Hopp til innhold
X
Innhald

Kastesamfunn

I eit kastesamfunn er det ei sosial lagdeling som ein vert fødd inn i, men vanskeleg kan bryte ut av. Det indiske samfunnet har vore rekna som eit kastesamfunn, men dei siste 60 åra har systemet vorte noko svekt.

Omgrepet kaste kjem frå portugisisk og tyder «rein». Kasteomgrepet vert knytt til hinduistisk mytologi. Fire klasser, kalla varnaer, har opphav i ein myte om eit urmenneske som vart ofra og partert i fleire delar. Dei ulike delane av dette urmennesket gav opphav til fire klasser. Presteskapet utgjekk frå hovudet, krigarklassen frå skuldrer og armar, handelsklassa frå hoftepartiet og tenarklassa frå beina. Heilt utanfor dette systemet stod dei som ikkje kunne rørast utan at det fekk konsekvensar for eins eigen sosiale status. Desse urørlege omtaler seg i dag som dalitar. Dalit tyder «undertrykt», eller «knust i bitar». 

Noko som gjer forståinga av kasteomgrepet krevjande, er at omgrepet har fleire tydingar. Kaste kan òg peike mot inndelingane britane gjorde under kolonistyret sitt i India. Ei tredje forståing er at ulike kastar viser til ulike slektskapsgrupper. Slike grupper vert i India kalla jati. Innanfor denne forståinga er det framleis slik at foreldre finn ekteskapspartnarar til barna sine innanfor den same kasten. Hinduismen som religion har gitt legitimitet til kastesamfunnet.

Jawaharlal Nehru, den første statsministeren i India, framheva allereie i historieverket The Discovery of India, frå 1946, motsetninga mellom kastesystemet og demokrati. I den indiske grunnlova er likskap nedfelt, og diskrimering med bakgrunn i kaste er ulovleg. Dalitane og dei lågare kastane har stor politisk makt gjennom at dei er så mange. Likevel er fattigdom og diskriminering av dei lågare kastane eit stor problem, særleg på den indiske landsbygda. Dei urørlege, dalitane, har tradisjonelt gjort dei skitnaste jobbane, mellom anna å ta hand om kloakken og hardt fysisk arbeid på jorda. Dei har og hatt spesielle yrke knytt til statusen som «urørlege», til dømes å annonsere gravferder eller vere jordmødrer.

 

Kjelder

Dag Erik Berg: «Dalit mellom kaste og demokrati», Internasjonal Politikk 02/2009

John Bowker (red.): The Concise Oxford Dictionery of World Religions. Oxford 2003

Ingvild Sælid Gilhus og Lisbeth Mikaelsson (red.): Verdens levende religioner. Oslo 2007

Finn Stefánsson og Asger Sørensen (red.): Gyldendals Religionsleksikon. Religion Livsanskuelse. København 1998

 

Veena Das: «Caste», i James D. Wright (red.): International Encyclopedia of the Social & Behavioral Science. 2015. Digital utgåve, sciencedirect.com: https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/B9780080970868120306 [lesedato 26.11.2018]

Først publisert: 26.03.2019
Sist oppdatert: 26.03.2019