Hopp til innhold
Justin Trudeau. Pressefoto på den offisielle nettstaden til statsminister Justin Trudeau, pm.gc.ca (fritt tilgjengeleg for ikkje-kommersiell bruk).
Justin Trudeau. Pressefoto på den offisielle nettstaden til statsminister Justin Trudeau, pm.gc.ca (fritt tilgjengeleg for ikkje-kommersiell bruk).
X
Innhald

Justin Trudeau

Justin Trudeau er statsminister i Canada og leiar av det liberale partiet. Optimismen han tok med seg inn i partiet då han blei partileiar i 2013, sikra dei liberale valsiger ved parlamentsvalet i 2015.

Justin Trudeau er fødd 25. desember 1971 og er utdanna lærar og ingeniør. Han har òg ei ufullført utdanning i miljøvernkunnskap. Han var mellom anna dramalærar i fleire år, før han i 2005 blei overtalt til å gå inn i politikken. Han er rekna som ein framifrå offentleg talar og tok seg godt betalt for taleoppdraga. 


Trudeau-familien høyrer til den sosiale og økonomiske eliten i Canada. Dei har skotske og franske røter. Fleire av forfedrane på farssida gjorde det godt i næringslivet, og nokre gjorde politisk karriere. På morsida finn ein britiske adelsmenn og embetsmenn i koloniane, til dømes i Singapore. Trudeau er eldste son til den tidlegare statsministeren Pierre Trudeau og kona Margaret.

 

Den unge Justin voks opp i statsministerbustaden i Ottawa og møtte der leiande politikarar og næringslivstoppar. Historia om Richard Nixon på besøk i Ottawa går att i alle forteljingar om Justin Trudeau: I ein skåltale omtalte den amerikanske presidenten den nyfødde statsministersonen som framtidas statsminister i Canada. Men lydbandopptaka frå Det kvite huset synte seinare at presidenten tykte opphaldet i Ottawa hadde vore bortkasta.

Justin Trudeau står for ein moderne, pragmatisk liberal politikk, med vekt på grøne verdiar, likestilling mellom menn og kvinner, og mellom urfolket i Canadas og det innvandra fleirtalet. Her frå eit møte med stammerådet til File Hills Qu’Appelle. Foto frå den offisielle nettstaden til statsminister Justin Trudeau, pm.gc.ca (fritt tilgjengeleg for ikkje-kommersiell bruk).

Justin Trudeau står for ein moderne, pragmatisk liberal politikk, med vekt på grøne verdiar, likestilling mellom menn og kvinner, og mellom urfolket i Canadas og det innvandra fleirtalet. Her frå eit møte med stammerådet til File Hills Qu’Appelle. Foto frå den offisielle nettstaden til statsminister Justin Trudeau, pm.gc.ca (fritt tilgjengeleg for ikkje-kommersiell bruk).

 

Offentleg og privat skule

Mora ville at Justin skulle gå på ein offentleg skule. Men etter at faren hadde slutta som aktiv politikar i 1984, og foreldra hadde gått kvar til sitt, flytta han med dei tre sønene til Montreal. Der gjekk Justin på same eliteskulen som faren hadde gjort, Collège Jean-de-Brébeuf, som var ein privat skule. Han tok så ein bachelorgrad i litteratur ved McGill University i Montreal, og etter det studerte han pedagogikk ved University of British Columbia i Vancouver, der han tok endeleg eksamen i 1998. Same året miste den yngre broren hans, Michel, livet i eit snøskred. I åra etter arbeidde Justin som lærar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.

 

Justin Trudeau voks opp i medias lys. Det blei ein naturleg del av livet for sonen til Canadas fremste politikar. Mora blei etter skilsmissa etter kvart sjølv ein kjendis, ikkje minst då ho blei assosiert med folk som Mick Jagger i The Rolling Stones.

 

Den 28 år gamle Justin blei kjend over heile landet då han heldt tale over faren ved den statlege sørgjeseremonien etter at han døydde av kreft i 2000. Seremonien blei send i radio og fjernsyn over heile landet og fekk stor merksemd. «Det var ei storveges førestilling», skriv den Trudeau-kritiske journalisten Paul Tuns i boka The Dauphin. The Truth About Justin Trudeau. Sonen tok i bruk alle retorikkens former og avslutta med «Je t'aime, papa» – «Eg elskar deg, pappa».

Justin Trudeau besøker Queen's University i 2013. Foto: Queen's University, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Justin Trudeau besøker Queen's University i 2013. Foto: Queen's University, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Talekonkurransar

Trudeau hadde vore ein aktiv deltakar i debattforeininga ved McGill og var med i talekonkurransar. Han var difor ein røynd talar og debattant då han talte ved båra til faren. Men etter det blei han stadig oftare nemnd av politiske kommentatorar som ein framtidig liberal politikar. Partiet var svekt på denne tida, men Justin hadde ikkje engasjert seg i politisk verksemd og var ikkje medlem av det liberale ungdomspartiet. Difor nølte han. Men som etterspurd talar var han engasjert i frivillig arbeid både med miljøvern og i humanitære aksjonar. Han var òg med i fjernsyns- og radioprogram og hadde ei rolle i ein film. I 2005 tok han til på eit masterstudium i miljøgeografi ved McGill, og samstundes blei han leiar for eit ungdomsprogram i det liberale partiet.

