Hopp til innhold
Modell av eit karbondioksidmolekyl: eitt karbonatom med dobbelbinding til to oksygenatom. Foto: Brian Edgar, flickr.com. CC BY 2.0.
Modell av eit karbondioksidmolekyl: eitt karbonatom med dobbelbinding til to oksygenatom. Foto: Brian Edgar, flickr.com. CC BY 2.0.
X
Innhald

Karbondioksid (CO2)

Karbondioksid, med den kjemiske formelen CO2, er ein viktig del av fotosyntesen. Karbondioksid er ein gass som er med å påverke klimaet.

Karbondioksid er ein gass der eitt karbonatom har bunde seg til to oksygenatom med ei dobbelbinding. CO2 kan bli danna når noko som inneheld karbon, brenn. Karbonet blir frigitt når det brenn, og bind seg til oksygen i lufta. Dei fleste stoff som inneheld karbon, blir rekna som organiske stoff, men karbondioksid er eit av få unntak.

Karbondioksid er ein fargelaus og svakt giftig gass. Gassen har ein stikkande og sur smak. Under trykk vil karbondioksid lett løyse seg i vatn. Difor eignar CO2 seg til bruk i kalde drikkar, der ein tilset det vi kallar kolsyre (karbonsyre).

På grunn av eigenskapane sine har karbondioksid mange bruksområde. I matvareindustrien blir CO2 brukt til nedkjøling og konservering, og til å regulere pH‑verdien i vatn. Karbondioksid eignar seg òg godt til sløkking av brannar, sidan gassen er tyngre enn luft og kveler flammane.

Så tidleg som 1860-åra blei det påvist at karbondioksid fangar opp varmestråling. Den svenske forskaren Svante Arrhenius lurte på om mengda av CO2‑gass har noko å seie for når istider oppstår. Han fann ut at dersom karbondioksidet i atmosfæren blei halvert, ville gjennomsnittstemperaturen på jorda falle med fem gradar. Dette er nok til å kunne utløyse ei istid på jorda. Blir innhaldet av karbondioksid fordobla, vil temperaturen stige med tilsvarande 5 grader. Denne utrekninga til Arrhenius er meir enn hundre år gamal, men stemmer utruleg godt med utrekningar som forskarane i vår tid gjer.

Karbondioksid er naturleg i atmosfæren vår og er ein viktig del av fotosyntesen. Fotosyntesen er ein biokjemisk prosess der karbondioksid og vatn blir omdanna til glukose og oksygen. Energien som driv fotosyntesen, kjem frå sollyset.

I kroppen blir CO2 danna gjennom stoffskiftet og finst i lufta vi pustar ut. Høg konsentrasjon av CO2 i inneluft kan gi helseplager som hovudverk, irritasjon av slimhinner og mistrivsel.

CO2 skaper utfordringar for klimaet vårt. Vi tilfører atmosfæren vår meir CO2 ved at vi brenner store mengder fossilt brennstoff (olje, kol og gass). Karbondioksidet samlar seg i atmosfæren kring jorda. Når solstrålane treffer jorda, slepper dei då ikkje så lett ut i verdsrommet att. Det gjer at jorda vår blir varmare, vi kallar det global oppvarming. Karbondioksid er ein gass som påverkar klimaet, vi seier at det er ein klimagass. Krinsløpet av karbondioksid mellom vegetasjon/land, atmosfæren og havet kallar vi den raske karbonsyklusen.

Det blir diskutert mange tiltak for å minske utsleppa av karbondioksid. Eit av tiltaka er handel med CO2‑kvotar. Slike kvotar kan privatpersonar kjøpe når dei reiser med fly. Då betaler dei for eit tiltak som motverkar utsleppet av CO2 som flyreisa skaper. Eit anna tiltak som både Noreg og Europa har innført, er at ulike bedrifter får tildelt ein kvote for kor stort utslepp av karbondioksid dei kan ha i løpet av eit år.

Kjelder

Hanne S. Finstad, Jørgen Kolderup og Eva C. Jørgensen: Trigger 8. Oslo 2006

Hanne S. Finstad, Eva C. Jørgensen og Jørgen Kolderup: Trigger 9. Oslo 2007

Hanne S. Finstad og Jørgen Kolderup: Trigger 10. Oslo 2008

 

Kristin Bøhle og Åge Guddingsmo: «Fotosyntese», ndla.no, sist oppdatert 17.1.2019: https://ndla.no/nb/subjects/subject:21/topic:1:183551/topic:1:4780/resource:1:7655 [lesedato 8.12.2019]

Folkehelseinstituttet: «Karbondioksid (CO2) og inneklima», fhi.no, sist oppdatert 29.4.2015: https://www.fhi.no/ml/miljo/inneklima/artikler-inneklima-og-helseplager/karbondioksid-co2-og-inneklima/ [lesedato 9.12.2019]

Illustrert Vitenskap: «Hva avgir mest CO2?», illvit.no, publisert 15.5.2019 (krev abonnement): https://illvit.no/naturen/klimaendringer/hva-avgir-mest-co2-til-luften [lesedato 10.12.2019]

Linde: «Karbondioksid», linde-gas.no: https://www.linde-gas.no/no/products_ren/bulk_gases/carbon_dioxide/index.html [lesedato 26.2.2020]

Miljøagentene, barnas miljøvernorganisasjon: «Hva med CO2 og klima?», miljoagentene.no: https://miljoagentene.no/fakta/energi/hva-med-co2-og-klima-article2612-145.html [lesedato 5.12.2019]

Peikarar

Kunnskapsfilm: «CO2 i skog», kunnskapsfilm.no, publisert 2011

NRK: «CO2 – venn eller fiende?», nrk.no, publisert 12.5.2016

NRK Skole: «Hva er CO2?», nrk.no, publisert 23.11.2015

Først publisert: 27.04.2020
Sist oppdatert: 14.05.2020