Hopp til innhold
Kjersti Wøien Håland. Foto: Heidi Furre. Kjelde: Flamme Forlag. Nytta etter avtale.
Kjersti Wøien Håland. Foto: Heidi Furre. Kjelde: Flamme Forlag. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Kjersti Wøien Håland

Kjersti Wøien Håland er forfattar og manusforfattar, skribent og lyrikar. Ho har markert seg som ei røyst for dei unge vaksne og har auka merksemda rundt distriktsungdom og nynorskbrukarar.

Kjersti Wøien Håland er fødd 13. november 1988 og er frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Ho gjekk på Firda vidaregåande skule, har treårig tekstforfattarutdanning frå Westerdals Høyskole i Oslo (2009–2012) og har gått manusforfattarlinja ved Den norske filmskolen i Lillehammer (2013–2016). Håland har vore teatersjef ved studentteateret Teater Neuf i Oslo, har gitt ut fleire lyrikksamlingar og romanar og har vore manusforfattar for mellom anna fjernsynsserien Lovleg.

Håland sin forfattarskap synleggjer ein ung generasjon som leitar etter meining. Tekstane hennar er engasjerte, gripande og avslørande, tidvis sjølvutleverande. Både i poesi og prosa kjem lesaren tett på individet. Alvor går hand i hand med humor, og både framandgjering og identitet er ofte tema. Forfattaren skriv på nynorsk og nyttar eit kortfatta, leikande og tydeleg språk.

Håland debuterte med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti (2013). Poesien er inspirert av Internett-språk og den tradisjonelle japanske diktforma haiku. Håland freistar å skjere vekk all unødig bruk av ord og set mellom anna søkjelyset på det veksande ønsket vårt om merksemd. Ein fiktiv stad på Vestlandet, ei bygd i vanskar, gir ramme til handlinga i den første romanen, Dommedøgn (2014). Det vesle samfunnet opplever nedlegging av hjørnesteinsbedrifta, arbeidsløyse og fråflytting. Handlinga vekslar mellom kjensler som meiningsløyse og fellesskap når Håland skriv om distriktspolitikken sine både personlege og samfunnsmessige problemstillingar.

Håland er skaparen av ungdomsdramaet Lovleg (2018), ein fjernsynsserie for NRK, SVT og DR. Hovudpersonen er den unge og famlande Gunnhild frå Høyanger, som går på Firda vidaregåande skule og bur i hybelkollektiv på Sandane i Gloppen. Serien tematiserer einsemd, identitet, angst og forelsking. Alle skodespelarane i Lovleg er frå Sogn og Fjordane, og serien har hausta mykje ros for bruken av nynorsk tekst og dialekt.

Håland blei nominert til Ungdommens kritikerpris i 2015 for romanen Dommedøgn. Ho fekk toårig arbeidsstipend frå Den norske forfatterforening i 2016. For første sesong av Lovleg blei ho nominert til Medieprisen for beste web-serie, og i 2019 fekk ho Målprisen for serien, saman med produsent Hege Hauff Hvattum.

 

Kjelder

Nettsamtale med Kjersti Wøien Håland 16.5.2019

 

Bibliografi, forfatterkatalogen.no: https://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/kjersti-woien-haland/ [lesedato 2.9.2019]

Andrea Rygg Nøttveit: «Ho har skrive 'Lovleg'», framtida.no, publisert 24.8.2018: https://framtida.no/2018/08/24/ho-har-laga-lovleg [lesedato 16.5.2019]

Bjørn Ivar Voll: «'Lovleg' får pris for levande nynorsk», framtida.no, publisert 23.4.2019: https://framtida.no/2019/04/23/lovleg-far-pris-for-levande-nynorsk [lesedato 16.5.2019]

 

Peikarar

Adalheidur Audardottir Oldeide: «Twitter-inspirasjon vert bokdebut», nrk.no

Foreningen !les: «Dommedøgn. Nominasjonsjuryens begrunnelse», ungdommenskritikerpris.no

Håvard Rem: «Gir stemme til en generasjon», bok365.no

Først publisert: 06.09.2019
Sist oppdatert: 10.09.2019