Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Kåre Willoch

Kåre Willoch, sosialøkonom og politikar. Han var formann i Høgre 1970–74 og statsminister 1981–86

Kåre Willoch er fødd 3. oktober 1928 i Oslo. Kåre Willoch er ein av dei mest systematiske og klarttenkjande politikarane vi har hatt i nyare tid Han  er fødd på Ullern i Oslo, og  studerte sosialøkonomi etter at han hadde gjort ferdig verneplikstenesta si i Tysklandsbrigaden.
I 1951 kom han inn i bystyret i Oslo, og ved valet i 1953 vart han tredje varamann til Stortinget. I 1955 måtte han møte. Han var då 26 år gamal og vart dermed den yngste representanten som hadde teke sete i stortingssalen sidan 1814.  Ved valet i 1957 vart han fast stortingsrepresentant og gjorde seg raskt gjeldande som ein særs skarpskodd debattant. Han hadde etter ein svært god embetseksamen i sosialøkonomi i 1953 hatt praksis i Industriforbundet. Tidlegare hadde han også vore innom Norges Rederforbund. I 1963 vart han handelsminister i Lyng-regjeringa, og same posisjonen fekk han i regjeringa Borten.
Som type var han sært ulik Per Borten, og han irriterte seg grenselaust over at statsministeren brukte så lang tid på å ta avgjerder. Møteleiinga hadde han også sterke innvendingar mot. Noko godt forhold vart det aldri mellom Willoch og Borten. I perioden mellom dei to regjeringane tok Willoch på seg jobben som generalsekretær i Høgre i tillegg til stortingsarbeidet, og då han i 1970 gjekk ut av Borten-regjeringa vart han vald til formann i Høgre. Den posisjonen hadde han fram til  1974, då Erling Norvik tok over, og tospannet Norvik som formann og Willoch som parlamentarisk leiar vart ein stor suksess for Høgre. Dei utfylte kvarandre både politisk og som personar.
 
Abortlova
Partiet Høgre har hadde ein stor dag 14. oktober 1981, då den første Høgre-regjeringa sidan 1928 vart utnemnd med Kåre Willoch som statsminister. I 1928 var Frisinna Venstre med som alliert, men i 1981 var Høgre åleine rundt kongens bord. Målet hadde vore å skipe ei borgarleg trepartiregjering, der også Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti skulle vere med i tillegg til Høgre, men abortsaka sette bom for det. På landsmøtet i Høgre i 1980 vart det vedteke at stortingsrepresentantane skulle stillast fritt i spørsmålet om sjølvbestemt abort. Det var ei endring i høve til den felles fråsegna som Høgre, KrF og Senterpartiet kom med i 1977 om at dersom dei tre partia fekk regjeringsmakt ville dei endre abortlova for å styrke rettsvernet til fosteret, men internt i Høgre vart det vanskeleg å forsvare dette synet etter at eit knapt fleirtal i Stortinget i 1978 hadde vedteke lova om sjølvbestemt abort.  Våren 1981 stilte landsmøtet i KrF i Tønsberg som vilkår for å delta i regjering at ei slik regjering måtte gå inn for fjerne retten for kvinna åleine til avgjere om ho ville ta abort eller ikkje. Vedtaket var omstridd i KrF, men det var bindande. Sidan Høgre-representantane sto fritt i denne saka, og fleire av dei var tilhengarar av sjølvbestemt abort, kunne ikkje Høgre forplikte seg til å endre lova. Betre vart det ikkje at ein av dei som no ikkje ville endre abortlova var Høgres statsministerkandidat, Kåre Willoch. Samstundes hadde dei tre partia gitt ein lovnad til veljarane før valet i 1981 om at dersom det vart borgarleg fleirtal, så tok ein sikte på ei borgarleg regjering. Forhandlingane viste at KrF ikkje kunne delta på grunn av abortsaka. Senterpartiet ville ikkje vere åleine i regjering saman med Høgre. Resultatet vart at Høgre skipa regjering åleine, men med Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet som støtteparti i Stortinget.
