Hopp til innhold
Foto: Benedikte Skarvik/ Samlaget
Foto: Benedikte Skarvik/ Samlaget
X
Innhald

Kari Stai

Kari Stai, forfattar, illustratør og biletkunstnar med eit fargerikt, særmerkt og stilisert formspråk. Ho lagar biletbøker for barn på nynorsk.

Kari Stai er fødd 14. august 1974 i Inderøy i Nord-Trøndelag. I perioden 1993–95 studerte ho ved Oslo Tegne- og Maleskole, og i 1996–99 tok ho faglærarutdanning i kunst- og handverk og formgivingsfag ved Høgskulen i Telemark. I 2005 vart Stai uteksaminert med hovudfag i visuell kommunikasjon frå Kunsthøgskulen i Oslo.

Etter 2005 har Stai arbeidd som illustratør for mellom anna bøker og tidsskrift, men det var då ho debuterte som barnebokforfattar med biletboka Jakob og Neikob i 2008 at ho vart kjend for alvor. Stai fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur i 2008 for denne boka, som er omsett til fleire språk.

Jakob og Neikob vart òg svært populær som animasjon og applikasjon for smarttelefonar og nettbrett, og boka vart oppført på den internasjonale barnebokorganisasjonen IBBY si Honour List i 2010. Med oppfølgjaren, Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake, vann Stai både Kritikarprisen og Brageprisen i 2012. Sidan er det kome ut fleire bøker i Jakob og Neikob-serien. 

2010 kom biletboka Blodrik og Blodfabrikken, som vidareførte forfattaren si særeigne, leikne uttrykksform, med klare fargar, flater og linjer. I 2011 kom peikebokserien om Mopp og Mikko, i same stilen. Stai illustrerte òg Rune Belsvik sine bøker Tjuven og Forteljingar om Jolver i 2009.

Stai har halde utstillingar i Tegnerforbundet i Oslo i 2006, Nils Aas Kunstverksted i 2007 og Tallinn Illustrations Triennial i Estland i 2009.

Kjelder

E‑post frå Kari Stai 8.6.2012

Heimesida til Kari Stai, www.karistai.no [lesedato 7.6.2012]

Peikarar

Hilde Dybvik: «Kan 'NEI' bli 'JA' og bør 'JA' bli 'NEI'?», barnebokkritikk.no

Kari Stai, forfattarside, samlaget.no

Først publisert: 25.06.2013
Sist oppdatert: 05.09.2018