Hopp til innhold
X
Innhald

Kari Bremnes

Kari Bremnes er ein nordnorsk musikar, kabaretartist, komponist, tekstforfattar og filmskodespelar. Ho er særleg kjend for å vere ein stor formidlar av songtekstar og for å ha ein særmerkt scenepersonlegdom.

Kari Bremnes er fødd i Svolvær 9. desember i 1956. Som 19-åring flytta ho til Oslo. Ho har cand.mag.-grad frå Universitetet i Oslo, med faga nordisk, historie og teatervitskap. Ved sida av studia arbeidde Bremnes som journalist i Nationen og i Aftenposten.   

Saman med broren Ola spela ho inn plata Folk i husan, som kom ut i 1980. I 1981 og 1982 var ho vokalist i visegruppa Stiftelsen, som mellom anna var med i Melodi Grand Prix i 1982 med låten «Romantikk». 1987 var Bremnes sitt gjennombrotsår som plateartist, då plata Mitt ville hjerte, med tekstar av Tove Ditlevsen, kom ut. Plata fekk Spellemannsprisen i kategorien visesong. Sidan har Bremnes vore ein produktiv låtskrivar og plateartist både som soloartist (15 album sidan 1987) og i samarbeid med andre. Som døme på det siste kan vi nemne plata Soløye frå 2000, som ho gav ut saman med søskena Ola og Lars. Soløye fekk Spellemannsprisen i kategorien viser og viserock. I 1993 var Bremnes med på plateprosjektet Hadde månen en søster – Cohen på norsk, der ho mellom anna tolka Cohens «Everybody knows» med norsk tittel: «Alle veit jo det».

Bremnes har tolka tekstar som andre har skrive, til dømes Tove Ditlevsen, Edvard Munch (på plata Løsrivelse), Olav H. Hauge, Ole H. Bremnes og Ola Bremnes, og ho har nytta melodiar av komponistar som Ketil Bjørnstad, Petter Henriksen og Ola Bremnes. Men i aukande grad har ho stått for både tekst og melodi sjølv på plateutgivingane sine. Av plater på 2000-talet kan Over en by (2005), Ly (2009) og Og så kom resten av livet (2012) nemnast. Sceneframsyninga Når du kommer dit (2015) var eit samarbeidsprosjekt med Hålogaland Teater og Nordland Teater. Framsyninga bygde på Bremnes sine låtar.

Bremnes skriv og syng hovudsakeleg på dialekt, men har òg gitt ut engelskspråklege utgåver av nokre av songane sine (Norwegian Mood, 2000). Plata 11 ubesvarte anrop kom i engelsk versjon i 2003 (You’d have to be here). På denne måten har Bremnes nådd eit internasjonalt publikum.

I 2017 debuterte ho som filmskodespelar i den politiske thrilleren Kings bay, der ho spela hovudrolla som den gravande journalisten Harrieth Hansen.

Bremnes vart innlemma i Rockheim hall of fame i 2018. Ho fekk Gammleng-prisen i 1990, og i 1995 fekk ho NOPAs prisar for beste tekst og melodi for «Gåte ved gåte», frå plata med same namn. Ho fekk Nordland fylkes kulturpris i 1997 saman med brørne sine, Lars og Ola, TONOs formidlarpris, Edvard-prisen, for beste tekst til musikk i 2010 og Vidar Sandbecks kulturpris i 2016.

 

Kjelder

Nettstaden til Kari Bremnes, karibremnes.no: http://www.karibremnes.no/biography.html [lesedato 22.2.2019]

Rockheim: «Kari Bremnes», artistomtale, rockheim.no: https://rockheim.no/kari-bremnes [lesedato 22.2.2019]

Rockipedia: «Kari Bremnes», biografi basert på artikkel i Jan Eggum og Jon Vidar Bergan (red.): Norsk pop- og rockleksikon, 2. utg. 2013, rockipedia.no: http://www.rockipedia.no/artister/kari_bremnes-15550/# [lesedato 22.2.2019]

 

Peikarar

«Glem ikkje», live-framføring i NRK-programmet Lindmo i 2017, youtube.com

Først publisert: 20.05.2019
Sist oppdatert: 20.05.2019