Klassisk musikk er i mange tilfelle knytt til nedskrivne verk av namngitte komponistar. Frå 1700-talet av vart orkestera stadig større, og det store talet på musikarar krev at symfoniorkesteret blir leidd av ein dirigent. Biletet viser Han-na Chang og Trondheim Symfoniorkester.
.
Strykekvartett
Strykekvartett er en viktig form i kammermusikk i dag. Bildet viser den belgiske strykekvartetten Quatuor Danel under en framføring av Paul Hindemiths Minimax.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0
Edvard og Nina Grieg foran pianoet i 1888.

Klassisk musikk er skapt av yrkesmusikarar og komponistar. Edvard Grieg blir rekna som Noregs største komponist. Nina Grieg var ein norsk songar (sopran) og pedagog, og gift med Edvard.

Edvard og Nina Grieg foran pianoet i 1888.
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Klassisk musikk er ein verdsomspennande kunstmusikktradisjon med historisk opphav knytt til kyrkja og adelen i Vest-Europa i mellomalderen. I ein snevrare forstand omfattar klassisk musikk musikken som høyrer til den musikalske perioden klassisismen. Klassisk musikk skapt etter andre verdskrigen blir ofte karakterisert som samtidsmusikk.

Omgrepet klassisk musikk blir også brukt om enkelte kunstmusikktradisjonar i andre verdsdelar, som indisk klassisk musikk og persisk klassisk musikk.

Klassisk musikk er skapt av yrkesmusikarar og komponistar, har eit historisk opphav knytt til makthavarar og kulturelle elitar og er etablert som ein sjanger skilt frå folkemusikk, underhaldningsmusikk og populærmusikk. Musikken er primært retta mot å opplevast på ein konsert eller eit anna formelt arrangement der lytting står i sentrum. Musikken blir anerkjend som eit sjølvstendig kunstnarleg uttrykk, sjølv om han også kan inngå i sosiale og rituelle samanhengar.

Sjølve omgrepet klassisk musikk kom i bruk i Europa i første halvdel av 1800-talet. Bruken av ordet klassisk er kjend innanfor andre kunstvitskapar og spelar på det som søkjer førebilete i Romarriket og den greske antikken.

Opphav og utvikling

I mellomalderen utvikla det seg ein musikkultur som gradvis skilde seg frå folkemusikken. Skipinga av hofforkester og kirkekor og dessutan utviklinga av ein musikalsk skriftkultur bidrog til dette skiljet. Musikknotasjon førte til at musikken vart knytt til nedskrivne verk av namngitte komponistar. Andre faktorar som styrkte musikken som ein eigen kulturell tradisjon, var utviklinga av fleirstemt song, stadig større orkester og meir avanserte musikkinstrument. Etter kvart fekk skipinga av symfoniorkester og operaensemble ei sentral betydning for utviklinga og utbreiinga av musikken. Den aukande kompleksiteten la også grunnlaget for at klassisk musikk kravde spesialiserte yrkesmusikarar som vart utdanna ved eigne musikkakademi.

Den klassiske musikktradisjonen har utvikla ei rekkje komposisjonsformer som følgjer heilt konkrete reglar for utforminga av eit stykke. Nokre av dei mest kjende er symfoni, fuge og sonate. Fleire av dei mest berømte klassiske komponistane er kjende for å ha meistra og utvikla desse formane. Til dømes er Joseph Haydn (1732–1809) kjend som «far til symfonien», medan Johann Sebastian Bach (1685–1750) sine fugar blir brukte som døme i lærebøker den dag i dag.

Nasjonal og internasjonal musikk

Sydney

I mange hovudstader finn me konserthus og operaer som nasjonale signalbygg. Sydney Opera House, tegnet av Jørn Utzon, er det mest kjende landemerke i byen.

Av /NTB Scanpix ※.

