Hopp til innhold
X
Innhald

Karbonfangst og -lagring

Karbonfangst og -lagring vil seie å skilje ut karbondioksid frå industrielle prosessar eller kraftproduksjon. Så blir gassen lagra permanent. Karbonfangst og -lagring kan medverke til å redusere utslepp av CO2 til atmosfæren.

Karbonfangst og ‑lagring (ofte forkorta CCS, etter den engelske skrivemåten Carbon Capture and Storage) har fått mykje merksemd sidan tidleg på 2000-talet, som eit mogleg bidrag til å redusere utsleppa av klimagassar i verda. Utslepp av karbondioksid (CO2) er den viktigaste kjelda til menneskeskapt global oppvarming. CO2 blir mellom anna sleppt ut når fossile brennstoff blir omgjorde til energi, og i industrielle produksjonsprosessar der karbon inngår i eller er eit biprodukt av prosessen. CCS kan redusere utsleppa frå desse kjeldene. I tillegg kan verda i framtida bli avhengig av å trekkje CO2 ut av atmosfæren og lagre han. CCS-teknologi vil vere relevant i ein slik samanheng.

CCS har lenge vore brukt ved utvinning av naturgass, der det er nødvendig å fjerne CO2 frå gassen som skal seljast. I 1970-åra starta ein i USA med å pumpe denne oppsamla CO2-en inn i oljefelt, for på den måten å presse ut meir olje. I Noreg er CO2 blitt skilt ut frå gassen som blir produsert ved Sleipner-feltet, og lagra i Utsira-formasjonen på havbotnen sidan 1996.

CCS blei nemnt som eit mogleg klimatiltak i førebuingane til Kyotoprotokollen i 1997, men utan at konkrete mekanismar blei med i avtalen. I 2005 laga FNs klimapanel ein spesialrapport om CCS som klimatiltak. Det førte til meir politisk satsing på CCS globalt.

Utfordringar ved karbonfangst

Fangst av CO2 frå kraftverk og industri kan gjerast på ulike måtar, og teknologien er på ulike stadium. Medan CO2-fangst ved gassutvinning er lønsamt og nødvendig, er CO2-fangst frå kraftverk og industri energikrevjande og kan føre til store meirkostnader. Det er også utfordringar med transport og lagring av CO2. Det har ført til at investeringstakta og teknologiutviklinga har gått seinare enn dei fleste håpa på. EU annonserte i 2007 at minst 12 nye kraftverk skulle ha CO2-fangst innan 2015, men ingen av desse tiltaka blei realiserte.

I 2017 var det 17 storskala CCS-anlegg i drift globalt (i Nord- og Sør-Amerika, Noreg og Midtausten). Interesseorganisasjonen Global CCS Institute estimerer at det må vere 2500 slike anlegg i drift i 2040 dersom verda skal ha sjanse til å nå måla i Parisavtalen.

Bilete frå anlegget på Mongstad i 2008. Kjelde: Tøssekaien på flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Bilete frå anlegget på Mongstad i 2008. Kjelde: Tøssekaien på flickr.com. CC BY-SA 2.0.

CCS i Noreg

Noreg byrja tidleg å promotere CCS som klimatiltak. Bakgrunnen var at det tidleg blei klart at målsetjingar om å redusere klimagassutsleppa ville kome i konflikt med norsk olje- og gassproduksjon, som stod for store og aukande utslepp. Noreg hadde allereie ein utsleppsfri innanlands kraftproduksjon i form av vasskraft og kunne difor ikkje oppfylle utsleppsmåla sine ved å leggje om eller effektivisere kraftproduksjonen, slik andre land kunne. CCS blei ei kompromissløysing som kunne redusere dei nasjonale utsleppa utan at det fekk konsekvensar for petroleumseksporten. Utover i 1990-åra blei CCS støtta både av oljeindustrien, ulike forskingsmiljø og delar av miljørørsla.