Systemskifte
Den reine Høgre-regjeringa vart ei effektiv regjering og Kåre Willoch vart ein særs effektiv statsminister. Mens det etter at Borten-regjeringa tok over var vanskeleg å merke eit systemskifte, så vart skiftet i politikk klart og tydeleg etter at Willoch-regjeringa overtok. I dei fem åra skjedde det ei omlegging av politikken som var meir omfattande og synleg enn under andre regjeringar etter krigen. Dels skjedde det fordi tida var mogen for det og fordi omlegginga alt var i emning under Nordli og Harlem Brundtland sine regjeringar.
Det gjeld til dømes det såkalla frisleppet i kredittpolitikken. Då dette vart gjennomført i 1984 fekk det då også støtte frå Arbeidarpartiet. Derimot var liberaliseringa på andre område av samfunnslivet eit direkte resultat av systemskiftet: Kampanjen om eit opnare samfunn som statsråd Astrid Gjertsen gjekk i brodden for, og opphevinga av kringkastingsmonopolet som vart ei merkesak for kulturminister Lars Roar Langslet. Høgre hadde gått til val på ein politikk for større personleg fridom og mindre statlege inngrep. Dette var også eit hovudelement i den høgrebølgja som hadde sikra partiet valsigeren i 1981, og det var ikkje eit spesielt trekk for Noreg. Tilsvarande straumdrag gjekk over heile den vestlege verda.
Ei årsak til at det gjekk relativt smertefritt med omforminga var nok dels at ho vart starta under tidlegare regjeringar og dels at det skjedde medstrøms og ikkje motstrøms, men i sum er det er nok rett som Berge Furre skriv i boka «Vårt hundreår»:  «Inga regjering etter Gerhardsens fyrste DNA-regjering (1945-51) har gjennomført så radikale forandringar i statens lover, rammer og politikk: Avvikling av offentlege styringsmiddel, deregulering av kreditt- og valutamarknadane, deregulering av bustadomsettinga, friare varehandel, oppløysing av NRK-monopolet, avvikling av det folkevalde fleirtalet i representanskapa i forretningsbankane, skattelette på næringsliv og inntekter, avvikling av statsbedrifter, meir opning for kommersielle helsetenester».
Suveren posisjon
Sjefen med stor S i den reine Høgre-regjeringa var Kåre Willoch, og truleg er det berre Gro Harlem Brundtland i 1990-åra, Einar Gerhardsen i 1950-åra og Gunnar Knudsen under første verdskrigen som har hatt ein like suveren posisjon i eiga regjering som det Kåre Willoch hadde i den reine Høgre-regjeringa. Han kunne nok vere irriterande for statsrådane, for han blanda seg opp i og engasjerte seg i nesten alle saker som hamna på regjeringa sitt bord. Lars Roar Langslet hevdar at «etter Bjørnstjerne Bjørnson har neppe noen annen nordmann vært så ustoppelig i å mene noe om det aller meste i tiden, stort som smått - og helst også prege det med sitt stempel». Denne eigenskapen har Willoch hatt så lenge han var politikar, og også som fylkesmann hadde han tidvis problem med å legge band på seg i så måte.
Trepartiregjering
Det gjekk ikkje så lang tid med ei rein Høgre-regjering i 1981 før både Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti innsåg at det ikkje var tilfredsstillande å sitje som støtteparti i Stortinget for ein politikk dei ikkje hadde høve til å påverke i regjeringsposisjon. Meiningsmålingane viste då også at det var Høgre som vann mest på situasjonen. Dei to støttepartia vann lite. I pinsa 1983 opna leiaren i Senterpartiet, Johan J. Jacobsen, for at dei tre partia no burde forhandle med sikte på å utvide regjeringa. Talen var uventa både for Høgre og for KrF, men snart var forhandlingar i gang. Landsmøtet i KrF i april 1983 hadde dessutan opna for at partiet om situasjonen kravde det, kunne delta i ei regjering sjølv om abortlova ikkje vart endra. «Situasjonen» som kravde det var ei mogeleg regjeringskrise på industriutbygginga i Tyssedal. Også Willoch og Høgre kjende seg bunden av lovnaden frå før valet om at ein om mogeleg skulle skipe ei trepartiregjering.
