Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Hjørnevik

Jon Hjørnevik er ein norsk humorpoet, kabaretforfattar og komikar med mange sprelske bøker og show. Han er utdanna statsvitar og arbeider som tekstforfattar i reklamebyrå.

Jon Hjørnevik er fødd på Voss 14. april 1970 og bur i dag i Bergen. Etter vidaregåande skule studerte han i 1990–91 bedriftsøkonomi ved BI i Bergen. Seinare studerte han samfunnsfag og vart cand.polit. ved Universitetet i Bergen i 1998. 

Frå 1996 var Hjørnevik i ei årrekkje tekstforfattar for fleire plateinnspelingar, mellom dei to plater av visepopgruppa Aftenlandet. Han har òg vore tekstforfattar og frontfigur i kabaretar. Frå 1998 til 2000 var han tilsett som førstekonsulent i forvaltningsrevisjonen i Oslo kommune. Sidan 2000 har han vore sjølvstendig næringsdrivande som forfattar, journalist og artist, men han har i tillegg vore tilsett som tekstforfattar i fleire reklamebyrå.

Hjørnevik debuterte i 2001 med diktsamlinga I ein sofa frå Korea. Med den tok ei heilt ny og annleis røyst plass i det norske litteraturlandskapet. Allereie året etter kom Den vanskelege andreboka, også det ei humørfylt og underhaldande diktsamling. I 2004 gav han ut lydboka Eit liv i offside, med opplesing av eigne dikt. Same året kom det særeigne oppslagsverket Hjørneviks store norske leksikon, ei bok med 211 oppslagsord med humoristiske forklaringar.

Sidan har det kome fleire bøker med skråblikk på kvardagshendingar, med titlar som Shortsen til far min og Flukta frå Rekkehuset. I 2018 kom den sjuande diktsamlinga, Ikkje alle gjorde motstand under krigen, ei diktbok med humoristiske og ironiske vinklingar av små og store krigar i og mellom menneska.

 

Kjelder

E‑post frå Jon Hjørnevik 29.1.2018


Nettstaden til Jon Hjørnevik, jonhjornevik.com: http://www.jonhjornevik.com/ [lesedato 3.2.2018]

Jon Hjørnevik, forfattarside, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/jon-hjornevik [lesedato 3.2.2018]

 

Peikarar

Atle Nielsen: «Hjørnevik samlar seg stadig», bok365.no, publisert 19.2.2014

Solfrid Langeland: «– Nå orker jeg ikke mer», bergensavisen.no, publisert 22.5.2015

Først publisert: 06.05.2019
Sist oppdatert: 06.05.2019