Hopp til innhold
X
Innhald

Karbon

Karbon, eit grunnstoff som har ei sentral rolle i fotosyntesen, den viktigaste kjemiske reaksjonen for liv på jorda.

Karbon er eit grunnstoff med kjemisk symbol C og atomnummer 6. I periodesystemet er det plassert i periode 2 og gruppe 14. Ordet karbon kjem frå latin carbo, som tyder «kol».

Alt liv er avhengig av superatomet karbon. Dette grunnstoffet finst mellom anna i atmosfæren, i jordskorpa, i kroppen vår og i alle levande organismar. Karbon har ei viktig rolle i alle kjemiske sambindingar som vi assosierer med liv. Karbon er altså ein byggjestein i alt som har liv.

Fotosyntesen er den kjemiske prosessen der plantar skaffar seg energi. Ved hjelp av energien frå ei lyskjelde blir CO2 og vatn omdanna til sukker og oksygen. Utan fotosyntesen kunne ikkje plantane ha produsert glukose, som dei gjer ved mellom anna å ta opp karbondioksid, CO2, frå lufta kring oss. 

Karbon er med i nesten i alle prosessane som skjer i kroppen. Stoffet er ein sentral del av DNA, protein, feitt og karbohydrat. Alle levande organismar er bygde opp av desse «livsmolekyla». Glukose er eit karbohydrat som kroppen vår bruker til å lage energi. Karbohydrat er bygd opp av karbon, oksygen og hydrogen.

Karbon har 6 proton og 6 nøytron i kjernen, og 6 elektron som svirrar rundt. Elektrona til karbonatomet er fordelte på to skal. På alle atom har skalet som er inst, plass til 2 elektron. Det neste skalet kan fyllast opp med 8 elektron. Karbonatomet bruker berre fire av desse åtte plassane. Det har altså fire «ledige» plassar i det yste skalet, noko som gjer at karbon kan danne ulike kjemiske sambindingar med andre grunnstoff.

Karbonatomet bind seg til andre atom ved elektronparbindingar. Atoma går saman og deler på elektrona i det yste skalet, slik at alle atoma får fulle skal. Svært mange av dei andre grunnstoffa i det periodiske systemet kjenner seg tiltrekt av karbon.

CO2, karbondioksid, finst naturleg i atmosfæren vår. Det er ein fargelaus gass som luktar og smakar litt syrleg. Gassen spelar ei viktig rolle for både klimaet og dei grøne plantane. Menneska tilfører atmosfæren meir CO2 når dei forbrenner fossile brennstoff som olje, kol og gass. Karbondioksidet i atmosfæren dannar eit slags teppe rundt jorda. Det verkar som glaset i eit drivhus. Solstrålane slepp inn, og drivhuset held på varmen. I drivhus er det altså varmare inne enn utanfor. Derfor kallar vi effekten av karbondioksidet i atmosfæren drivhuseffekt. Drivhuseffekten gjer at gjennomsnittstemperaturen på jorda aukar, og klimaet endrar seg. Vi snakkar om ei menneskeskapt klimaendring.

 

Kjelder

Dag O. Hessen: C – Karbon. En uautorisert biografi. Oslo 2015

Erik Steineger og Andreas Wahl: Nova 10. Naturfag for ungdomstrinnet. Oslo 2015

 

Lars Thomas og Anders Bruun: «Karbon: Naturens sveitserkniv», illvit.no, publisert 23.11.2014: http://illvit.no/fysikk/det-periodiske-systemet/det-periodiske-system-karbon [lesedato 24.6.2018]

Institutt for biovitenskap, Universitetet i Oslo: «Karbon», mn.uio.no, oppdatert 5.7.2018: https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/k/karbon.html [lesedato 24.6.2018]

 

Peikarar

NRK Skole: «Fotosyntese», nrk.no

Siv Lauvset: «Det livgivende kretsløpet», Bjerknessenteret, bjerknes.uib.no

Først publisert: 25.03.2019
Sist oppdatert: 25.03.2019