Hopp til innhold
Knut Arild Hareide. Foto: Stortinget.
Knut Arild Hareide. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Knut Arild Hareide

Knut Arild Hareide, siviløkonom, partileiar og stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti. Han var miljøvernstatsråd i Bondevik II-regjeringa i 2004–05, den yngste statsråden KrF har hatt.

Knut Arild Hareide er fødd 23. november 1972 på Bømlo i Hordaland, der han voks opp. Han tok vidaregåande skule på Bømlo i 1989–92, siviløkonomstudiet ved Norges Handelshøyskole i 1992–97 og grunnfag i sosiolog ved Universitetet i Bergen i 1995. Hareide arbeidde i Schibsted ASA i fleire periodar mellom 1997 og 2009, dei siste tre åra som organisasjonsdirektør. Han var politisk rådgivar i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i 1998–2000, statssekretær i Finansdepartementet i 2001–03 og miljøvernminister i regjeringa Bondevik II i 2004–05.

Han har vore kommunestyrerepresentant for Kristeleg Folkeparti i Bømlo (1991–95), medlem av KrFUs sentralstyre (1991–2001) og medlem av KrFs sentralstyre (2001–03). Hareide var 2. nestleiar i partiet i 2003–07, valde å gå ut av politikken ei tid, men kom tilbake som partileiar i 2011, etter Dagfinn Høybråten. 

Frå 1997 til 2009 var han vararepresentant til Stortinget for Hordaland, og i 2009–13 var han vald inn på Stortinget frå Akershus og var leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen i stortingsperioden. Han var leiar av den særskilde komiteen for å handsame utgreiingane frå justis- og forsvarsministrane om terroråtaka 22. juli 2011. Stortingsvalet 2013 sette KrF i posisjon til å forhandle om regjeringsmakt saman med dei borgarlege partia. Knut Arild Hareide vart attvald til Stortinget i perioden 2013–2017 og sat i perioden i utanriks- og forsvarskomiteen. Ved stortingsvalet i 2017 vart han vald inn til sin tredje periode som fast møtande på Stortinget. I perioden 2017–21 sit han i utanriks- og forsvarskomiteen. Dei viktigaste politiske sakene hans er miljø, kampen mot fattigdom, kyrkjespørsmål og familiepolitikk.

Hareide var medlem i styret i Norges Studentunion i 1993–94, leiar av Norges Handelshøyskoles Studentforening i 1994–95 og medlem av rådet til den kristne frivillige organisasjonen Navigatørene i 2000–02.

Kjelder

Knut Arild Hareide, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KNAH [lesedato 23.2.2012]

Bloggen til Knut Arild Hareide: http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/blogg/forside?blogg=16408 [lesedato 23.2.2012]

Peikarar

Adresseavisa skriv at Hareide er vald til partileiar 30.4.2011

Om 22. juli-komiteen, nrk.no 18.11.2011

Om Knut Arild Hareide som yngste minister for KrF på krfu.no

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 02.11.2018