Hopp til innhold
Lars Jacobsen Hætta (Lars Jáhkoš-Lasse Hætta) (1834–96) var ein av dei dødsdømde i opprøret som seinare fekk straffa omgjord. Fotografert av Sophus Tromholt i tidsrommet 1882–83. Fotokjelde: Norsk Folkemuseum, digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NF.15006-080. CC PDM / ingen opphavsrett.
Lars Jacobsen Hætta (Lars Jáhkoš-Lasse Hætta) (1834–96) var ein av dei dødsdømde i opprøret som seinare fekk straffa omgjord. Fotografert av Sophus Tromholt i tidsrommet 1882–83. Fotokjelde: Norsk Folkemuseum, digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NF.15006-080. CC PDM / ingen opphavsrett.
X
Innhald

Kautokeino-opprøret

Kautokeino-opprøret skjedde 8. november 1852, då ei gruppe samar gjekk til fysisk åtak på både samar og ei overklasse av innflytta bygdefolk. Bak opprøret låg religiøse, sosiale og økonomiske årsaker.

Sist i 1840-åra hadde mange flyttsamar i Finnmark slutta seg til læstadianismen, ei religiøs rørsle som oppstod i Sverige, og som fekk sin første norske møtelyd i Kautokeino. Den pietistiske læstadianismen kravde kamp mot vantru og sedløyse, og framfor alt mot alkohol. Samane var fortvilte over dei sosiale problema som alkoholmisbruket førte med seg, og forlangte at det skulle verte slutt på brennevinssalet i bygda.

Læstadianarane hadde lite tolmod med dei samane som ikkje ville verte vekte, og med den etablerte kyrkja, som dei meinte dreiv vranglære. Ved fleire høve skapte dei uro i Kautokeino-kyrkja. I 1852 vart 22 av kyrkjeaksjonistane dømde til bøter, som skulle betalast ved at dei måtte gi frå seg tre tusen reinsdyr til staten. Næringsgrunnlaget deira vart ytterlegare forverra ved at Russland same året stengde grensa mellom Noreg og Finland for reindrift. Det gjorde at reindriftseigarane miste vinterbeita på finsk side.

Læstadianarsamane sin harme toppa seg 8. november 1852. Då samla dei ei gruppe med både kvinner, menn og barn og toga mot Kautokeino for å ta eit oppgjer med autoritetane. I slåstkampane som oppstod, vart handelsmannen og lensmannen drepne, presten piska og både samar og innflyttarar sperra inne og mishandla. Opprørarane vart overmanna av samar frå nabobygda, som hadde sett seg imot å verte omvende til læstadianismen. To av opprørarane vart drepne. Før dagen var omme, var opprøret slått ned.

Rettsoppgjeret mot dei 33 tiltalte etter Kautokeino-opprøret vart prøvd for Høgsterett i 1854. Fem vart dømde til døden, to av dei vart halshogde, medan dei tre andre fekk straffa omgjord. Ni fekk livsvarig fengsel, andre fekk kortare fengselsstraffer. Berre fire vart frifunne.

Av protokollane til Høgsterett går det fram at dommarane tolka det lokale opprøret i ein større politisk samanheng og frykta smitteeffekten. Rundt 1850 var det demokratisk gjæring og reformrørsler både i Noreg og elles i Europa. Høgsterettsjuristane meinte at Kautokeino-opprøret hadde likskap med Thranerørsla, som kjempa for småkårsfolk sine rettar, og at begge gruppene var ein fare for samfunnsordninga og sivilisasjonen.

 

Kjelder

Arkivverket: «Kautokeino-opprøret 1852», arkivverket.no, sist oppdatert 23.8.2019: https://www.arkivverket.no/om-oss/samisk-arkiv/kautokeino-opproret-1852?q=kautokeino  [lesedato 6.3.2020]

Ivar Bjørklund: «Kautokeino 1852», dagbladet.no, sist oppdatert 16.12.2016: https://www.dagbladet.no/kultur/kautokeino-1852/66432771 [lesedato 15.6.2020]

Knut Dørum: «Kautokeino-opprøret og fornorsking i nord», voxpublica.no, publisert 3.12.2015: https://voxpublica.no/2015/12/kautokeino-opproret-og-fornorsking-nord/ [lesedato 6.3.2020]

Roald E. Kristiansen: «Kautokeino-opprøret 1852», love.is: http://www.love.is/roald/kautokeino1852.htm [lesedato 15.6.2020]

Nordlige folk: «Skjervøy kirke og opprør», nordligefolk.no: https://nordligefolk.no/sjosamene/historie-religion/skjervoy-kirke-oppror/ [lesedato 15.6.2020]

Per Otnes: Den samiske nasjon. Arbeidsnotat nr. 171, Sosiologisk institutt, Universitetet i Oslo 1981. Elektronisk utgåve, Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007041102001

Tore Pryser: Gesellar, rebellar og svermarar. Om «farlege folk» kring 1850. Oslo 1982. Elektronisk utgåve, Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/items/b25ed3a99e4bdf30a3d6b58ababf82bc?page=0&searchText=tore%20pryser

 

Peikarar

Nils Gaup (regi): «Kautokeino-opprøret» (2008), filmtrailer, youtube.com

Ida Kvittingen: «Hvorfor gjorde samer opprør i 1852?», forskning.no, publisert 15.1.2020

Først publisert: 30.10.2020
Sist oppdatert: 09.11.2020