 
Høyr lydklipp frå NRK Skole:
 
Ein av dei mange klassiske debattane mellom Gro Harlem Brundtland og statsminister Kåre Willoch. Her ein debatt frå kommunevalget i 1983.
 
Etter ein hektisk forhandlingsrunde kom fire statsrådar frå KrF og tre frå Senterpartiet inn i regjeringa og sju høgrestatsrådar måtte gå. Denne regjeringsutvidinga var ikkje særleg populær på grunnplanet i Høgre og ved lokalvalet i 1983 fekk partiet ein tilbakegang. Det vart tolka som om høgrebølgja no var på retur, men det var snarare Framstegspartiet som var i siget. Arbeidet gjekk naturleg nok heller ikkje like lett i ei trepartiregjering som då Høgre hadde regjeringa åleine. Når det knirka i samarbeidet kom det sjølvsagt av at no sat toppleiarane i dei tre partia i regjeringa. Dei hadde alle eit markeringsbehov, og sjølv om både Kjell Magne Bondevik og Johan J. Jacobsen samarbeidde godt med statsminister Willoch, vart det no tre parti som skulle markere seg. Nye samarbeidsformer i regjeringa måtte etablerast.
Eit eige underutval vart etablert med statsminister Willoch, finansminister Rolf Presthus og Kjell Magne Bondevik frå KrF og Johan J. Jacobsen frå Sp. Dette utvalet skulle ta seg av saker som køyrde seg fast i regjeringa. Seinare kom det også eit eige oljeutval og eit eige utanrikspolitisk utval i regjeringa. I det siste var også dei tre partia sine stortingsgrupper med, og det vart nødvendig då den såkalla rakett-saka var i ferd med å rive grunnen unna Willoch-regjeringa. Gjennom sitt dobbeltvedtak hadde NATO forplikta seg til både utplassering av nye mellomdistanserakettar i Europa og forhandlingar med Sovjetunionen om å avgrense talet på slike rakettar. Mange i mellompartia var samde med dei i Arbeidarpartiet som ville «fryse» utplasseringa av rakettane og i staden satse einsidig på forhandlingar. Då regjeringa vart utvida stilte Willoch som krav at ingen av statsrådane frå mellompartia måtte vere motstandarar av NATOs dobbeltvedtak, men for å halde stortingsgruppene samla i støtte for at NATO gjennomførde både utplasseringa og forhandlingar, måtte Willoch la eit uformelt kabinettspørsmål henge over stortingsgruppene i denne saka. Alle visste at ved eit nederlag i tryggingspolitikken så ville regjeringa gå. Dette trugsmålet gjorde at regjeringa berga seg igjennom, men andre vanskelege saker sto i kø.
Usemje om de økonomiske politikken
Problem oppstod ikkje minst fordi Arbeidarpartiet etter kvart kom til å by over regjeringa i ei rekkje saker som var populære i mellompartia, og det var gjerne saker der Ap sitt standpunkt var dyrare for staten enn regjeringa sitt. For Willoch som meinte at det snarare enn å bruke meir av statens pengar heller burde strammast inn, vart dette ein særs vanskeleg balansegang, og han har i ettertid vedgått at han gjekk med på fleire påplussingar enn han burde ha gjort. Rolf Presthus signaliserte då også på slutten av regjeringa si levetid at han ikkje var heilt nøgd med utgiftssida i budsjettet. Han hadde levert budsjettet nærast «med påhalden penn». I det låg at dette var det beste han kunne få fleirtal for i regjeringa. Problemet for regjeringa var at det med Arbeidarpartiet sin stemmer i Stortinget var eit solid fleirtal for å plusse på utgiftene meir enn det regjeringa gjorde framlegg om.
