Hopp til innhold
X
Innhald

Katrine Sele

Katrine Sele er prislønt journalist, kommunikasjonsrådgivar og sakprosaforfattar. Bøkene hennar er prega av interesse for og perspektiv på enkeltmenneske sine liv og lagnader i vår tid.

Katrine Sele er fødd 17. august 1972 i København og voks opp i Edinburgh, Bulawayo i Zimbabwe, Oslo, Bærum og Singapore. Ho bur no på Vassenden i Jølster.

Sele har eksamen frå United World College of South East Asia i Singapore (1988) og International Baccalaureate frå Berg videregående skole i Oslo (1991). Etter vidaregåande har ho teke grunnfagseksamen i statsvitskap ved Universitetet i Oslo (1992), bachelorgrad i litteratur ved Brown University i Providence, USA (1995) og journalistutdanning, linja for avisjournalistikk, ved Høgskolen i Oslo (1998).

Frå 1998 til 2013 var Sele tilsett som journalist i Mediehuset Firda, i Førde i Sunnfjord. I løpet av desse åra fekk ho fleire prisar: presseprisen for Sogn og Fjordane i 2000 og 2005, Sivleprisen i 2007 og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012.

Sidan 2013 har Sele vore kommunikasjonsrådgivar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, no Høgskulen på Vestlandet. I 2015 fekk ho pris for beste forskingsartikkel på nettstaden forskning.no. Ved sida av å vere journalist og rådgivar har Sele vore frilans forfattar, foredragshaldar og bokbadar sidan 2000.

Sele debuterte som forfattar i 2000, med Månen er så liten som ein katt, ei samling intervju med 39 barn i alderen 4 til 12 år som snakkar om kva som opptek dei. Seinare har ho gitt ut fire bøker til. Tvisynt tvilar. Eit portrett av Oddvar Torsheim (2001) var eit samarbeid med fotografen Oddleiv Apneseth. I 2006 kom Herifrå, eit utval forteljingar og møte med menneske i Sogn og Fjordane, også denne boka saman med Oddleiv Apneseth. Kenneth. Historia om Kenneth Sivertsen (2013) er ein biografi om komponisten og musikaren Kenneth Sivertsen, medan Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak (2017) er eit møte med ni ulike flyktningar som budde på asylmottak i Jølster ei tid.

Bøkene til Sele fortel alle om møte med, og interesse for, enkeltmenneske, anten dei er kunstnar-kjendisar, barn eller flyktningar. Som sakprosaforfattar er ho ein synleg og deltakande forteljar i teksten, ei som opplever, spør, undrar seg, informerer og reflekterer.

I tillegg til eigne bøker har Sele vore representert med tekstar i fleire antologiar, mellom anna Trøysteboka (2011), Det fleirspråklege Noreg (2013) og Ete fysst. 18 forteljingar om Sunnfjord (2014).

Sele var sekretær og kasserar i Sogn og Fjordane journalistlag i åra 2003–08 og har vore medlem i redaksjonsrådet for tidsskriftet Syn og Segn sidan 2014. Ho fekk Jølster kommune sin kulturpris i 2017.

 

Kjelder

E‑postar frå Katrine Sele 3.2.2019 og 20.2.2019

 

Peikarar

Katrine Sele: Månen er så liten som ein katt. 39 born fortel, nb.no

Forfattarside om Katrine Sele på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Først publisert: 14.08.2019
Sist oppdatert: 15.08.2019