Hopp til innhold
X
Innhald

Kari Ørbech

Kari Ørbech var forfattar og kåsør. Diktinga hennar var retta mot barn og ungdom, med vekt på sosiale utfordringar i samtida.

Kari Ørbech var fødd 5. januar 1902 i Årdal i Sogn og Fjordane og døydde i Eidsvoll 15. april 1997. Ho gjekk på Voss landsgymnas og tok examen artium i 1924. Etter dette gjekk ho på stortingsstenografikurs og arbeidde seinare på kontor. I tillegg til å skrive bøker heldt Ørbech i 1950- og 1960-åra laurdagskåseri i radioen. Ho var òg politisk interessert og sat i kommunestyret i Eidsvoll for Arbeidarpartiet. Ørbech gav ut til saman sytten bøker.

Ørbech sin forfattarskap er prega av eit realistisk blikk på barne- og ungdomslivet. Ho legg handlinga til dei unge si verd og skildrar utfordringane dei ofte står overfor. Forfattaren var tidvis føre for si tid og tok opp problematiske tema som samlivsbrot og tenåringsgraviditet, samstundes som ho debatterte samfunnstilhøva og sosiale forhold. Det kvinnelege perspektivet spelar ei sentral rolle i bøkene. Handlinga har ofte ein alvorleg tone, der det psykologiske og etiske står sentralt. Ørbech nytta både nynorsk og bokmål, og nokre av bøkene hennar er gitt ut i begge målformene.

Forfattaren debuterte med romanen Den forjettede by i 1936, der handlinga krinsar om prestedottera Hanne som flyttar til byen og byggjer seg opp eit nytt tilvære. Barneboka Hun som fikk navnet Loretta (1952) vert rekna som Ørbech sitt gjennombrot. Hovudpersonen er ei 14 år gamal jente som etter mora sin død må ta hennar plass i familien og får ansvaret for småsøsken, hushald og fjøsstell. Bygdeskildringa rommar både menneske, natur, kultur og nyvinningar i samtida. Med Det kan ikke være sant (1956) er Ørbech mellom dei første som tematiserer barn si oppleving av skilsmisse. Liv og Lars (1971) har òg eit kontroversielt tema, der handlinga dreiar seg om ung seksualitet og graviditet. Lesaren vert kjend med den 16 år gamle Liv, som lever i spennet mellom skam og styrke.

I 1952 fekk Ørbech Dammprisen og Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin pris for Hun som fikk navnet Loretta. I 1973 fekk ho igjen pris frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet, for Alt kan hende Peder, og i 1974 for Stormdagen. Tre av bøkene hennar er også utgitt i Sverige, og éi i Russland.

 

Kjelder

Kjetil Roti: «Kari Ørbech», Norsk biografisk leksikon, nbl.snl.no: https://nbl.snl.no/Kari_Ørbech [lesedato 2.12.2018]

Kari Ørbech, forfattarside og bibliografi i «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no: http://forfattarar.sfj.no/kari-orbech/ [lesedato 2.12.2018]


Sist oppdatert: 10.05.2019