html?id=791 [lesedato 21.1.2014]

Pressemelding: Endringer i regjeringen, regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/endringer-i-regjeringen/id2467606/ [lesedato 16.15.2015]

Først publisert: 21.03.2014
Sist oppdatert: 31.08.2018