Klassisk musikk blir brukt i stor grad til å fremje nasjonal identitet og stoltheit. Nasjonalsongar over heile verda er ofte skrive av kjende komponistar innan den klassiske tradisjonen. Framståande komponistar kan få ein ikonisk nasjonal status og gi namn til institusjonar, som til dømes Griegakademiet i Bergen, Sibelius-Akademin i Helsinki og Liszt Ferenc Academy i Budapest. I mange hovudstader finn me konserthus og operaer som nasjonale signalbygg. Klassisk musikk inngår også i feiring av nasjonale ritual og høgtidar, ikkje minst gjennom media.

Samtidig har mykje av det klassiske repertoaret også lausrive seg frå tilknyting til nasjonalitet og opphav og bevega seg i retning av ein nærast universell kunsttradisjon. Når til dømes ein utøvar i dag tolkar Bachs preludium, er dei historiske og nasjonale opphava til musikken av mindre betydning.

Opplæring og pedagogikk

Klassisk musikk blir hovudsakleg vidareført gjennom formalisert opplæring ved kultur- og utdanningsinstitusjonar. I høgare utdanning har klassisk musikk ein dominerande posisjon, med både vitskaplege og utøvande program ved mange store universitet og eigne musikkakademi. Dei som skaper klassisk musikk, har gjerne lært komposisjon ved å studere på konservatorium eller gå i lære hos andre komponistar.

Klassisk musikk er i store delar av verda grunnlaget for den generelle musikkopplæringa i skuleverket. Undervisning i musikkteori og harmonilære er i all hovudsak basert på den klassiske tradisjonen. Musikkpedagogiske konsept og metodar utvikla av Emil Jaques-Dalcroze, Carl Orff, Zoltán Kodály, Scinichi Suzuki og John Paynter er alle først og fremst retta mot opplæring i klassisk musikk.

Klassisk musikk og klasse

Publikum i operaen i Oslo

Norske undersøkingar har vist at interessa for å gå på konsert med klassisk musikk er større jo høgare utdanningsnivå publikum har. Publikum på konsertar med klassisk musikk har også ein høg gjennomsnittsalder.

Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Sosiologar og kulturforskarar har undersøkt klassisk musikk i lys av sosial status og klasse. Den franske sosiologen Pierre Bourdieu (1930–2002) meinte at musikk står i ei særstilling når det gjeld å legitimere sosiale forskjellar, og baserte mykje av teorien sin om kulturell kapital på undersøkingar av musikksmak. For å klargjere samanhengar mellom sosial klasse og smak viste Bourdieu korleis preferansen for «seriøs» klassisk musikk (som Bachs Das Wohltemperierte Klavier) var høgast blant den kulturelle eliten, medan meir «folkelege» verkar (som Johann Strauss den yngres An der Schönen Blauen Donau) vart føretrekt av menneske med mindre kulturell kapital.

Desse teoriane har sidan blitt utfordra og nyansert. Nokre peikar på at dei som lyttar til klassisk musikk, er ei lita gruppe, også innanfor høgre klassar. Undersøkingar viser også at det kan vere samanheng mellom høgre utdanning og interesse for populærmusikk.

Norske publikumsundersøkingar har vist at interessa for å gå på konsert med klassisk musikk er større jo høgare utdanningsnivå publikum har, noko som gjeld i større grad enn for andre musikksjangrar (Danielsen, 2006). Publikum på konsertar med klassisk musikk har også ein høg gjennomsnittsalder.

Verksformer i klassisk musikk

Ensembler i klassisk musikk

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bourdieu, P. (1995). Distinksjonen : en sosiologisk kritikk av dømmekraften. Pax.
  • Bull, A. (2019). Class, Control, and Classical Music. New York: Oxford University Press.
  • Cook, Nicholas (2000) Music. A very short introduction. Oxford University Press.
  • Danielsen, Arild (2006). Behaget i kulturen / en studie av kunst- og kulturpublikum. Norsk kulturråd.
  • Michels, Ulrich (2008). dtv-Atlas Musik, bd. 1 og 2. München: dtv Verlagsgesellschaft.
  • Wolf, Eugene K. (2003) «Classical», i Don Michael Randel (red.) The Harvard Dictionary of Music, 4. utg. Cambridge 2003.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg