Hopp til innhold

Kjemiske reaksjonar

Alle stoff er bygde opp av atom som er bundne saman ved hjelp av ulike typar bindingar. Når desse bindingane blir brotne og sette saman på nye måtar, får vi det vi kallar ein kjemisk reaksjon.

I ein kjemisk reaksjon vil eitt eller fleire stoff (utgangsstoff) bli gjorde om til eitt eller fleire nye stoff (produkt). Det nye stoffet vil vere bygd opp på ein annan måte enn den stoffet vi hadde i utgangspunktet. Molekylet eller saltet får ein annan kjemisk struktur. Utgangsstoffa og produkta vil dessutan ha ulike kjemiske eigenskapar.

For å synleggjere kva som skjer i ein kjemisk reaksjon, kan vi bruke likningar og kjemiske modellar. Her skal vi sjå på korleis ein set opp ordlikningar, reaksjonslikningar og kulemodellar.

I ei ordlikning forklarer vi den kjemiske reaksjonen ved å bruke namna til dei ulike stoffa som er med i reaksjonen:

oksygengass + hydrogengass –> vatn

natriumion + klorion –> natriumklorid (bordsalt)

I ei reaksjonslikning brukar vi dei kjemiske formlane til stoffa. Då blir det synleg kva for atom som er med i den kjemiske reaksjonen. Dersom vi skal setje opp ei balansert reaksjonslikning, må vi passe på at det er like mange atom av kvar type på kvar side av pila som symboliserer reaksjonen:

O2 + 2H2 –> 2H2O

Na+ + Cl –> NaCl

Med ein kulemodell (sjå illustrasjonane nedanfor) synleggjer vi kva for atom som heng saman, og korleis molekylet eller saltet er bygd opp.

Når kjemiske reaksjonar liknar kvarandre, blir dei kategoriserte som same type reaksjon. Her er døme tre på typar av kjemiske reaksjonar: Dersom eit stoff gir eit elektron (e-) til eit anna stoff, kallar vi det ein redoksreaksjon. I ein syre-base-reaksjon blir eit proton (H+) flytta frå eitt stoff til eit anna. Når eit stoff reagerer med O2 og det blir danna varme, blir reaksjonen klassifisert som ein forbrenningsreaksjon.

Kjemiske reaksjonar. Kulemodell for danning av vatn. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Ragnhild Hope Birkeland. CC BY-ND 4.0.

Klikk på illustrasjonen for å forstørre. Du kan laste ned og fritt bruke illustrasjonen i skuleoppgåver og anna, mot å skrive kor du har henta han frå. Krediter med: «Henta frå allkunne.no. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Ragnhild Hope Birkeland. Lisens: CC BY-ND 4.0.»

Kjemiske reaksjonar. Kulemodell for danning av natriumklorid. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Ragnhild Hope Birkeland. CC BY-ND 4.0.

Klikk på illustrasjonen for å forstørre. Du kan laste ned og fritt bruke illustrasjonen i skuleoppgåver og anna, mot å skrive kor du har henta han frå. Krediter med: «Henta frå allkunne.no. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Ragnhild Hope Birkeland. Lisens: CC BY-ND 4.0.»


Kjelder

Truls Grønneberg, Merete Hannisdal, Bjørn Pedersen og Vivi Ringnes: Kjemien stemmer 1, 4. utg. Oslo 2012

Truls Grønneberg, Merete Hannisdal, Bjørn Pedersen og Vivi Ringnes: Kjemien stemmer 2, 4. utg. Oslo 2013

 

Thomas Bedin ofl.: «Forbrenning – reaksjon med oksygen gir energi», ndla.no, sist oppdatert 21.2.2019: https://ndla.no/nb/subjects/subject:21/topic:1:183351/topic:1:13567/resource:1:13590 [lesedato 10.11.2019]


Peikarar

NRK Skole: «Forskerfabrikken: Kjemiske reaksjoner», nrk.no

NRK Skole: «Kjemikalier i og rundt oss», nrk.no

Først publisert: 25.11.2020
Sist oppdatert: 05.01.2021