Hopp til innhold
X
Innhald

Klimasøksmål

Klimasøksmål er rettsprosessar der kjernen i konflikten mellom partane er klimapolitikk. Klimasøksmål er blitt meir vanlege globalt dei seinare åra og har mellom anna ført til ei utvikling av rettsvitskapen.

Det har vore rettssaker med klimapolitikk som kjernekonflikt sidan kring 1990, hovudsakeleg i USA. Men merksemda om klimasøksmål blei for alvor vekt i 2015, då det fall dom i to viktige saker. Den eine var Urgenda-saka, der den nederlandske miljøorganisasjonen Urgenda saksøkte den nederlandske staten for ikkje å gjere nok for å verne innbyggjarane mot konsekvensane av globale, menneskeskapte klimaendringar. Urgenda fekk medhald i retten, og staten blei dømd til å styrkje innsatsen mot klimaendringar. Dommen ble anka til høgsterett, der han blei endeleg stadfesta i desember 2019, med basis i Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Den andre saka gjaldt den pakistanske bonden Asghar Leghari, som saksøkte den pakistanske staten for å medverke til brot på menneskerettane ved å la vere å setje i verk sin eigen vedtekne klimapolitikk. Leghari fekk medhald, og retten gav staten ordre om å gjennomføre klimapolitikken som var vedteken.

Desse sakene tente som førebilete for liknande søksmål og gjorde at talet på klimasøksmål auka sterkt. Sidan sakene var dei første i sitt slag, førte dei også til at domstolane måtte avklare det juridiske grunnlaget for dommane, og det resulterte i nye rettsvitskaplege innsikter, som seinare er tekne i bruk i andre saker.

Klimarettssaker kan grovt sett delast i to typar: Den eine typen er strategiske saker der det overordna målet er å påverke og endre den offentlege debatten og politikkutforminga, slik som i Urgenda- og Leghari-sakene. Den andre typen er rutinesaker, der konflikten til dømes kan gjelde konkrete forvaltningsvedtak om til dømes arealforvalting og konsesjonar, og der klimaet blir brukt som argument i saka.

Per mars 2020 var det registrert 1176 klimarettssaker i USA og 336 saker i verda elles.

Saksøkjer styresmakter og oljeselskap

Urgenda-saka var banebrytande og inspirerte liknande saker mot styresmakter i andre land, også i Noreg. I 2017 saksøkte Natur og Ungdom, saman med Greenpeace, den norske staten for å bryte Grunnlova sin miljøparagraf 112 ved å lyse ut nye lisensar for olje- og gassutvinning. Retten frifann staten og viste til at lisensane var lyste ut i samsvar med gjeldande reglar, og at Noreg ikkje kan stillast til ansvar for klimagassutslepp som skjer ved brenning av norsk olje og gass i andre land. Saksøkjarane anka saka til lagmannsretten og vidare til Høgsterett.

I dei fleste klimasøksmål er det nasjonale styresmakter som blir saksøkte, medan saksøkjarane oftast er borgarar og/eller ikkje-statlege organisasjonar. Målet med desse sakene er oftast å tvinge styresmaktene til å gjennomføre eigne klimamål eller innføre ein meir ambisiøs klimapolitikk.

Men dei seinare åra er fleire søksmål blitt retta mot private selskap som står bak høge klimagassutslepp. Desse sakene heng saman med to nyare utviklingar. Den eine er forsking som prøver å talfeste kor sannsynleg det er at menneskeskapte klimaendringar er årsak til spesifikke ekstremvêrhendingar. Den andre er aukande kunnskap om at nokre få store fossilenergi-selskap er årsak til størstedelen av klimagassutsleppa i verda.

I fleire nyare søksmål mot fossilenergi-selskap er det lokale eller regionale styresmakter som går til sak, på bakgrunn av prinsippet om at den som forureinar, skal betale. Saksøkjarane peikar på at sidan energiselskapa har halde fram med å selje olje og gass sjølv om dei lenge har visst at bruk av fossil energi vil føre til klimaendringar, bør selskapa betale dei omkostningane samfunnet har når det må tilpasse seg klimaendringane. Norske Equinor er eit av selskapa som er blitt saksøkt i slike søksmål.

I nokre saker er energiselskap også blitt saksøkte av sine eigne aksjonærar for å ha late vere å ta omsyn til klimarisiko i investeringsavgjerdene sine. Aksjonærane meiner at dei dermed ikkje har fått rett informasjon om kor sikre investeringane deira eigentleg er.

Rettsområde i utvikling

Det juridiske grunnlaget for å saksøkje store forureinarar er blitt utvida og betre utvikla med tida. I desember 2019 konkluderte den filippinske menneskerettskommisjonen, etter ei tre år lang gransking, med at store bidragsytarar til klimagassutslepp kan haldast rettsleg ansvarlege for brot på menneskerettane som følgje av klimaendringar. Dette ansvaret gjeld både sivile søksmål og straffesaker, og både private og offentleg eigde selskap, ifølgje kommisjonen. Menneskerettane blir stadig oftare brukte som argument i klimarettssaker.

