Hopp til innhold

Karbonlekkasje

Dersom reglar og krav om å redusere utslepp av klimagassar i eit område fører til at utsleppa i staden aukar ein annan stad i verda, blir det kalla karbonlekkasje.

Karbonlekkasje er definert som endringa i klimagassutslepp andre stader dividert med reduksjonen i utslepp i det området der reguleringa – til dømes karbonskatt eller klimakvoteordningar – er innført. Ein klimakvote er retten til å sleppe ut ei viss mengd klimagassar, og kvotar blir ofte tildelte ved at aktørane byr på dei gjennom ein auksjon.

Det er vanskeleg å talfeste karbonlekkasje, for ein kan aldri vite sikkert korleis situasjonen ville ha vore under andre omstende. Karbonlekkasje har først og fremst vore tema i EU, der ein frykta slik lekkasje i samband med etableringa av EUs klimakvotesystem (EU-ETS), den første internasjonale klimakvotemarknaden for bedrifter. Ved utforminga av EU-ETS blei det difor laga ei liste over bransjar som blei oppfatta som spesielt utsette for karbonlekkasje. Bedrifter innanfor desse bransjane blei kompenserte ved at dei fekk utdelt mesteparten av utsleppskvotane sine gratis i staden for ved auksjon. Då kvotesystemet blei revidert i 2017, blei det bestemt å vidareføre ordninga i perioden 2021–2030.

Noreg har ei tilsvarande ordning, der kraftkrevjande industri kan få kompensasjon for karbonkostnader i kraftprisen, for å hindre karbonlekkasje.

Kompensasjonsordninga i EU er blitt kritisert fordi studiar ikkje har greidd å prove at karbonlekkasje skjer, og fordi kompenasjonen i ein del tilfelle i staden har gått til profitt for forureinaren. I prinsippet skal Parisavtalen etter kvart redusere risikoen for karbonlekkasje, sidan alle land vil måtte regulere klimagassutsleppa sine i eit eller anna omfang.

Kjelder

Agnes Brandt og Femke de Jong: «Industry windfall profits from Europe's carbon market 2008–2015», carbonmarketwatch.org, publisert 29.11.2016: https://carbonmarketwatch.org/wp/wp-content/uploads/2016/11/CMW-Industry-windfall-profits-from-EUs-carbon-market-2008_2015.pdf [lesedato 5.7.2018]

Europakommisjonen: «Commission Notice on the preliminary Carbon Leakage List for the EU Emissions Trading System for Phase 4 (2021–2030)», ec.europa.eu, publisert 8.5.2018: https://ec.europa.eu/clima/news/commission-notice-preliminary-carbon-leakage-list-eu-emissions-trading-system-phase-4-2021-2030_en [lesedato 4.7.2018]

Forskrift om CO2-kompensasjon for industrien, lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2013-09-26-1160 [lesedato 4.7.2018]

Andrei Marcu, Christian Egenhofer, Susanna Roth og Wijnand Stoefs: «Carbon Leakage: An overview», ceps.eu, publisert desember 2013: https://www.ceps.eu/system/fil... [lesedato 2.7.2018]

Først publisert: 24.04.2019
Sist oppdatert: 24.04.2019