I valkampen framfor stortingsvalet i 1985 tok overboda heilt av. Trass i at ein hadde fått nesten samrøystes vedtak i Stortinget om å fjerne taket på bankane sitt utlån,  og difor burde ha sett opp renta for å dempe låneeksplosjonen, så gjorde Arbeidarpartiet framlegg om rentereduksjon både i 1984 og 1985. Seinare har Bankkrisekommisjonen slått fast at staten i denne situasjonen burde ha teke i bruk verkemidlar for å dempe den sterke etterspørselen etter lån  dei siste åra av Willoch-regjeringa si levetid. Willoch sjølv vil nok i ettertid gjerne setje to strekar  under ein slik konklusjon, men på det tidspunktet var det ikkje mogeleg å få fleirtal i Stortinget for ein renteauke. Truleg burde han tidlegare ha sett hardt mot hardt. I staden valde han å bli sitjande trass i at både han og finansministeren eigentleg meinte at den økonomiske politikken regjeringa førte var for ekspansiv. Om han og regjeringa hadde gått av tidlegare, ville det på ingen måte ha hindra den bank-krisa som kom seinare. Alternativet, ei regjering av Arbeidarpartiet, ville ha endå lågare rente og ein endå meir ekspansiv politikk, men politisk ville det nok ha vore ryddigare å stå fast på det ein var overtydd var rett, framfor å akseptere og å ta ansvar for noko som ein var sikker på gjekk i feil retning. Det viste seg då også at då Arbeidarpartiet kom til makta i 1986 så vart renta sett kraftig opp.
Våren 1984 vart Kåre Willoch alvorleg sjuk, og var borte frå politikken ei lang stund. Han kom seg til att, men mange meinte å kunne merkje at det var ein litt rolegare og kanskje også litt mindre handlekraftig Kåre Willoch som kom tilbake.
Regjeringskrise
Regjeringspartia gjorde eit brukbart val i 1985. Statsminister Kåre Willoch deltok denne gongen ikkje like aktivt i valkampen, og han makta ikkje like suverent å vinne duellane med Gro Harlem Brundtland som han hadde gjort det framfor valet i 1981. Han kjende det nok tyngre å forsvare seg enn å angripe. Han avslo også å nytte seg av teknikken med å legge fram sitat som ho hadde kome med og som kunne bringe henne ut av fatning, slik han med suksess hadde gjort i 1981. På mange måtar hadde Kåre Willoch blitt ein mildare og rundare politikar gjennom desse regjeringsåra, og Gro Harlem Brundtland hadde også blitt varmare i trøya og vanskelegare å få ut av fatning.
Regjeringspartia miste fleirtalet sitt ved dette valet, og vart avhengig av dei to stemmene til Framstegspartiet for å få fleirtal i Stortinget. Willoch hadde ein samtale med Carl I. Hagen for å klargjere situasjonen, men hadde fått klar melding frå dei to regjeringspartnarane at noko samrøre med Hagen var uaktuelt. Offisielt ville dei ikkje ha noko med Frp å gjere. Basert på at Hagen før valet hadde sagt at han heller ville ha ei borgarleg regjering enn ei Ap-regjering, valde Willoch å regjere vidare etter valet, trass i at regjeringspartia miste fleirtalet sitt. Etter norsk statsskikk kan ei regjering bli sitjande inntil ho blir nedstemt i Stortinget, men kanskje burde Willoch meir formelt enn han gjorde, ha avklart det parlamentariske grunnlaget sitt?