Per 2019 har klimasøksmål ikkje direkte ført til reduserte klimagassutslepp. Klimarettssaker er framleis eit nytt og relativt uprøvd område for domstolane, sjølv om utviklinga går raskt. I mange saker manglar ein tidlegare døme å orientere seg etter, og det er vanskeleg å etablere sikker kunnskap om årsakssamanhengar. Sakene utfordrar ofte domstolane sitt kompetanseområde og maktfordelinga mellom domstolar, lovgivarar og den utøvande makta. Sakene blir difor ofte anka, nettopp for å avklare slike forhold, og dei bruker lang tid på vegen gjennom rettssystemet. Ei rad saker blir også avviste før dei hamnar i retten, fordi det er uklart om konflikten eigentleg høyrer heime i retten, eller om han heller bør løysast av politikarane eller byråkratiet. Tendensen går likevel i retning av at klimasøksmål blir tekne i bruk i stadig fleire land og situasjonar.


Kjelder

«Climate Change Litigation Databases», oversikt over klimasøksmål, climatecasechart.com: http://climatecasechart.com/ [lesedato 26.3.2020]

Dana Drugmand: «Norway: We Are Not Responsible for Climate Impacts of Burning Our Oil», climateliabilitynews.org, publisert 14.11.2019: https://www.climateliabilitynews.org/2019/11/14/norway-oil-climate-lawsuit-greenpeace/ [lesedato 20.12.2019]

FNs miljøprogram: «The Status of Climate Change Litigation. A Global Review», rapport. Nairobi, mai 2017. Digital utgåve, wedocs.unep.org, publisert mai 2017: https://wedocs.unep.org/bitstream/handle/20.500.11822/20767/climate-change-litigation.pdf [lesedato 20.12.2019]

Isabella Kaminski: «Carbon Majors Can Be Held Liable for Human Rights Violations, Philippines Commission Rules», climateliabilitynews.org, publisert 9.12.2019: https://www.climateliabilitynews.org/2019/12/09/philippines-human-rights-climate-change-2/ [lesedato 19.12.2019]

Nicholas Kusnetz: «A Surge of Climate Lawsuits Targets Human Rights, Damage from Fossil Fuels», insideclimatenews.org: https://insideclimatenews.org/news/04012019/climate-change-lawsuits-2018-year-review-exxon-fossil-fuel-companies-human-rights-children-government [lesedato 19.12.2019]

«Leghari vs. Federation of Pakistan», climatecasechart.com: http://climatecasechart.com/non-us-case/ashgar-leghari-v-federation-of-pakistan/ [lesedato 19.12.2019]

Jelmer Mommers: «Lawyers are going to court to stop climate change. And it might just work», thecorresponent.com, publisert 19.12.2019: https://thecorrespondent.com/185/lawyers-are-going-to-court-to-stop-climate-change-and-it-might-just-work/15143562390-ab88ed34 [lesedato 19.12.2019]

Pressemelding om høgsterettsdommen i Urgenda-saka, rechtspraak.nl, publisert 20.12.2019: https://www.rechtspraak.nl/Organisatie-en-contact/Organisatie/Hoge-Raad-der-Nederlanden/Nieuws/Paginas/Staat--moet-uitstoot-broeikasgassen-met-25-verminderen-eind-2020.aspx [lesedato 20.12.2019]

Joana Setzer og Rebecca Byrnes: «Global trends in climate change litigation: 2019 snapshot». Policy report. Grantham Research Institute on Climate Change and the Environment og Centre for Climate Change Economics and Policy, London School of Economics and Political Science, 2019. Digital utgåve London School of Economics and Political Science, lse.ac.uk, publisert juli 2019: http://www.lse.ac.uk/GranthamInstitute/wp-content/uploads/2019/07/GRI_Global-trends-in-climate-change-litigation-2019-snapshot-2.pdf [lesedato 19.12.2019]

Douglas Starr: «Just 90 companies are to blame for most climate change, this 'carbon accountant' says», sciencemag.org, publisert 25.8.2016: https://www.sciencemag.org/news/2016/08/just-90-companies-are-blame-most-climate-change-carbon-accountant-says [lesedato 19.12.2019]

 

Peikarar

Tuva Bønke Grønning: «– Å få jussen og menneskerettighetene inn i klimadiskusjonen kan føre til endringer», juristen.no, publisert 3.10.2019

Erlend A. Methi: «Klimarettssaken er rettslig nybrottsarbeid», morgenbladet.no, publisert 6.11.2019

Først publisert: 29.05.2020
Sist oppdatert: 05.06.2020