Hopp til innhold
Jøran Kallmyr. Foto: Olav Heggø, Fotovisjon. Kjelde: Justis- og beredskapsdepartementet.
Jøran Kallmyr. Foto: Olav Heggø, Fotovisjon. Kjelde: Justis- og beredskapsdepartementet.
X
Innhald

Jøran Kallmyr

Jøran André Smedal Kallmyr, jurist, FrP-politikar og tidlegare statssekretær. Justis- og innvandringsminister i Solberg-regjeringa frå mars 2019.

Jøran Kallmyr er fødd 15. april 1978 i Fræna i Møre og Romsdal. Han gjekk på Fræna vidaregåande skole i 1994–97 og tok mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2012.

I perioden 2003–06 arbeidde han som rådgivar for miljø- og samferdselsbyråden i Oslo, i 2006–07 for helse- og sosialbyråden. Han var helsebyråd i 2008–09, byråd for miljø og samferdsel i 2009–11 og leiar av byutviklingskomiteen i 2011–12. frå 2012 til 2014 arbeidde ham som advokatfullmektig hos advokatfirmaet Ræder, og han var statssekretær først for Anders Anundsen og deretter Sylvi Listhaug i justis- og beredskapsdepartementet i 2014–16. Frå 2016 til 2019 var han tilbake i advokatfirmaet Ræder, no som advokat og partnar. Kallmyr blei justis- og innvandringsminister i Solberg-regjeringa i 2019.

Kallmyr har vore leiar av Møre og Romsdal FpU, var leiar i Oslo FpU i 2000–03 og medlem av sentralstyret til ungdomsorganisasjonen i 2004–06. Han var vald inn i bystyret i Oslo kommune for FrP i 2007–15 og var medlem av finanskomiteen i 2012–14.

Kallmyr blei tidleg oppteken av at samfunnet må leggje betre til rette for individet si personlege utfalding, og han kallar seg liberalist. Som liberalist er han i prinsippet tilhengjar av fri innvandring, men han peikar på at dette i røynda ville ha gjort Noreg til eit så ettertrakta migrasjonsmål at det ville truge velferdsstaten. I praksis er han derfor for ein streng innvandringspolitikk og vil ha strengare reglar for familiegjenforeining. Han fekk prøvd seg som talsperson for asylpolitikken til regjeringa medan han var statssekretær, og han var sentral både i handteringa av migrantkrisa og asylbarnavtalen i 2015. Kallmyr er for ein streng asylpolitikk. Han går òg inn for å straffe kriminelle hardare og vil auke den generelle maksimumsstraffa frå 21 til 30 år.

 

Kjelder

Margrethe Zacho Haarde: «Den underlige liberalisten», Aftenposten, 27.4.2019


Justis- og beredskapsdepartementet: «Justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr (Frp)», regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dep/jd/org/justis--og-innvandringsminister-joran-kallmyr/id2638948/ [lesedato 1.4.2019]

Jøran Kallmyr, profil på Linkedin, linkedin.no: https://no.linkedin.com/in/j%C3%B8ran-kallmyr-ba060617 [lesedato 2.4.2019]

Henrik Skjevestad: «Valg-spesial: Derfor velger jeg Fremskrittspartiet», advokatbladet.no, publisert 4.9.2017: https://www.advokatbladet.no/valg-2017/valg-spesial-derfor-velger-jeg-fremskrittspartiet/111823 [lesedato 2.4.2019]

 

Peikarar

Anniken Aronsen ofl.: «Jøran Kallmyr – Frps syvende justisminister i Solberg-regjeringen», vg.no

Anders Brekke og Lisbeth Skei: «Jøran Kallmyr blir ny justisminister», nrk.no

Bjørn Egil Halvorsen ofl.: «En 'breial' eks-badebyråd og Liverpool-supporter fra Fræna: Dette er Jøran Kallmyr (Frp), Norges nyeste justisminister», aftenposten.no

Først publisert: 19.06.2019
Sist oppdatert: 19.06.2019