Truleg ville det likevel ikkje ha hindra den regjeringskrisa som kom i 1986. Budsjettet hausten 1985 var eit forvarsel. Det viste seg å vere vanskeleg å få det stramt nok. I januar 1986 fall oljeprisane sterkt, og dette ville få direkte innverknad på norsk økonomi. Regjeringa utforma den første delen av ein innstrammingspakke på 2 milliardar kroner. Ein del av denne var eit framlegg om å auke bensinavgifta med 35 øre literen. Dette skapte problem for Framstegspartiet som hadde programfesta motstand mot auka avgifter. Arbeidarpartiet gjekk også mot, og det same gjorde SV. Dermed var det fleirtal mot regjeringa. Statsminister Kåre Willoch kunne ikkje godta at stortingsfleirtalet sa nei til ei relativt avgrensa innstramming. Han visste nemleg at behovet kom til å bli mykje større. Willoch hadde rekna med at pakken ville passere ved at Framstegspartiet støtta alle budsjettkutta og Arbeidarpartiet og SV støtta all avgiftsauke, men slik gjekk det altså ikkje. Mei ei stemmes overvekt vart framlegget om auka bensinavgift nedstemt. Willoch gjekk så på Stortingets talarstol og varsla at regjeringa ville gå. Han kunne nok ha forlenga regjeringa si levetid ved å gå med på å utsetje framlegget om auka bensinavgift, men regjeringa samla seg om at nok er nok. Det er likevel feil å seie at regjeringa søkte sin eigen død, slik det er blitt hevda. Nederlaget var reelt nok, og vilje til å stå fast på bensinavgifta var reell nok. Truleg ville det uansett om auken i bensinavgifta hadde blitt vedtatt, neppe gått så lang tid før regjeringa sine dagar var talte.
Willoch sjølv medverka nok til at forventningane i Høgre vart skrudd opp om at det skulle kome ei ny borgarleg regjering i løpet av kort tid. Han snakka om ei ny regjering «før det kommer ny sne», og slike utsegner bygde opp under det som seinare er blitt kalla «høstjakta». Rolf Presthus vart vald til ny leiar for Høgre på landsmøtet i 1986, og Willoch forsterka nok presset på han til å jakte på regjeringsmakt ved å utrope han til Høgres statsministerkandidat. Det skjedde i ein tale under markeringa av Presthus sin 50-års dag, og høyrer neppe med blant dei klokaste og mest framsynte handlingane Kåre Willoch har gjort. For Presthus og for Høgre vart det ei ulykke som ikkje Willoch kan lastast for. I den avgjerande fasen i haustjakta våren 1987, då Høgre, KrF og Sp prøvde å felle regjeringa med basis i landbruksoppgjeret, var Willoch motstandar av at dei borgarlege partia skulle søkje regjeringsmakt då. Han ville vente til etter valet i 1989. Forsøket i 1987 enda då også i  fiasko.
Disiplinert og klartenkjande
Lars Roar Langslet hevdar i boka «Fra innsiden» at Kåre Willoch har to allergiar: han er sterk motstandar av utgifter og av flystøy. Det siste hang nok saman med at han budde i høyreavstand frå Fornebu. Willoch har alltid vore eit særs disiplinert menneske. I selskap går han alltid heim att kvart på elleve, og han drikk aldri meir enn fem koppar kaffi pr. dag, og sjeldan kaffi etter klokka 14.00.  Nesten pertentleg passar han på at alt han seier er korrekt. Når han blir intervjua vil han gjerne lese gjennom intervjuet før det kjem på trykk, og då rettar han som regel både grammatikken og det han er blitt sitert på. Det hende til og med at han rettar måten spørsmåla vert stilt på. Ein sommarkveld under innspurten i Stortinget skulle Willoch intervjuast av Herbjørn Sørebø i NRKs radiostudio i andre etasje. Det var varmt og begge kasta jakkene. Brått kom det melding om at no var det Willoch sin tur til å halde innlegg. Han greip jakka og sprang opp trappene til stortingssalen. På talarstolen stakk han handa ned i lomma etter manuskriptet - og tok opp ein pakke sigarettar. Det var Sørebøs jakke han hadde teke, men jernteppe fekk han ikkje. Tilhøyrarane merka ingen skilnad. Han sa det som sto i manuskriptet som låg i radiostudio.
