Hopp til innhold
X
Innhald

Karsten Warholm

Karsten Warholm, allsidig friidrettsutøvar som er både verdsmeister og europameister på 400 meter hekk. I 2017 vart han kåra til årets nykomar av det internasjonale friidrettsforbundet, IAAF.

Karsten Warholm er fødd 28. februar 1996 i Ulsteinvik på Sunnmøre. Han gjekk idrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule. Warholm konkurrerer for Dimna idrettslag, eit idrettslag i Ulstein kommune. I barndomen trente Warholm i fleire idrettar. Han spela fotball til han var 13–14 år, og i friidrett gjorde han det best i høgde og lengde. Med denne allsidige bakgrunnen har Warholm oppnådd gode resultat over eit breitt register, og han konkurrerte lenge som mangekjempar. Han vann gull i åttekamp i U18-VM i 2013 og sølv i tikamp og på 400 meter i U23-EM i 2015.

Det var først i 2017-sesongen at Warholm sette alt inn på éin distanse, 400 meter hekk. Satsinga gav raskt resultat. I juni sette han ny norsk rekord og vann distansen under Bislett Games. Seinare den same sommaren vart han verdsmeister i London på distansen. Warholm fekk også kongepokalen under noregsmeisterskapane i friidrett fire år på rad, frå 2015 til 2018.

Warholm forbetra den norske rekorden på 400 meter hekk i 2018-sesongen, og under EM i Berlin tok han gull i denne øvinga. I denne meisterskapen gjorde han vågestykket å satse på to distansar med eit tett løpsprogram, men på 400 meter flatt nådde han ikkje heilt opp i finalen. Warholm har samarbeidd tett med trenaren Leif Olav Alnes.

Gullmedaljen under verdsmeisterskapen i London i 2017 var ein så sterk idrettsprestasjon at Warholm vann tre prisar under Idrettsgallaen på Hamar i januar 2018. Han vart årets mannlege utøvar, vann utøvarane sin pris og vart kåra til årets namn. Han vart òg kåra til årets nykomar i 2017 av det internasjonale friidrettsforbundet, IAAF.

I 2019-sesongen arrangerte Warholm og Dimna idrettslag idrettsstemnet Karsten Warholm International for første gong. Under innandørs-EM i Glasgow same året vann Warholm gullmedalje på 400 meter og tangerte den europeiske rekorden på distansen.

 

Kjelder

Øystein Jarlsbo og Joachim Baardsen: «Drømmeåret», VG 10.8.2018

Erlend Nesje: «‘Jeg er ikke punktlig, jeg klarer ikke å planlegge, jeg er ikke strukturert. Derfor fører jeg ikke treningsdagbok.’», Aftenposten 12.4.2018

Fredrik Økstad Sandberg: «Warholms drømmeår», Dagbladet 7.8.2018

Fredrik Økstad Sandberg og Øyvind Godø: «Gjorde det umulige», Dagbladet 10.8.2018

Helge Skuseth: «– En veldig allsidig gutt», Sunnmørsposten 15.8.2018

 

Yasmin Sunde Hoel: «Syvtimersøktene som skaper en verdensmester», nrk.no, publisert 4.8.2017: https://www.nrk.no/sport/xl/syvtimersoktene-som-skaper-en-verdensmester-1.13619357 [lesedato 26.10.2018]

NTB: «Hekkeløper Karsten Warholm årets nykommer i verden», smp.no, publisert 24.11.2017: https://www.smp.no/ntb/sport/2017/11/24/Hekkeløper-Karsten-Warholm-årets-nykommer-i-verden-15656297.ece [lesedato 22.11.2018]

«Karsten Warholm», profil på det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) sine sider, iaaf.org: https://www.iaaf.org/athletes/norway/karsten-warholm-275867 [lesedato 26.10.2018]

 

Peikarar

Yasmin Sunde Hoel ofl.: «Warholm tok VM-gull: – Det er verdens beste følelse!», nrk.no

NRK Møre og Romsdal si samleside om Karsten Warholm, nrk.no

Karsten Warholm International, kwinternational.no

Først publisert: 28.03.2019
Sist oppdatert: 10.04.2019