Faktaboks

Kjartan Lauritzen

eigentleg Per Áki Sigurdsson Kvikne

Fødd
12. januar 1995, Balestrand, Sogn og Fjordane (no Vestland)
Kjartan Lauritzen i 2017.
Kjartan Lauritzen i 2017.
Av /Gonzales Photo.

Kjartan Lauritzen er ein norsk artist frå Balestrand som lagar leiken rapmusikk om helgeliv og sommaridyll.

Bakgrunn

Kjartan Lauritzen, eigentleg Per Áki Sigurdsson Kvikne, er fødd i Balestrand (no Sogndal) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Kvikne gjekk på Høyanger vidaregåande skule (2010–2011) og Voss vidaregåande skule (2011–2013), før han studerte musikkdesign ved Norges Kreative Fagskole (no Høyskolen Kristiania) (2013–2015).

Musikkarrieren

Per Áki Sigurdsson Kvikne bruker artistnamnet Kjartan Lauritzen. I 2014 gav han ut låten «Lekeplass», og året etter kom EP-en Mestertyv, med låtar som «Havanna» og «Fanget». I 2016 kom «Fredag», som i 2018 hadde nådd over seks millionar spelingar på strøymetenesta Spotify. EP-en «Fenomenet» kom i 2017, der låtane «Nyte D» og «Porno» har vore mykje spela i norsk radio. Kjartan Lauritzen har vore med på fleire av dei store musikkfestivalane i Noreg.

Musikken til Kjartan Lauritzen formidlar ofte ei glad stemning. Dei leikne tekstane blir understreka av energiske melodiar. Blåseinstrument som trompet og saksofon er viktige. På låta «Fredag» rappar han om at den største gleda i livet er å sjå fram mot fredag og helg, og på låta «Havanna» rappar han om kor herleg livet er når det sommar og sol. Kjartan Lauritzen er kjent for energiske sceneframføringar, med scenestup som eit varemerke. Han vekslar mellom å syngje på balestrandsdialekt og bergensdialekt.

Utmerkingar

Han fekk Balestrand kommune sin kulturpris i 2017, og han blei nominert til årets nykomar i P3 Gull i 2017, og beste liveartist i P3 Gull i 2017 og 2018. I 2021 fekk Kjartan Lauritzen Norsk Målungdom sin dialektpris. Han har òg vore nominert til Spellemannprisen, fyrst i 2017 i kategorien Årets Nykommer og Grammostipend, og i 2021 for låta «Million» i kategorien Årets Musikkvideo.

Album

  • GAME BOY (2019)
  • Kjartanisme (2021)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg