Hopp til innhold
Foto av måleriet «Slaget ved Kringen» av Georg Fredrik Nielsen Strømdal (1856–1904). Kjelde: Digitalt Fortalt, Arkivverket, digitaltmuseum.no. Inventarnr.: DF.7592. CC BY 4.0.
Foto av måleriet «Slaget ved Kringen» av Georg Fredrik Nielsen Strømdal (1856–1904). Kjelde: Digitalt Fortalt, Arkivverket, digitaltmuseum.no. Inventarnr.: DF.7592. CC BY 4.0.
X
Innhald

Kalmarkrigen (1611–1613)

Kalmarkrigen var ein nordisk krig mellom 1611 og 1613. Danmark-Noreg og Sverige hamna då i krig om Finnmark, men kampane gjekk mest føre seg sør i Sverige. Danskekongen ville ha norske bønder til å slåst, men dei drog heller heim til onnearbeidet.

Svenske, norske og russiske kongar hadde vore i strid om herredømet på nordkalotten sidan 1200-talet. På 1500-talet pressa svenskekongen på for å utvide området sitt mot kysten og kravde difor skatt frå samane der. Eit mål for både den svenske og den dansk-norske kongen var no dessutan kontroll over russisk handel i nord, ved å krevje toll på den engelske handelen dit. Danmark-Noreg prøvde lenge å løyse grensetvisten med forhandlingar, men i 1610–11 hevda Sverige overherredøme ved å sende ein militær styrke til nordområda. Danskekongen, Kristian 4., erklærte då krig.

11 000 norske bønder var skrivne ut til å vere soldatar, men dei var utrente og dårleg væpna. I 1611 skulle dei gå til åtak over grensa. Bøndene nekta. I søraust stansa dei i Svinesund, drakk opp ølet til kongen og fór heim til skurdonna. Jemtane ville ikkje kjempe, og trønderane rømte. I nord vart samar tvangsflytta og bustadene deira brende. Nordmenn vart flytta inn, noko som var tenkt å styrkje forsvaret, men det var ingen kampar i nord.

Kampviljen var større til forsvar, sjølv om trønderane var for dårleg rusta til å stoppe nederlandske leigetroppar i å marsjera til Sverige i 1611. I slaget ved Kringen nedkjempa norske bønder derimot opp mot 350 skotske leigesoldatar i august 1612. Sigeren vart likevel ein skamplett, for om natta drakk dei seg fulle og massakrerte 116 av 134 overlevande.

Tyske troppar som var verva til Danmark, hadde samtidig framgang og erobra Kalmar slott, derav namnet på krigen. Göteborg var oppretta i 1607, for at svenskane skulle få hand om dansk-norske tollinntekter gjennom Øresund. Kristian 4. fekk byen erobra og øydelagd.

Ved fredsslutninga i 1613 måtte svenskekongen seie frå seg kravet til dansk-norske nordområde og betale 1 million riksdalar i erstatning. Men summen dekte knapt dei dansk-norske krigsutgiftene. Krigen la grunnen for svensk revansjelyst og fekk Gustav Adolf til å ruste sterkt opp. Kristian 4. stramma på si side grepet om bøndene og oppretta i 1628 ein norsk hær.

 

Kjelder

Narve Bjørgo, Øystein Rian og Alf Kaartvedt: Selvstendighet og union. Fra middelalderen til 1905, bd. 1 av Norsk utenrikspolitikks historie. Oslo 1995. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014032406025

Geir Atle Ersland og Terje H. Holm: Krigsmakt og kongemakt 900–1814, bd. 1 av Norsk forsvarshistorie. Bergen 2000. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2013011407018

Øystein Rian: Den aristokratiske fyrstestaten 1536–1648, bd. II av Danmark-Norge 1380–1814. Oslo 1997. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008071400084

 

Peikarar

Arkivverket: «Skottetoget», arkivverket.no

Sel Historielag: «Skottetoget 1612», kringen1612.no

Først publisert: 01.10.2020
Sist oppdatert: 01.10.2020