 

Engasjementet for det liberale partiet blei etter kvart sterkare, og i 2007 var han så aktiv i partiet at han blei oppmoda til å stille som kandidat til parlamentet i ein valkrins i Montreal. Han vann nominasjonen, og ved parlamentsvalet i oktober 2008 blei han vald inn. Han blei utnemnd til talsmann for partiet i innvandringsspørsmål. På dette feltet blei han ein skarp kritikar av den sitjande konservative regjeringa. Han seier ofte at Canada kan bli «det einaste landet i verdshistoria som er sterkt på grunn av mangfald, ikkje trass i det».

 

Partileiar og statsminister

I 2011 var det val igjen, og det liberale partiet gjorde eit katastrofalt dårleg val. Partileiaren, den verdskjende Harvard-historikaren og forfattaren Michael Ignatieff, trekte seg etter valet. I staden skreiv han ei vidgjeten bok der han som vitskapsmann analyserte dagens politiske kultur, som han fann brutal og nådelaus. Det blei ein langvarig strid om stillinga etter han, men til sist sigra Trudeau. Med han kom optimismen attende i partiet, og 19. oktober i 2015 sigra dei liberale over den Stephen Harpers konservative parti og danna regjering under leiing av Trudeau.

Foto frå den offisielle innsettinga av Justin Trudeau som statsminister i 2015.  Foto frå den offisielle nettstaden til statsminister Justin Trudeau, pm.gc.ca (fritt tilgjengeleg for ikkje-kommersiell bruk).

Foto frå den offisielle innsettinga av Justin Trudeau som statsminister i 2015.  Foto frå den offisielle nettstaden til statsminister Justin Trudeau, pm.gc.ca (fritt tilgjengeleg for ikkje-kommersiell bruk).

 

Alle er samde om at Justin Trudeau er karismatisk og optimistisk, og han vekkjer sterke kjensler hos veljarane. Han blei lyfta fram som statsminister på ei bølgje av entusiasme. Valresultatet var det nest beste i partihistoria, og han sjølv var den nest yngste statsministeren då han tok over stillinga.

 

Trudeau står for ein moderne, pragmatisk liberal politikk, med vekt på grøne verdiar, likestilling mellom menn og kvinner, og mellom urfolket i Canadas og det innvandra fleirtalet. Han åtvarar mot den quebec-ske separatismen. Han taler middelklassa si sak, som han meiner er under press, og vil skattleggje dei rike strengare. Trass i si katolske tru står han for ein liberal abortpraksis. Han vil òg liberalisere narkotikapolitikken og gjere cannabisbruk lovleg, men med strenge lover mot sal til mindreårige. Han vil dessutan reformere valsystemet og innføre proporsjonale val i staden for fleirtalsval i einmannskrinsar. Internasjonalt vil han halde Canada ute av konfliktområda i Midtausten.

Justin Trudeau, 2013. Foto: Joseph Morris, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Justin Trudeau, 2013. Foto: Joseph Morris, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

 

Sterke motstandarar

Jamvel om Trudeau skapte stor entusiasme hos veljarane før og etter valet i 2015, har han sterke motstandarar i parlamentet og i pressa. Høgresida framstiller han som ein intellektuell lettvektar og ein substanslaus talar, som er meir skodespelar enn politikar. At han har temperament, synte han i mai 2016, då han i ein debatt i parlamentet gjekk til fysisk åtak på opposisjonsleiaren, George Brown, og støytte ein kvinneleg representant frå det sosialdemokratiske partiet, NDP i brystet med olbogen. «Det gjorde vondt», sa Ruth Ellen Brosseau til The Guardian. Hendinga blei omtalt som «Elbowgate». Handgrepet mot Brown var medvite, det andre var eit uhell. For dette bad Trudeau tre gonger om orsaking.

 

Trudeau er ein friluftsmann som òg kan bokse, noko han gjorde då han som kandidat til parlamentet vann ein boksekamp mot ein konservativ kandidat i ei turnering til inntekt for kreftsaka. Men som statsminister meiner nok veljarane at han vil tene på å halde seg til verbale oppgjer i staden for kampar på tørre nevane.

 

Trudeau er gift med ein barndomsven, fjernsynsjournalisten Sophie Grégoire, og har tre born, to gutar og ei jente.

Justin Trudeau på boksetrening. Foto frå den offisielle nettstaden til statsminister Justin Trudeau, pm.gc.ca (fritt tilgjengeleg for ikkje-kommersiell bruk).

Justin Trudeau på boksetrening. Foto frå den offisielle nettstaden til statsminister Justin Trudeau, pm.gc.ca (fritt tilgjengeleg for ikkje-kommersiell bruk).

Kjelder

Justin Trudeau: Common Ground. HarperCollins, Canada 2014 

Paul Tuns: The Dauphin. The Truth About Justin Trudeau. Freedom Press, Canada 2015 

The Guardian, 31. mai 2016

Først publisert: 17.03.2017
Sist oppdatert: 20.03.2017