I 1996 fekk selskapet Naturkraft konsesjon til å byggje gasskraftverk i Noreg. Føresetnaden var at dei skulle byggjast med CCS, men då dette viste seg vanskeleg, kravde stortingsfleirtalet at kraftverka skulle byggjast utan CO2-reinsing, noko som førte til at regjeringa Bondevik gjekk av i 2000. Styresmaktene auka likevel forskingsinnsatsen innanfor CCS, fordi ein ønskte å utnytte norsk gass betre innanlands og samstundes skape arbeidsplassar og ny teknologi. I 2007 sa statsminister Jens Stoltenberg i nyttårstalen sin at CCS skulle bli Noregs «månelanding», ved at det planlagde gasskraftverket på Mongstad skulle ha teknologi for CO2-reinsing innan sju år. Men prosjektet blei stadig utsett, og til slutt skrinlagt i 2013. Samstundes blei teknologisenteret på Mongstad drive vidare som eit internasjonalt testanlegg for teknologiutvikling, med tanke på å gjere CCS konkurransedyktig i marknaden.

I 2015 starta regjeringa ei utgreiing av fullskala CCS frå industri. I 2018 blei det bestemt å løyve pengar til eit demonstrasjonsprosjekt ved Norcem sin sementfabrikk i Telemark.

Usemje om CCS

Internasjonalt er det usemje om bruk av CCS. Mange meiner at ein ikkje kan nå måla i Parisavtalen utan CCS, fordi verda ikkje vil greie å leggje om til fornybare energikjelder raskt nok. CCS er dessutan den einaste måten å hindre utslepp på frå industrielle prosessar som sementproduksjon. Andre meiner at satsing på CCS er til hinder for nødvendig omstilling i energisektoren.

Kjelder

Council of the European Union: Presidency Conclusions – Brussels, 8/9 March 2007 – 7224/1/07 REV 1 CONCL 1. Brussel 2007

Global CCS Institute: The Global Status of CCS 2017. Australia 2017

Eirik Frøhaug Swensen: «'Mellom klimanødvendighet og teknologisk tvil' – miljøbevegelsens rolle i karbonfangst og -lagring (CCS)», Sosiologi i dag nr. 1/2015

Andreas Tjernshaugen: «The growth of political support for CO2 capture and storage in Norway», Environmental Politics, årgang 20, nr. 2

 

B. Metz, O. Davidson, H. de Coninck, M. Loos og L. Meyer (red.): IPCC Special Report on Carbon Dioxide Capture and Storage. New York 2005. Digital utgåve: ipcc.ch, publisert 2005: https://www.ipcc.ch/report/srccs/ [lesedato 13.6.2018]

Espen Moe og Jo-Kristian Stræte Røttereng: «Karbonfangst møter mange hindre», energiogklima.no, publisert 10.11.2016: https://energiogklima.no/to-grader/karbonfangst-moter-mange-hindre/ [lesedato 14.6.2018]

Per-Ivar Nikolaisen: «Enorme fremskritt på Mongstad: Slik la de den mislykkede «månelandingen» bak seg», tu.no, publisert 30.4.2016: https://www.tu.no/artikler/enorme-fremskritt-pa-mongstad-slik-la-de-den-mislykkede-manelandingen-bak-seg/346801 [lesedato 18.6.2018]

Olje- og energidepartementet: «CO2-håndtering i Norge», regjeringa.no, sist oppdatert 15.5.2018: https://www.regjeringen.no/no/tema/energi/co2-handtering/co2-handtering/id2601471/ [lesedato 15.6.2018]

Sofie Prestegård: «Et lite skritt til – ingenting», dagsavisen.no, publisert 18.1.2014: https://www.dagsavisen.no/innenriks/et-lite-skritt-til-ingenting-1.278061 [lesedato 15.6.2018]

 

Peikarar

Øystein Jonassen: «Innføring i CCS», energiogklima.no

Temaside om CCS på nettstaden til Bellona, bellona.no

Først publisert: 24.04.2019
Sist oppdatert: 25.04.2019