Konkurranseutsetting er å la ulike verksemder konkurrere om kven som skal levere ei teneste som det offentlege finansierer. Konkurranseutsetting fører ofte til strid i lokalpolitikken.

Konkurranseutsetting er ei form for privatisering, der ei teneste som offentlege instansar tidlegare hadde eineansvar for å levere, vert gitt til den verksemda som vinn ein anbodsrunde om å produsere tenesta. Offentlege instansar kan vere mellom dei som konkurrerer om å få oppdraget.

Ved konkurranseutsetting er tanken at tenestene vert meir effektivt produserte, fordi konkurranse verkar skjerpande på dei som skal levere tenestene eller varene. Dessutan kan det verte ryddigare organisatorisk når det ikkje er dei same delane av ei verksemd som bestiller ei teneste, som leverer henne. Konkurranseutsetting i kommunen krev juridisk og økonomisk kompetanse og andre typar kontroll enn ved tradisjonell kommunal styring. At kommunen har ein god organisatorisk struktur, ser ut til å vere ein føresetnad for vellukka konkurranseutsetting.

Den politiske høgresida er oftast for privatisering og konkurranseutsetting, i tillegg til arbeidsgivarar. Dei meiner at konkurranseutsetting gir meir valfridom og mindre samla kostnader. Kritikarane er ofte fagforeiningar og parti på venstresida. Dei hevdar at konkurranseutsetting kan svekkje arbeidsvilkåra til arbeidstakarane, og at det fører til lågare bemanning. Dei meiner òg at det kan gå ut over kvaliteten.

Evalueringar av kva ein oppnår med konkurranseutsetting har gitt sprikande svar. På den eine sida viser nokre evalueringar nøgde brukarar og potensial for innsparingar. På den andre sida har konkurranseutsetting i somme tilfelle ikkje innfridd forventningane.

Ein type konkurranseutsetting som vekkjer strid i mange av kommunane, og som ofte vert eit heitt valkamptema, gjeld konkurranseutsetting av drift av sjukeheimar. Eit anna døme på strid om konkurranseutsetting var då Framstegspartiet sin samferdselsminister våren 2015 foreslo meir konkurranseutsetting i togtrafikken, til protestar frå venstresida.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gro Sandkjær Hanssen, Marit Kristine Helgesen og Signe Irene Vabo: Politikk og demokrati. En innføring i stats- og kommunalkunnskap, 3. utgåve. Oslo 2011
  • Rolf Rønning, Rolf og Jon Helge Lesjø: Vårt politiske Norge. En innføring i stats- og kommunalkunnskap, 4. utgåve. Bergen 2015

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg