Hopp til innhold
X
Innhald

Konfliktlinjer

Konfliktlinjer er djupe og langvarige motsetnader i samfunnet. Desse avstandane har skapt grunnlag for idékamp og politiske parti, og dei ligg under mange av enkeltsakene som partia er opptekne av.

Kva som er konfliktlinjer, varierer frå land til land. På 1800-talet i Noreg fekk dei sosiale og kulturelle verdiane til overklassa i byane motstand frå folkerørsler i distrikta. Då statsvitaren Stein Rokkan studerte partia sine stridsspørsmål i 1960-åra, såg han at striden mellom by og land framleis gjorde seg gjeldande. Denne første og langvarige skiljelinja i politikken kalla han ein sentrum–periferi-konflikt.

Konfliktlinja mellom by og land la grunnlaget for partiet Venstre som talerøyr for landsbygda, og partiet Høgre som talerøyr for byane. Arbeidarpartiet var svaret på konflikten mellom arbeidsgivarar og arbeidarar, ei konfliktlinje vi finn att i alle vestlege land.

Etter Rokkan si tid er andre konfliktlinjer komne til, til dømes ei konfliktlinje mellom økonomisk vekst og miljøverninteresser. På 2000-talet har ulike syn på innvandring, og ein skjerpt motsetnad mellom globalisering og nasjonalstatar, skapt nye konfliktlinjer.

Dersom konfliktlinjer er samanfallande, kan dei forsterke kvarandre og svekkje den politiske kompromissviljen. I Nord-Irland var det lenge samanfall mellom religion og økonomi, der katolikkane var dei fattige og protestantane dei meir velståande. I Noreg har konfliktlinjene i hovudsak vore kryssande. Dei fleste partia har grupper med motstridande syn på viktige samfunnsspørsmål. Det har fremja politisk måtehald og ro.

 

Kjelder

Jan Erik Grindheim: «Er sektortilhørighet og kjønn blitt politikkens viktigste skillelinjer?», Civita-notat nr. 13, 2019, civita.no: https://civita.no/assets/2019/05/Notat_13_2019-Er-sektortilh%C3%B8righet-og-kj%C3%B8nn-blitt-politikkens-viktigste-skillelinjer.pdf [lesedato 24.10.2019]

Kristian Landsgård: «Nye politiske konfliktlinjer», forsking.no, publisert 3.9.2009: https://forskning.no/valg-institutt-for-samfunnsforskning-partner/nye-politiske-konfliktlinjer/902537 [lesedato 22.10.2019]

Bernt Aardal: «Hva er en politisk skillelinje?», sv.uio.no, publisert 1994: https://www.sv.uio.no/isv/forskning/prosjekter/valgforskning/publikasjoner/aardal_tfs_1994.pdf [lesedato 24.10.2019]

Bernt Aardal: «60 år med valgforskning – hva har vi lært?», Norsk statsvitenskapelig tidsskrift nr. 3–4/2017, idunn.no: https://www.idunn.no/nst/2017/03-04/60_aar_med_valgforskning_hva_har_vi_laert [lesedato 24.10.2019]


Peikarar

Frøy Gudbrandsen: «Periferien er i sentrum igjen», bt.no

Først publisert: 22.04.2020
Sist oppdatert: 22.04.2020