Hopp til innhold
X
Innhald

Kringkastingsmonopolet

Kringkastingsmonopol er det same som å ha einerett til radio- eller fjernsynssendingar. NRK fekk einerett på kringkasting ved opprettinga i 1933 og hadde denne eineretten fram til 1981.

Kringkasting inneber utsending av lyd og/eller bilete via eit elektronisk kommunikasjonsnett. Då det norske kringkastingsmonopolet vart etablert i 1933, galdt det radioen. Seinare vart fjernsynet ein viktig del av monopolet. Den norske kringkastingsmonopolet likna den måten britane valde å regulere og organisere radio og fjernsyn på.

Folkeopplysning og nasjonsbygging stod sentralt då monopolet vart oppretta, og monopolordninga skulle hindre at kommersielle interesser styrte programinnhaldet. NRK var statseigd, men redaksjonelt uavhengig. Alle med radio- eller fjernsynsapparat vart pålagde å betale NRK-lisens. Stortinget og regjeringa skulle avgjere storleiken på lisensen, og slik setje dei økonomiske rammene for allmennkringkastaren. Radiolisensen vart avskaffa i 1976, men framleis vert NRK finansiert gjennom innkrevjing av kringkastingsavgift, lisens, frå alle dei som har fjernsynsmottakar.

NRK-plakaten set rammene og gir uttrykk for NRK sitt samfunnsoppdrag. I NRK-plakaten heiter det i § 19 at minst 25 prosent av innhaldet skal vere på nynorsk. Kravet om 25 prosent nynorsk vart vedteke av Stortinget i 1970.

Frå byrjinga av 1980-åra skjedde det store omveltingar i norsk mediepolitikk. Kåre Willoch si høgreregjering oppheva i praksis NRK-monopolet i 1981, då dei opna for kommersielle utanlandske aktørar gjennom satellitt-fjernsyn. Det vart òg opna opp for drift av nærradio. Lars Roar Langslet frå Høgre var kultur- og vitskapsminister i perioden 1981–86. Han spela ei sentral rolle i avskaffinga av kringkastingsmonopolet og i omdefineringa av NRK si rolle.

Ut gjennom 1980-åra skjedde det ei liberalisering av mediepolitikken. I 1984 vart det gitt 129 konsesjonar for lokalfjernsyn. I 1988 vart TV Norge etablert som ein kommersiell fjernsynskanal, distribuert gjennom kabel og satellitt. TV2 kom med sine første fjernsynssendingar i 1992.

 

Kjelder

Ketil Jarl Halse og Helge Østbye: Norsk kringkastingshistorie. Oslo 2003

Sture Kvarv: Norsk kulturpolitikk i det 20. århundret. Mellom ideologi og pragmatisme. Oslo 2014

 

Nina Didriksen og Jon Annar Fordal: «1980-tallet: Da monopolet sprakk og staven brakk», nrk.no, publisert 3.8.2010: https://www.nrk.no/oppdrag/fjernsynet-50-ar_-1980-tallet-1.7202228 [lesedato 5.11.2018]

NRK: «NRK-plakaten», nrk.no: https://www.nrk.no/informasjon/nrk-plakaten-1.12253428 [lesedato 29.11.2018]

 

Peikarar

Jon Annar Fordal: «Fjernsynets historie», nrk.no https://www.nrk.no/organisasjon/fjernsynets-historie-1.6512060

Først publisert: 26.03.2019
Sist oppdatert: 28.03.2019