Meir i tidlegare tider enn i dag kunne han verke noko stiv og formell. Det kan ha hatt samanheng med at han eigentleg er ein litt blyg person. Han har då også betre enn dei fleste andre politikarar vore streng når det gjeld å verne om privatlivet sitt og om familien sin. Kåre Willoch har alltid vore ein fiende av rotet. Orden og system har vore leveregel nummer ein. Slik var det også i dei mange åra han var parlamentarisk leiar i Høgre. Då måtte stortingsgruppa finne seg i å møte presis og gå kledd som det sømer ser høgrefolk. Det første var eit større problem enn det siste. Trønderrepresentanten Otto Lyng har ein gong sagt at Willoch styrte stortingsgruppa etter den militære straffelova, mens etterfølgjaren hans, Sven Stray, styrte etter lausgjengarlova.
Eit kjenneteikn ved Willoch var den store arbeidskapasiteten hans. Han kunne skaffe seg oversyn og innsikt i store saksmengder på relativt kort tid, og han var ein meister til å organisere arbeidstida si.  Av same grunn greidde han i stor grad også som statsminister å gjere unna jobben i arbeidstida. Han slapp å sitje ut over kvelden og natta, slik som mange andre statsministrar har vore nøydde til. Ein av hans statsrådar, Lars Roar Langslet, har funne ein veikskap ved Willoch, og det er at han ikkje var flink til å takle personalspørsmål. Det er ein veikskap som mange norske statsministrar har hatt.
Miljøargument
I yngre år ville han alltid ha rett og alltid ha det sisteordet. Han vart ein frykta debattant, ikkje minst på grunn av at han sette seg grundig inn i sakene og var flink til å argumentere. Denne eigenskapen har ikkje blitt svekka med åra, men han er ikkje lenger like skarp i kantane, og etter at han gjekk ut av Stortinget og vart fylkesmann i Oslo og Akershus i 1989, han har endra syn på mangt og mykje. Han er mellom anna blitt overtydd om at det er grenser for kor stor vekst vi kan ha, og at vi er nøydd til å redusere forbruket av energi for å verne om miljøet. Økonomen Willoch argumenterer overtydande om at den einaste måten å berge miljøet på er å syte for at det lønner seg å unngå forureining. Det må bli så dyrt å øydelegge miljøet at det lønner seg å la vere, hevdar han. Også på mange andre område har Willoch endra og moderert synet sitt, men framleis er han ein av dei personane i dette landet som blir lytta mest til.
Travel pensjonist
Han gjekk av som fylkesmann i Oslo og Akershus i 1989, og som pensjonist hadde han ein periode (1998 – 2000) der han var styreleiar i NRK, men elles prøver han å påverke samfunnsutviklinga gjennom å meine noko om det meste. Som eldre og klok statsmann har han stor gjennomslagskraft i dei sakene han engasjerer seg i. Han vart leiar for Forsvarskommisjonen i 1990, og i 1999 vart han leiar for eit offentleg utval som skulle greie ut om vi har god nok beredskap og samfunnstryggleik her i landet. Konklusjonen var at mykje måtte gjerast, og ikkje minst ivrar Willoch for å få etablert eit eige departement som skal koordinere samfunnets beredskaps- og tryggingsarbeid. Pensjonisten Willoch har også engasjert seg kraftig til støtte for palestinarane sine rettar i høve til Israel, og han er ein av dei mest kunnskapsrike og markante Israel-kritikarane i den norske debatten. 

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 29.02.2012
Sist oppdatert: 02.10.2018