Hopp til innhold
X
Innhald

Kopar

Kopar er eit grunnstoff som er giftig, men det er også viktig for kroppen. Og kopar er viktig i samband med «det grøne skiftet».

Namnet kopar kjem frå latin aes Cyprium, som tyder 'malm frå Kypros'. Det kjemiske symbolet er Cu. Symbolet har bakgrunn i det moderne latinske ordet for kopar, cuprum. Kopar har atomnummer 29, det vil seie at det har 29 proton og nøytron i kjernen. I periodesystemet er kopar plassert i gruppe 11 og periode 4. Kopar har 29 elektron som svirrar rundt kjernen, fordelte på fire skal. Kopar har berre eitt elektron i det ytste skalet, og det gjer at koparatomet lett kan danne kjemiske sambindingar med andre atom.

Kopar er eit raudfarga metall. Fargen kjem av at kopar reflekterer det raude og oransje lyset. Kopar har mange av dei same eigenskapane som gull og sølv og er ein god leiar av varme og elektrisk straum. Kopar løyser seg ikkje i vatn, men oksiderer i luft. Det vil seie at kopar bind til seg oksygenatom.

Bilete frå arbeidet med konstruksjonen av Fridomsgudinna i Paris i 1883. Fotograf: Albert Fernique. Kjelde: New York Public Library. UUID: 0e21f370-c62b-012f-5fd9-58d385a7bc34. Public Domain / falle i det fri.

Bilete frå arbeidet med konstruksjonen av Fridomsgudinna i Paris i 1883. Fotograf: Albert Fernique. Kjelde: New York Public Library. UUID: 0e21f370-c62b-012f-5fd9-58d385a7bc34. Public Domain / falle i det fri.

Fridomsgudinna i New York, som blei bygd i 1886, er laga av fleire hundre koparplater, som til saman veg 225 tonn. Årsaka til at fridomsgudinna er grøn, er at koparen har eira. Eiret kjem av at koparen reagerer med mellom anna svoveldioksid, karbondioksid og hydrogensulfid i lufta. Koparen som blei brukt til å byggje fridomsgudinna, kom frå Vigsnes kobberverk, nordvest på Karmøy. Vi hadde fleire koparverk i Noreg, mellom anna Røros koparverk, som var eit av dei viktigaste bergverka i Noreg. Det var i drift i frå 1644 og fram til 1977. Sulitjelma Gruber var i si tid det største bergverket i Noreg. Der vann ein ut kopar, svovelkis og sink. Sulitjelma ligg i Fauske kommune i Nordland. Gruvene i Sulitjelma var i drift frå 1887 til 1991.

Folldal verk i Kvalsund. NFD på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.jpg?w=600

Bilete frå Folldal verk i Kvalsund i Finnmark, der det blei vunne ut kopar på 1970-talet. Kjelde: Nærings- og fiskeridepartementet på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

«Det grøne skiftet» dreiar seg om å redusere bruken av fossile brennstoff og redusere utsleppa av klimagassar. Ein skal erstatte fossile brennstoff med fornybar energi, det vil seie vasskraft, vindkraft og solenergi, altså utsleppfrie energikjelder. Dette gjer at behovet for mineral som kopar aukar. I Kvalsund i Finnmark er det funne store mengder kopar i fjellet, og regjeringa har opna for å etablere ei kopargruve der. Utfordringa blir kvar ein skal gjere av avfallet. Kopar er giftig, med langtidsverknad for liv i vatn. Store mengder koparpartiklar kan ha negativ verknad på fiskeegg og yngel.

Kopar blir brukt i legeringar, mellom anna i bronse og messing. Bronse er ei blanding av kopar og tinn, medan messing er ei blanding av kopar og sink. Har du nokon gong lurt på kva metall myntane våre er laga av? Einkroningen og femkroningen er laga av ei legering som inneheld 75 prosent kopar. Tikroningen og tjuekroningen er laga av ei legering med 89 prosent kopar. Kopar i rein form blir mellom anna brukt i transformatorar, radiatorar og kokekar. Vassrøyr, beslag, statuar og kablar er òg nokre av bruksområda.

Kopar kan vere giftig, men samtidig er det eit viktig næringsstoff for kroppen. 30 gram koparsulfat kan vere dødeleg for eit menneske. Symptom på at ein er koparforgifta, er kvalme, sterke magesmerter og diaré. Alvorleg forgifting kan mellom anna føre til at levra og nyrene sviktar, og ein kan døy. Kopar er eit essensielt næringsstoff, det vil seie at kroppen treng det, men greier ikkje å produsere det sjølv. Det finst kopar i dei fleste matvarene vi får i oss.

I kroppen er kopar nødvendig for at hjernen og nervesystemet vårt skal fungere. Kopar er mellom anna viktig i danninga av hemoglobin, som har som oppgåve å frakte oksygen rundt i kroppen.

Kjelder

Christoffer Sahl: «7 fakta om gruvedrift i Kvalsund», nho.no, publisert 21.2.2019: https://www.nho.no/tema/energi-miljo-og-klima/7-fakta-om-gruvedrift-i-kvalsund/ [lesedato 6.4.2019]

Klima- og miljødepartementet: «Grønt skifte – klima- og miljøvennlig omstilling», regjeringa.no, sist oppdatert 2.12.2014: https://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/klima/innsiktsartikler-klima/gront-skifte/id2076832/ [lesedato 6.4.2019]

Kristian Sjøgren: «Derfor må vi ha i oss kobber», forskning.no, publisert 11.6.2018: https://forskning.no/sykdommer-mat-og-helse-menneskekroppen/derfor-ma-vi-ha-i-oss-kobber/261703 [lesedato 24.1.2019]

Mads Løkeland: «Giftig gruveslam i Repparfjorden», gruve.info, publisert 17.2.2019: http://gruve.info/gruveslamrepparfjorden.pdf [lesedato 6.4.2019]

Universitetet i Oslo: «Periodesystemet. Cu, Kobber», periodesystemet.no: https://www.periodesystemet.no/grunnstoffer/kobber/ [lesedato 3.4.2019]

Tove Mette Mæland, Nordlandsmuseet: «Sulitjelma gruver. Den gamle malmveien», digitaltmuseum.no, sist oppdatert 17.11 2014: https://digitaltmuseum.no/011085443581/sulitjelma-gruver [lesedato 20.2.2019]

 

Peikarar

Opplev Karmøy: «Visnes», om Vigsnes kobberverk, visitkarmoy.no

Lene Melheim: «Det første metallet», norgeshistorie.no

Lars Geithe: «Røros kobberverk», bergstaden.org

Gruveselskapet Nussir: «Bruk av kobber», nussir.no

Først publisert: 27.06.2019
Sist oppdatert: 28.06.2019