Faktaboks

Karl Akre

Karl Edvard Pedersen Akre

Fødd
26. mars 1840, Alta
Død
14. mars 1912, Vadsø

Karl Akre var ein norsk lærar. Saman med Ananias Brune stod han i 1875 for det nordlegaste bladforsøket på landsmål.

Bakgrunn

Karl Edvard Pedersen Akre var fødd i Alta. Før han tok lærareksamen ved Tromsø seminar i 1862, hadde han i 1859 vore lærar i kvensk-norsk ved småskulen i Alta. I 1862 var han lærar og kyrkjesongar i Kjelvik. Frå 1865 var han tilsett som andrelærar ved folkeskulen i Vadsø. Han vart førstelærar i 1884 og skulestyrar i 1911.

I ei rekkje år var Akre oppsynsmann i Hamningberg i Båtsfjord under vårfisket, og han fungerte òg som tingtolk i samisk og kvensk. Frå 1869 til 1910 var han medlem av bystyret. Han var formann i skulestyret, forlikskommissær og medlem av fiskerikommisjonen i 1891. I 1886–1888 var han stortingsrepresentant for Venstre. Då Den Norske Godtemplarorden vart skipa 24. juni 1888, var Akre møteleiar.

Låndsmålsblad

Akre var med på skipinga av Finmarkens Amtstidende i 1871. Han var oppteken av Finnmark si historie og skreiv fleire artiklar om det gamle Vadsø. På dansk-norsk praktiserte han ei rettskriving som låg føre si tid. Rettskrivinga låg nær 1907-normalen.

I juli 1875 gav han saman med Ananias J. Brune ut landsmålsbladet Finnmarkingen, men bladet kom berre med to nummer. Det var det nordlegaste bladtiltaket på landsmål.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Ei stutt soge-yversyn», Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
  • Johan Beronka: Vadsø bys historie. Med spredte bidrag til Varangers historie. Vadsø 1933
  • Per Håland: «Den nynorske pressa», Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Christian Wiik: Tromsø-seminarister. 1829–1879. Oslo 1948

Faktaboks

Karl Akre
Historisk befolkingsregister-ID
pg00000002209743

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg